1. Jacob Olsen Bergum f. 1797, drukna i Atnasjøen. Ein
har ikkje funne ut kva tid det var, og om han vart gravlagt ved Selskyrkja.
2. Ragnhild Olsdtr. Bergum f. 1799 gifta seg i 1824 med
Peder Olsen Pladsen, Han var sonen til Ola Iversen
uppigard Bu, f. 1777, (son av Iver
Pederson Horgje og Torø Espe) og Kari Pedersdtr Plassen (søre Kringen) (dotter til Peder
Jonson Plassen og Anne Jonsdtr).
Under FT-1865 er dei å finne som føderådsfolk på
Kringlen søndre, der ein av sønene, Ole Pedersen 38 år er gardbrukar. Han er gift med
Kari Imbertsdtr., 26 år, og har borna Ragnhild 5 år og Pernille 2 år.
Ragnhild og Peder hadde også borna:
- Ole Pedersen d.y. f.1843 ?
- Anne Pedersdtr. f.......død 1857
- Kari Pedersdtr. f.........død 1853
3. Iver Olsen Bergum f. 1802 gifta seg i 1829 med Torø
Syversdtr. Kleivrud, f. 1811. Ho var dotter til Syver Amundsen
nigard Bu og Torø Iverdtr.
uppigard Bu som kjøpte Kleivro i si tid.
Iver og Torø overtok på Bergum etter Borhild-Ola og
Kari, og dei fekk i alle fall 14 barn:
1. Ole Iversen f. 25/5-1830, gift med Olia Jakopsdtr
nørdre Eide
fra Sjoa. Han vart med tida brukar på Bergum, og var den som skilde frå Bollongen som
eige bruk, og let broren Syver ta over den delen.
Barn:
- Anne, f. 1859
- Tora, f. 1861
- Ingrid, f. 1866
- Ragnhild, f. 1868
- Iver, f. 1870
- Jakop, f. 1873, seinare brukar på Bergum.
2. Syver Iversen f. 18/1-1832, gift med Anne Olsdtr fra
Nord-Fron. Han tok over som brukar på Bollongen etter farbroren Peder Olsen. Han reiste
sidan til Amerika. Det er fortalt at han på vegen dit selde garden til Ingebrigt
Rudihagen frå Venabygd medan toget hadde opphald på Ringebu stasjon!
Barn:
- Olia, f. 1856, gift med Ola
Johannessen Ottbragden
i 1882.
- Kari, f. 1858
- Tora, f. 1860
- Iver, f. 1862
- Ola, f. 1864
- Amund, f. 1866
- Syver, f. 1869
- Anne, f. 1873
3. Iver Iversen f. 8/8-1833, gift med Anne Larsdtr frå
Svashølen under Bragelien i Nord-Fron. Dei brukte plassen øvre Bergum i si tid.
Dei hadde barna:
- Iver, f. 1864
- Tora, f. 1862
- Kari, f. 1866
- Ola, f. 1869
- Amund, f. 1871
4. Jacob Iversen f. 31/1-1835, gift med Marit Olsdtr fra
Nord-Fron, f. 1840. Bodde også på Bollongen, i "øvre Stuen" i 1875.
Barn:
- Tora, f. 1869
- Iver, f. 1871
- Anne, f. 1873
- Ola, f. 1875
- Sikkert fleire?
- 5. Kari Iversdtr. f.16/10-1836
- 6. Anne Iversdtr. f. 4/2-1839
- 7. Jacob Iversen f. 13/8-1841
- 8. Amund Iversen f. 21/1-1843 død 4/2-1852
- 9. Hans Iversen f. 19/8-1844
- 10. Tora Iversdtr. f. 19/6-1846
- 11. Paul Iversen f. 26/1-1850
- 12. Iver Iversen f. 15/10-1851
- 13. Amund Iversen f. 1/9-1855, kom til Vetlsætern.
- 14. Marit Iversdtr. f. 27/1-1858, vart gift til Plassen.
4. Ole Olsen Bergum f. 1805,
gift 1833 med Anne Olsdtr. Leinehagen f. 1809, dotter til Ole Johannesen
Leinehagen og kona Marit Mortensdtr. frå Stanviken, gardfolk i Leinehågån
i Kvam.
Ole Olsen kalla seg seinare Vollastuen, og i FT-1865 finn
ein han som gardbrukar og sjølveiger på dette bruket i Nordre Kvam, Nord-Fron. Der ser
det ut til at han bur som enkjemann saman med ein son, Paul Olsen, 16 år.
Om Vollastuen står det i boka til Einar Hovdhaugen
"Garder og slekter i Fron":
"Koloplass, fråskilt gardar i Kvam, unntatt Røssum,
i 1863. Selt av Iver Teige m.fl. til Ole Olsen for 70 spd. Har seter på Haugseter, og ein
liten utslått på vestsida av Laugen. Vollastugu har i 1865: 1 hest, 1 naut, 3 sauer, 2
geiter, og sår 1/16 t. rug, 3/8 t. bygg og ¼ t. poteter.
Den gamle Vollastugu på austsida av Laugen er nå tillagt
Ruststugun og ein del Kjørumslykkjen. Den gamle utslåtten eller heimsetra på vestsida
er sjølstendig småbruk."
Vidare i same boka finn ein i lista over utflytta personer
frå Kvam og Bræebygda:
- 1864: Ole Olsen Vollastugun f. 1845 til Tromsø
- 1867: Paul Olsen Vollastugun f. 1850 til Nordland
- 1870: Kari Olsdtr. Vollastugun 20 år til Rennebu
Vollastugun er eit såpass uvanleg namn at det er
nærliggjande å tru at desse personane også var born av Ole Olsen Bergum Vollastuen.
5. Peder Olsen Bergum f. 1808 gifta seg i 1841 med Imbjør
Jonsdtr. Haugen, 30 år.
Peder og Imbjør slo seg ned på Bolongstuen, der dei var
husmannsfolk under Bergum/Romundgard.
Dei fekk borna:
- Kari Pedersdtr. f. 1842 ? død 24/6-1853
- 1845 ?
- 1848 ?
- Marit Pedersdtr. f. 12/7-1850
- Ole Pedersen død 11/6-1853
I 1853, den 5. Mai, skjedde det tragiske at Imbjør
døydde i barsel. Guten ho fekk, overlevde heller ikkje, han døydde 11. juni. Kanhende
gjekk det ein eller annan sott, men i alle høve var det enda eit dødsfall i Bolongstuen
det året: Kari Pedersdtr. døydde 24/6-1853, berre 11 år gammal.
Peder Olsen Bergum Bolongstuen gifta seg opp att med
Ragnhild Isaksdtr.
Med Ragnhild får Peder fleire barn:
- Ole Pedersen f. 28/10-1855
- Kari Pedersdtr. f. 16/2-1857
- Isak Pedersen f. 19/1-1859.
Då Isak Pedersen vart boren til dåpen, har presten
skrive om foreldra hans i kyrkjeboka: Peder Olsen og avdøde kone Ragnhild Isaksdtr.
Bolongstuen. Nok ein gong mista altså Peder kona si i barsel, men sonen Isak levde
heldigvis opp.
I Ft-1865 budde Peder Olsen som enkemann på Bolongstuen
saman med borna Marit, Ole d.y., Kari d.y. og minsteguten Isak.

Bolongen på 1960-talet
6. Hans Olsen Bergum f. 1811 gifta seg i 1841 med Ymbjør
Eriksdtr. Taug, f. 1819. Hun var dotter til Erik Friksen ner-To, f. 1774, og Ymbjør
Hansdtr. f. 1781.
I FT-1865 finn vi Hans og Ymbjør (Ingeborg) som
gardbrukarar på Vangen søndre med barna:
- Ole Hansen 20 år
- Erik Hansen 15 år
- Iver Hansen 8 år
- Marit Hansdtr. 6 år
- Mathea Hansdtr. 1 år
7. Marit Olsdtr. Bergum f. 1814 gifta seg i 1841 med Peder
Olsen Øibreckbacken.
Peder og Marit finn ein i FT-1865 på garden Bakken
søndre, Kvam nordre, Nordre Fron. Dei hadde borna:
- Anne Pedersdtr. f. 16/5-1842
- Ole Pedersen f. 3/5-1846
- Ole Pedersen d.y. f. 4/4-1849
- Iver Pedersen f. 13/4-1853 død 22/4-1854
- Kari Pedersdtr. f. 18/8-1855
- Iver Pedersen d.y. f. 30/1-1859
8. Paul Olsen Bergum f. 1817 gifta seg i 1844 med Anne
Eriksdtr. Taug f. 1824, og syster til Ymbjør.
I FT-1865 budde Paul og Anne på ein plass under Bergum
kalla Paulsløkken.
(-eller Bergeløkken eller Bollongløkken, alt ettersom.)
Dei hadde da ei pleiedotter Imjer Olsdtr. 19 år gamal i 1865. Ho er venteleg ei dotter
til inderstar Ole Eriksen og hustru Imbjør Johannesdtr. Botten. Denne Imbjør Olsdtr. er
født 10/1-1847.
Paul Olsen og kona Anne finn ein att på Taug øvre i
FT-1875, og da har dei truleg til oppfostring to "fattiggutar med
fattigunderstøttelse":
- Ole Andersen født 1860 og
- Ole Johnsen født 1861.
Etter at Paul Olsen Bergum fløtte til Taug øvre, gjekk
han under namnet Stor-Pål Tho. Kari Pedersdtr. Bakken, systerdotter til Stor-Pål, som
vart gift til Ny-Sandbu, røpa i si tid ein "familieløyndom" om han.
Det vart sagt at Stor-Pål Tho var far til Anne Fredrikke
Bredevangen f. 1850, men fekk "innsett" ein annan som far; i kyrkjeboka står
det at ho var "uægte" dotter til Marthe Fredriksdtr. Bredevangen f. 1823, og
Ole Hansen Formo f. 1818. (Desse var søskenbarn!)
Stor-Pål hadde truleg mykje å tape på å vedkjenne seg
farskapen, han var tross alt gift, medan det for Ola Formo ikkje spela nokon rolle. Han
sto på spranget til å reise frå bygdasladderen - til Amerika.
I 1900 var Stor-Pål og Anne komne på fø'råa. Men i
folketellingslista står det Taug og Bergeløkken, føderaadshus eller søndre stue.
Bergeløkken er i 1875 avfolka, så dette må vera på Øvre Tho.
Brorsonen til Stor-Pål, Hans Iversen Bergum med huslyd
budde saman med dei.