Ei utgreiing om slektskapen mellomRommundgard og Bergum
Aud Sandbu
Ivar Kleiven skriv i boka si "I gamle Daagaa" om Romundgard:
I Kvarberg-heftet side 28: Denne Tord Person Sandbu var gift med Rønnaug Jonsdtr. Garmo (1749-1829) og hadde bl.a. sonen Tord Tordson Romundgard (1776-1851) som gifta seg med Ingri Iversdtr. Fellese (1776-1844). Dei fekk 5 barn.
Frå panteregisteret: Tinglyst 1799: Skjøte fra Thor Pedersen til Thor Thorsen på 5 Huder med underliggende Belgøen (?) for 1200 Rd. (Altså frå far til son.) Tinglyst 1835: Skjøte fra Thor Thorsen til Tosten Thorsen paa denne Gaard for 1500 Rd. (Dette må vera mellom brødrene Tord f.1801 og Tosten 1807-1875 Tinglyst 1866: Skjøte fra Tosten Thorsen Romundgaard til hans Svigersøn Johannes Stampen paa denne Gaard for 1800 Spd. (Altså er det edste barn/dotter Ingrid Tostensdtr. og mannen hennar som overtok på Romundgard etter denne Tosten.) **************************************************************************
Frå kyrkjeboka vedr. Bergumslekta: I sjeleregisteret 1736 finn eg Hans Jacobsen Rommengaard 23 Aar. Dette må truleg vera far til nedan-nemnde Jacob, som ein høyrer om i den muntlege historia om Bergum. I registeret over døpte barn i 1739, har eg funne:
I same register for året 1741:
Sjølv om faren ikkje er nemnd med stad-tilhørigheit, er det nærliggjande å tru at dette er "Bergumsfolk", men umogleg å avgjera om dei bur på Bergum. Dersom dei budde der, tykkjer eg det er rart at ikkje naboar av Bergum er fadderar, slik det kjem fram i seinare generasjonar. Men det er i alle fall ikkje tvil om at Jacob og Kari er syskjen. I registeret over døpte barn for året 1760 har eg funne:
Heller ikkje her er faren god å identifisera, men dette dåpsbarnet var det einaste eg fann som passa best i forhold til farsnamn, faddere og årstal, for i registeret over dødsfall i året 1853, finn eg:
Dette har igrunnen ikkje så mykje å seia for utgreiinga om Bergum-slekta bakover. Meir interessant er det å sjå på kausjonistane då Ole og Kari gifta seg.
Sistnemnde må vel vera Iver Erlandsen 53 år og gardmann på Tejgen (i Sjårdalen ?) i 1801. Han kan vera far til brura. Jacob Sandboe trur eg må vera Jacob Tostensen 70 år, husmann under Sandboe i 1801. Ser ein nærare på denne husmannsfamilien, er namna Jacob og Hans nytta (-i tillegg til Tosten) slik som hjå "Bergumfolket". Kan dette vera to greiner under Pål og Mari Romundgard ? Eg trur svaret på om "Bergumfolket" er den gamle Romundgardsætta, er å finne dersom ein også finn syskjen til Ymbjørg Pålsdtr. Romundgard. Det er i Kvarbergheftet nemnd ei Ragnhild Pålsdtr. Romundgard f.ca.1670 på side 198. Kanskje fanst det ein Hans Pålsen også, som vart far til Jacob Hansen som vart far til Hans Jacobsen 23 år i 1736....?
|