
Ekra
HOHM
Framsida
Plasser under Bræe
| Bræe |
Søre Bræe | Nørdre Bræe | Ekra
- Den delen
av Bræe som i dag er skild ut som Ekra, høyrde lenge til bispestolen på Hamar.
I "Akershus lens jordebok 1577-78", er den nemnt under "Ødegaarde och smaa
paarter" som "Biscops kierr Hammersgods" og skyldsett med 1 hud.
I "Akershus lens jordebok 1607-08", står den ført som "Bischops Eckre
Hammersgods", og er skyldsett til ½ hud og 18 mark fisk.
I 1668 vart Ekra kalla Bispe-lykkja ("Breden med Biscopsløchen og Nepperud").
Seinare vart namnet Bispe-Ekra, eller berre Ekra, brukt.
- Namnet var frå delinga på
1850-talet Ekren, Ekra i daglegtale. Men fleirtals dativ-forma Ekrom
har og vore brukt der det høvde, og denne forma ser no ut til å ha
festa seg i dageleg bruk.
Ingenting
tyder på at det før 1850 var nokon busetnad på garden. Jordvegen vart brukt saman
med den andre jorda på Bræe.
I nyare tid vart Ekra busett midt på
1850-talet, då Fredrik Hansson Bræe delte Bræe mellom sønene Fredrik, Ola og Knut.
- Knut Fredrikson,
gift med Anne Eriksdotter søre Kolloen frå Sjoa, slo seg ned på Ekra, og bygde nytt
gardstun der.
- Det vart flytta ei tvihøgda stugu frå søre
Kollo til Ekra og sett opp som våningshus. Truleg vart dei andre husa på garden sett opp
frå nyo. I 1856 vart det sett opp seterhus sør for Bræestulen på Bukjølen, og
seterkvea vart delt, slik at søre delen vart lagt til Ekra. Låven vart brukt saman av
både gardane, med eit golv kvar.
- Men Knut og huslyden vart mindre enn ti år på
Ekra. Broren Fredrik heldt på å gå frå
garden, og for å hindra det, tok Knut over som brukar på søre Bræe, medan Fredrik
flytta med huslyd til Ekra, og vart buande der si levetid.
- Då Fredrik Fredrikson døde, gjekk Ekra attende
til hovudbølet, og Knut overlet garden til tredje sonen sin, Edvard Knutson.
-
Edvard
Fredrikson var gift med Bina Iversdotter uppigard Bu. Dei fekk fire born, og brukte
Ekra til 1919, då eldste sonen Kristian tok over som brukar.
Edvard fall frå i 1918.
-
Kristian Ekren hadde garden berre fire år. I
1923 selde han Ekra til Marit
syster si
og mannen hennar, Einar Syverson Ryen.
-
Kristian heldt att den
fråflytta husmannsplassen Bondestad, og flytta dit med mor si.
Det er i dag dottersonen til Marit og Einar Ryen som eig og driv Ekra.
|