Framsida
Plasser under Bræe
Plassen Bondestad vart truleg rydda
fyrst på
1750-talet, av ein Bonde Hansson, født pålag 1725, og som vanleg var, fekk plassen namn etter fyrste
brukaren. Bonde er eit sjeldsynt namn i Nord-dalen, ein finn det mest berre i Lesja/Dovre.
Men truleg er det den Bonde Hansen som 11. januar 1750 vart gift med
Ragnhild Endresdtr i Vågå. Causjonistar ved vielsen var Østen Kvarberg og
Hans Helle. Ragnhild og Bonde døyper to barn, Anne Bondesdotter i 1752, og Hans Bondeson
palmesøndag 1754 i Sel, med faddarane: Fredrik Breden, Knut Vangen, Ole
Breden, Tora Einangen og Kari Kleivstuen. Bonde Hanson er
også nemnt som vitne i ei rettsak om uppigard Bu i 1758. Han døde i 1788, 63
år gamal.
- Neste brukar i Bondestad er Rasmus Mortenson
Brenden, gift 4. januar 1778 med Brit Pålsdtr. Bergum.
- Rasmus var født i 1740 i Runningen på Lalm,
som son av Morten Rasmusson Runningen og Lisbeth
Bolongen (?). Rasmus og Brit, født 1745,
hadde budd ei tid på Bolongen, og alle borna er døypt medan dei budde der. Rasmus fekk
så tinglyst kontrakt på Bondestad i 1793, som ein av dei fyrste i bygda etter
forordninga av 1792.
Rasmus og Brit hadde barna:
-
Lisbet født 1778, død 1779.
-
Pål født 1780,
-
Lisbet født 1784,
gift med Ola Jakopson Steine frå Kvam. Dei vart plassfolk i
Klomstadlien.
-
Anne født 1789.
Rasmus døde før 1801, men
finns ikkje gravlagt i Sel. (Ikkje gravlagt i Fron eller Dovre/Lesja heller. Kan være at
presten i Vågå gløymde å føre inn gravferda til Rasmus i kyrkjeboka.) Brit sat
som enke i Bondestad til ho fall frå i 1809.
I 1809 vert det så nye plassfolk i
Bondestad. Ola Johannesson Myrum med kona Rannei og dottera Imbjør har flytta inn.
Ola var født i Myrum under Åsåren i 1781,
som son av Johannes Hansson Selsjord og Ymbjør Knutsdtr
Brævangen. Han gifta seg 13.
oktober 1805 med Rannei Bersvendsdtr Hjellum. Ho var dotter av Bersvend Olson Hjellum og
Randi Eriksdtr Stanviken.
Ola og Rannei fekk desse borna:
-
Imbjør, født 1805, gift med (1) Syver
Larsson søre Buflåten (skilsmisse i 1829), (2)
Erland Jakopson midtre Buflåten, (3) Syver
Larsson Britstuen.
-
Bersvend, født 1809, gift med Rønnaug
Pedersdtr Gråvåmillom.
-
Randi, født 1813, gift med Ola Olson
Dahleslåen. Dei reiste til Nordland, og bur i 1865 på søre Hamsund på Hamarøy.
Dei slo seg ned på plassen Rota/Rødelv i Hamarøy, og har stor etterslekt.
Plassen er fortsatt i deira eige.
-
Eli, født 1815, døde ugift i Bondestad i
1844.
-
Johannes, født 1817, gift med Kari
Pedersdtr Sørjordet under Gammel-Sandbu.
Dei kom til Hamarøy ca.1850 og
kjøpte garden Kråkmo. Dei har stor etterslekt og garden er fortsatt i familiens eige.
Det var på Kråkmo at Hamsun leigde seg inn da han skreiv Markens Grøde.
-
Ola, født 1821, gift med Marit Olsdtr
Oddestuen. Dei drog også til Hamarøy og budde fyrst hos Johannes på
Kråkmo, men flytte til nabokommuna Steigen, der dei slo seg ned i Dypingspollen. Plassen
er fortsatt i familiens eige, og dei har stor etterslekt.
-
Ola, født 1825, gift med Tora Halvorsdtr
Slåen. Dei hadde ein plass under øvre Åsåren, som dei og kalla Bondestad, men
dei flytta også til Hamarøy, der dei slo seg ned, og har stor etterslekt.
Ola Bondestad døde alt i 1826, berre 45 år
gamal. Saman med Anders Fredriksen Bræe og
Hans Knutsen Brævangen gjekk han gjennom isen
og drukna den 10. april dette året.
Alle tre vart gravlagt ved Selskyrkja den
25. april 1826.
Rannei dreiv plassen så godt ho kunne til sonen Bersvend tok over som husmann. Ho
fall frå i 1854.
Bersvend Olson tok over som husmann i
Bondestad etter foreldra. Han vart gift med Rønnaug Pedersdtr Gråvåmillom i 1833.
Dei fekk desse borna:
-
Marit, født 1834, gift med Ole Erlandsen
Stanviksranden i 1856. Dei budde på Sigtrudplassen under Ny-Sandbu.
-
Ole, født 1837, gift med Ragnhild Jonsdtr
Vassbakken under Ulsvolden. Dei bur i 1865 i Bondestad med sonen Bersvend, som er tre år
då.
-
Peder, født 1840, gift med Marit Jonsdtr
Vassbakken. Vart husmann på midtre Buflåten.
-
Mari, født 1843, gift med Peder Pederson
Tullut.
-
Eli, født 1846, gift med Arne Syverson
Karistuen under Olstad på Sel. Han var skomaker, og paret budde i 1875 i "Nedre
Stuen" i Bondestad. Dei sette seg opp eit hus, Skriu, norda Plassen.
-
Rannei, født 1849, budde i 1875 i
"Nedre Stuen" i Bondestad. Vart seinare gift med John Hanson
Jonsgard. Kom til
Svingen.
-
Ragnhild, født 1852, budde i 1875 i
"Nedre Stuen" i Bondestad. Ho fekk i 1880 ein son Bersvend med Hans Knutson
midtre Resset, men vart i 1889 gift med Johannes Olson
søre Brenden.
-
Johannes, født 1855. Han døde ugift i
Bondestad i 1874.
I 1855 vart Bersvend husmann under Ekra, då
Bræe vart delt.
I 1865 fora dei 4 kyr og 11 sauar på
plassen, og utsæden var 1/2 tønne bygg og 2 tønner poteter. I 1875 har dei 4 kyr og 13
sauer.
Rønnaug og Bersvend er førådsfolk i 1875.
Bersvend Bondestad fall frå 23. januar 1888, Rønnaug vel ti år etter, 24.
februar 1898. Ho budde då hjå dottera Eli i Skriu.
- Ola og Ragnhild vart siste husmannsfolka i
Bondestad. I 1875 har dei sønene Bersvend, født 1863, John, født 1865 og Ola
født 1880, død 1898 i
nørdre Brenden.
- Ragnhild døde i 1877, og alt året
etter gifta Ola seg oppat med Kari Pedersdtr Øyen (Bilbenseie) frå
Heidalen. Saman fekk dei sonen Peter i 1887, og dottera Rønnaug i
1890.
- Men så flytta Ola og familien til
nørdre Brenden og vart plassfolk
der. Der fekk dei ei dotter Ragnhild i 1894.
I 1900 er Bondestad altså fråflytta, og dei fleste
husa er rivne. Berre låven står att.
(Bersvend Olson Bondestad, bur i 1900 i
Evjudalen i Nord-Fron med kone og fem barn. Han er skogvokter, og bur i bryggerhuset i
"Skoghytten".)
- I 1923 selde Kristian Ekren garden
Ekra til systra Marit og mannen hennar,
Einar Syversen Ryen. Men han heldt att Bondestad, dit han flytta med
mor si.
- Kristian Ekren var son av Edvard Knutson
Breden og Bina Iversdotter
uppigard Bu. Han tok over som gardbrukar på Ekrom i 1919.
- Mora kom frå ei slekt med sterke røter i
haugianer-rørsla, båe bestefedrane hennar var sentrale i Thrane-rørsla i Sel, og
far hennar dreiv ei tid som emissær innan baptist-rørsla. Denne bakgrunnen prega nok
Kristian alt frå barndomen, og han vart ein djupt religiøs mann som med tida vart
ståande sentralt i baptist-rørsla i bygda.

Kristian Ekren som ung.
Kristian bygde etterkvart nye hus, utbedra jordvegen, og var på
fleire måtar ein spesiell gardbrukar. I tida før krigen hadde han ikkje hest, men brukte ein
okse som trekkraft. Denne både pløygde og køyrde for med. Om hausten tok han
måså som dei andre gardbrukarane, heldt jamvel fram med dette til langt utpå
50-talet! Han hadde sølvrev, og byrja med spelsau, noko som var heller
uvanleg i Bræbygden på den tida. I 1943 gifta Kristian seg med Bergljot
Støsrusten frå Kvam.
Kristian Ekren døde 27. november 1969. Bergljot fall frå 5.
mai 1979. Det er idag eldste sonen til
Bergljot og Kristian Ekren som eig Bondestad.

Bondestad idag.
|