|

Brånåløkken
HOHM
Framsida
Plasser under Breden
Den 4. september 1791
vart Kari Olsdtr vigd til Johannes Jonsen Nølien frå
nord-Sel. Kari var 20 år gammel, født i 1770. Ho var truleg dotter
til Ola Hansen Kvernhussletten og
kona Marit Syversdtr. Johannes var 28, født i 1763 som
son til Jon Olsen Nølien (søre Olstadeie). Kausjonistar var Paul Tho
og Ole Åsåren.
Paret budde ei tid på Dahle; fyrste barnet er
født der. Sidan slo dei seg ned som plassfolk under Bræe, i dei
ulendte og steinute bakkane nord for Solgjemsbergom. Frå rå rot
braut dei nokre jordflekkar mellom bergrabbane, knapt nok til å
brøfø seg og sine. At det var mykje slit, vitnar steinrøysene og
steingjerda kring jordlappane om. Plassen vart kalla Brånålykkja.
Sonen Jon fikk dei same året dei gifta
seg, og siden gjekk det slag i slag. Det vart sju ungar på talet:
- Jon født 1791,
- Ole født 1794, døde i
1804.
- Ingeborg født 1798,
gift med Ola Andersen Heringstadeie i 1820. Dei er innerst i
Djupdalen (Bjørstadeie) i 1865.
- Fredrik født 1800,
- Hans født 1804, gift
med Anne Tordsdtr Kringeneie. Dei vart plassfolk i
Bruranda.
- Marit født 1807, gift
med Jon Andersen Solgjemsbergum.
- Ola født 1810, gift
1844 med Anne Olsdtr, enkje i
Kvernhussletten.
- Østen født 1810
(tvillinger),
- Johannes født 1812,
kom til
Vetlhaugen.
Jon Johannessen vart neste husmann i
Brånålykkjun. Han vart gift med Kari Larsdtr Tamburstuen
(Loftsgårdseie) i 1817, og tok vel over plassen samstundes. Men
førådsfolket heldt ut lenge: Gamle Johannes Jonsen fall frå i 1837,
80 år gamal. Det var ein høg alder på den tida, men kona Kari
overlevde han med heile 24 år! Ho døde i 1861, 97 år gamal!
Jon og Kari fekk
desse barna:
- Johannes født 1817,
gift med Gunnild Hansdtr Moeie i 1841. Gardbrukar i nedre
Kolbotten på Selsverket i 1865.
- Lars født 1821,
ugift. Budde all sin dag i Brånålykkjun. Han døde i 1900.
- Ola født 1825, gift
med Ymbjør Pedersdtr Solgjemseie i 1846. Dei vart plassfolk i
Flekken i Høgkringom.
- Fredrik født 1828,
gift med søskenbarnet sitt, Kari Johnsdtr Solgjemsbergum.
- Jon født 1831, døde i
1837.
- Kari født 1834. Døde
same året.
- Anders født 1836,
ugift. Han er tjenestkar på Mæhlumsvangen i 1865, men flytta
sidan attende til Brånålykkjun, og er manntalført der i 1875.
Flytta til Porsgrunn i 1886.
Fredrik født 1828,
gift med Kari Johnsdtr Solgjemsbergum i 1857, tok over plassen etter
foreldra.
Barn:
- Jon født 1857
- Marit født 1859
- Kari født 1862
- Johannes født 1864.
- Iver født 1868
- Fredrik født 1871
- Synne født 1873
I 1865 er
jordveigen i Brånålykkja delt i to bruk, men det er hus berre på
nedre delen.
I nedre
Brånålykkja driv husmannen Ola Johannessen og kona Anne
Olsdatter. Dei hadde brukt
Kvernhussletten fram til 1858, då dei flytte til Brånålykkja
att. I 1865 har dei fire sauer, sår ei halv tønne bygg og set ei
kvart tønne poteter. Anne døde i 1868, Ola gjekk bort i 1895, 90
år gamal.
Øvre Brånålykkja
driv Fredrik Johnsen og kona Kari Johnsdatter med fire barn.
Saman med dei bur også foreldra til Fredrik, Jon Johannessen og
Kari Larsdtr, og den ugifte broren Lars. Huslyden før ei ku og
tre sauar, og sår 3/8 tønne bygg og ei tønne poteter.
Ti år etter, i
1875, er det store endringar i Brånålykkjun. Jordveigen blir no
driven som eit bruk at. Fredrik Jonsen og Kari Jonsdtr som var
plassfolk i 1865, har flytta til grannebruket Solgjemsbergum,
der Fredrik er husmann etter svigerfaren Jon Andersen.
Plassfolk er
Ola Jonsen og Ymbjør Pedersdtr, som tidlegare budde på plassen
Flekken i almenningen. Dei bur i eine stugu med barna
- Ymbjør født
1853, gift med Hans Olsen
Sigtrudplassen i 1881.
- Rønnaug født
1857,
- Jon født 1859,
gift med Marit Jonsdtr Solgjemsbergum i 1886, og
- Iver født 1862
.
I "Gamlestuen"
bur foreldra til Ola, Jon Johannessen og Kari Larsdtr, som båe
er på legd og "Forsørges af Bygden ". Her bur også brørne hans,
Lars og Anders, og farbroren Ola Johannessen med dottera Mari og
svigersonen, skomakermester Hans Syversen Karistuen med deira
dotter på eit år.
Plassen før
ein okse og ei ku, ein kalv, 12 sauer og 30 geiter. Utsæden er
1/8 tønne rug, ei halv tønne bygg, ei kvart tønne blandkorn og
to tønner poteter. I tillegg sår dei 1/8 tønne rug, 2/8 tønne
bygg og ei tønne poteter i Flekken.
I 1877 døde så gamle
Jon Johannessen, 87 år gamal. Kona Kari Larsdtr vart 86 år gamal. Ho
fall frå i 1879.
- Då Ola Johannessen døde i
1886, flytta dottera Mari med familien inn hjå svigerfaren i
førådsbygnaden i Karistugu.
- Samstundes flytta Ymbjør og
Ola tilbake til Flekken saman med sønene Jon og Iver. Iver budde
i Flekken til i 1887, då han meldte utreise til Ringebu.
- Ymbjør Pedersdtr døde i
Flekken i 1900. Ola Jonsen døde samme sted i 1902, båe som
fattiglemar.
Inn som plassfolk i Brånålykkjun kom no
Ola Hansen Svingen og kona Torø Olsdtr frå midtre Slåen. Dei var
gifte i mai 1887, og tok vel over plassen samstundes. Med seg hadde
dei foreldra til Ola, Hans Olsen Svingen og Anne Jonsdtr frå
Jonsgard.
21. mai 1891 fekk Torø og Ola ei
dotter. Men Torø døde berre to dagar etter fødselen. Dottera vart
døypt Torø etter mora, men ho døyde 27. november same året. Hans
Olsen Svingen døde i Brånålykkjun i 1893, 70 år gamal.
Systra til Ola, Marit Hansdtr, gifta
seg i 1891, med Ole Pedersen Storstein frå Selsverket. Dei budde
nokre år i Brånålykkjun, og fekk ei dotter der i 1894. Ho fekk
namnet Ragna, men døde like etter fødselen.
Ole Pedersen med familien tok
etternamnet Sten, og bur i Brustad i 1900. Han er
bygningsarbeidar. Anne Jonsdtr er manntalsført både saman med
dei, og i Svingen, der ho bur saman med barnebarna Rønnaug, Hans
og Anne i 1900. Ho
”Lever af Haandarbeide, særlig Spinding. Understøttes af
Fattigvæsenet”.
Ola Hansen
Svingen født 1860, finn vi i 1900 som jernbanearbeider i nedre
Stjørdal. Han er gift med Brita Kjelsen frå Sverige, og har ei
nyfødt dotter Kristine.
I 1900 er Brånålykkja fråflytta og
jordvegen utlagt. Idag er det berre murane, røysene og steingardane
att etter denne plassen, som på det meste husa 14-15 menneske.

I brattlende nedanfor Næprudberget, ved det
gamle råket til øverbygda, ligg Friklykkja,
ein liten jordlapp med steingard rundt.
Lykkja er venteleg kalla etter husmannen
Fredrik som her brukte ledige
stunder på 1860-talet til å flytta enda nokre tonn med
stein for å gjera armoda litt mindre for seg
og sine.
|