Fredrik Fredrikson
Bræe
HOHM
Framsida
Fredrik var født i 1813, og var i 1852 gift med Torø
Olsdtr Blekastad frå Sel. Det vart han som tok over Bræe då faren, Fredrik Hansson,
fall frå i 1842. Det var ein eldre bror, Hans, men han var ugift, og var truleg heller
ikkje skikka som gardbrukar.
Fredrik var ein ustadig kar. Før han vart gift, fekk han
tre søner med tre ulike gjenter i bygden, han var "hard på flaska", og heldt
etter kvart på å setja garden over styr. I 1845 forpakta han bort garden til brørne Ola
og Knut for 10 år, fram til 1855. Men i 1866 gjekk det ikkje lenger, og han og broren
Knut makeskifta eigedomane sin. Knut tok over på søre Bræe, og Fredrik flytta til Ekra,
garden som Knut hadde teke i bruk ti år tidlegare. Her vart han buande med familien til
han døydde i 18? Torø fall frå i 1903.
Torø og Fredrik hadde desse borna:
Fredrik, 1853 - 1933. Gift med Mali Thomasdtr Evjen frå Meråker.
8 barn.
| Fredrik Ekrem, som han skreiv seg, var
ein vidreist kar. Som 21-åring drog han til Nord-Varanger på veiganlegg, og var jamvel
ein tur inn til Arkangelsk i Russland. Sidan var han med på Lofotfiske ein
vår, før han byrja på Meråkerbana i 1877. Etter det heldt han fram ved jernvegen: ved
Bergensbana ved Voss, ein tur i Sverige 1885-86, jernvegsanlegg på Hadeland, Ringsaker,
Ringebu, Froland, Dovre, Minnesund og Sunnan i Nord-Trøndelag. Fyrst som arbeidar og
akkordformann, sidan som oppsynsmann. Då han slutta ved jernvegen i 1921, fekk han
Kongens Fortjensmedalje. Han kjøpte ein eigedom ved Ringebu stasjon, og døydde der den
15. juli 1933. Han og kona er gravlagt på Grefsen i Oslo. |
Marit, f. 1854 - 1926. Gift og busett i
Valdres, med Amund Øyen. Ei dotter.
| Marit fekk som ungjente eit barn med
Amund Olson Selsjord. Ho klarte å halda svangerskapet løynd, og ved fødselen drap ho
barnet og kasta det på elva ved Brævangen. Men kroppen flaut iland ved Heradalen, og
Marit fekk tukthus-straff på Akershus for ugjerninga. Då ho slapp fri, reiste ho til
Valdres. |
Ragnhild, f. 1857 - 1926. Gift med Ola
Pederson Smedstuen frå Selsverket.
Ola, f. 1859 - 1933. Arbeidde ved
Kykkelsrud kraftverk.
Anne, f. 1862 - 1937. Dreiv i mange år
ein kafè på Hamar. Ho budde siste leveåra sine på nørdre Bræe.
Hans, f. 1865. Døde ung.
Fredrik hadde desse borna før han vart gift med Torø:
- Med Ingri
Amundsdtr. Slåen:
Hans Fredriksen Resset, født 18. april 1842.
- Med Imbjør Olsdtr. Selsjordeie (Jordet):
Jacob Fredriksen Jordet, født 14. november 1844
- Med Kari Olsdtr. Selsjordeie (Jordet), syster til
2: Fredrik Fredriksen Jordet, født 4. mai 1845.
|