
Nedre Næprud idag.
HOHM
|
Plasser under Bræe | Øvre Næprud | Næprud
Ragnhild og Anders Næprud vart barnlause på plassen som frå 1794 vart kalla nedre Næprud. Då brordotter til Ragnhild, Ragnhild Hansdtr øvre Næprud gifta seg med Ole Mikkelsen Ottekren i 1816, vart det desse som vart nye plassfolk i nedre Næprud - Anders og Ragnhild vart førådsfolk. Anders døde i 1836, medan Ragnhild levde til 1849.
Ragnhild Hansdtr. øvre Næprud vart gift med Ola Mikkelsen Ottekren i 1816. Ole var født 1791 som son til Mikkel Engebrethsen uppigard Bu og kona Synnev Pedersdtr Ottekren. Ragnhild og Ola fekk sju born:
Men Ola døde alt 1834, berre 43 år gamal, av "nervefeber". Ragnhild dreiv nå nedre Næprud som "husmann" under Bræe, berre med hjelp av borna. Det gjorde ho heilt til i 1852, då sonen Hans gifta seg og tok over plassen med plikter og rettigheiter, no som husmann under Ekra.
Ein kan enno fylgje den gamle vegen forbi husa i Næprud. Brit og Hans fekk seks born:
I 1865 hadde Brit og Hans fire kyr og 16 sauer. Dei sådde 2 tunner bygg og sette to tynner poteter. Og Hans var einaste husmannen under Bræegardane som hadde hest! I 1875 er det meir variert drift i nedre Næprud. Hesten er borte, og dei har berre ei ku. Men dei har tre kalvar, tre sauar og 26 geiter! Dei sår rug, bygg og blandakorn, og har både poteter og kålrot! I 1900 er det framleis Brit og Hans som driv plassen. Hans er 72 år, Brit eit år eldre. Eldstesonen Ola er ute på anleggsarbeid, han "sender mynt" til kona Aslaug Kittilsdtr, som og bur med borna deira i nedre Næprud.
Ola Hanssen fekk i 1877 eit barn med med Anne Johannesdtr. Lillehaugen, dotter til Johannes Johannesen Brånåløkken og Tora Østensdtr. Ødegården frå Vågå:
Med kona Aslaug Kittilsdtr.fekk Ola 7 born:
22. april 1904 reiste eldste sonen til Aslaug og Ola, Hans Kornelius, til Canada, og året etter, 16. juni 1905, reiste Ola etter. Han er då 49 år gamal, og bruker Breden som etternamn. 3. august 1906 fylgjer så Aslaug og resten av borna etter.
I "Gåmålt og nytt frå Sel", bind II, 2002, skriv Marit Breden Romsås om "Næprudfamilien som utvandra til Amerika". Det er stor etterslekt etter Ola og Aslaug frå Mexico til Canada, og dei ser ut til å ha skikka seg vel i den nye verda. 26. juli 1905 døde Brit Knutsdtr, Hans fall frå 12. mars 1909.
Frå 1909 til 1931 var det fleire familiar som budde i nedre Næprud. I 1931 vart bruket frådelt søre Bræe og seld til Kristian Hansen Næprud. Han var son til Hans og Marit Næprud i Solgjemslien, og altså soneson til Ola Hansen Næprud. Kristian H. Næprud var gift med Ragnhild Hansdtr. Mæhlumshaugen, født 1900, dotter til Hans Olsen Mæhlumsløkken og Ragnhild Svendsdtr. Slette. Kristian Næprud fall frå i 1966, Kona Ragnhild omkom etter skadene ho fekk da ho vart påkjørt av en bil i 1971. Ragnhild og Kristian hadde sonen Hans født 1926. Han selde Næprud i 1967, og idag er bruket pietetsfullt istandsett feriebustad for ein familie frå Bærum.
|