| Framsida Plasser under uppigard Bu
Som nemnt tidlegare, var det Lars
Syverson nørdre Loftsgård, gift med Marit Iversdotter
uppigard Bu, som fyrst slo seg ned
på søre Flåten. Dei byrja rydding av bruket i 1803.
Med tida fekk dei ti born:
-
Syver, født 1799. Han vart gift med Imbjør
Olsdotter Bondestad i 1824, og fekk ei dotter,
Marit (seinare gift med Jo Johannesson Solgjemslien). Men året etter, i 1825 reiste han
til Trysil, og 10. oktober 1829 vart ekteskapet oppløyst. Same året vart han gift med
Kersti Olsdotter Mehagen. Han kjøpte garden Hammersgård i 1840. Syver og Kersti hadde
ein son, Halvor Syverson.
-
Torø, født 1803. Vart gift med Elland
Røssumslien frå Kvam. Dei fekk ei dotter, Anne, som vart gift med Knut
søre Einangen,
og ein son, Ola, som vart gift med Anne Olsdotter, dotter til Ola Fredrikson Bræe som
dreiv nørdre delen av Bræe.
-
Iver, født 1807. Gift med
Ymbjør Olsdotter Ottekra. Iver tok over bruket etter foreldra.
-
Mari, født 1810.
-
Kristen, født 1812. Gift med Marit Guttormsdotter
nørdre Brenna. Dei rydda plassen Linlykkja under ner-Dale. Dei fekk stor etterslekt.
Mellom anna var Adolf Gundersen (Vetlrusten) av etterkomarane deira.
-
Ola, født 1815, død 1815 (tvilling).
-
Ola, født 1815, død 1815 (tvilling).
-
Ola, født 1816, truleg død 1816.
-
Ola, født 1817. Han vart gift med Anne
Halvorsdtr midtre Slåen i Ottdalen, og har etterslekt.
-
Ragnhild, født 1821. Reiste til Nordland i 1850.
Iver Larsson og Ymbjør Olsdotter
tok over bruket pålag 1834. Dei fekk desse borna:
-
Marit, født 1834, gift med Ola Olson
Veggumsløkken (Banken).
-
Mari, født 20. september 1836, og heimedøypt 2.
oktober av Erland midtre Flåten. Ho vart gift med Peder Olson Toløkken.
-
Lars, født 1840, død 1877
-
Anne, født 1842, gift med Ola Olson Fladmoen frå
Nord-Fron.
-
Kari, født 1846, gift med Jo Jonson
Skalet.
Gamle Marit Iversdotter døydde
7. juli 1840.
Mari Iversdotter Buflåten vart i
1855 gift med Peder Olson Toløkken. Dei var tremenningar (far til Peder var frå uppigard
Bu.) Dei busette seg og på søre Buflåten, og Peder tok over som husmann då verfaren
fall frå i 1874, og Ymbjør kom på fødråd.
Mari og Peder fekk fem barn, men
ingen av dei vart værande på Flåten. Då dei gamle fall frå på 1890-talet, vart
bruket ståande ubudd til 1906.

Saufjøset og smiu på søre Buflåten
Petter K. Skurengslien, gift med
Marit Jonsdotter søre Einangen, fekk tinglyst husmannskontrakt
på søre Buflåten 29. juli 1906. Dei dreiv plassen til dei kjøpte
nørdre Endrestad i
1916.
Etter ei branntakst dagsett 22.
juni 1875, var det desse husa på søre Flåten:
Nørdre stugu
med bakstugu, søre stugu, stabbur med loft, sauefjøs med trev, stall med trev, låve,
fjøs, steinfjøs med trev, smie. |
|
Sum 250 sp.daler. |
Setra var ikkje
med i branntaksta.
|