|

Hjellum i 1949
HJELLUM
HOHM
Framsida
Ottbragden
Øvre Ottbragden eller Hjellum med skyld 3 skinn fall
altså på Bersvein Olsen.
Han var gift med Randi Eriksdtr
Stanviken, født i 1752. Dei
fekk ialt sju born:
- Marit Bersveinsdtr., døypt
28. april 1776, død i 1811, gift fyrst i 1805 med Hans Olsen
Furuløkken, født 1778, død 1810. Gift andre gongen 1811 med
Ole Hansen Sørjordet. Dei var husmannsfolk i
Sørjordet under Sandbu.
- Rannei Bersveinsdtr., døypt
18. januar 1778, død 1854, gift 13. oktober 1805 med Ole
Johannesen Myrum. Dei vart plassfolk i
Bondestad.
- Ola Bersveinsen, døypt 19. november 1780. Tok
over på Hjellum etter
foreldra sine.
- Ragnhild
Bersveinsdtr., født 1784, gift i 1806 med Guttorm Jonsen Brenden. Dei vart plassfolk i nørdre
Brenden under Bræe.
- Erich
Bersveinsen, født 1789, død 1867, gift i 1816 med Kari Jakobsdtr.
Bredevangen.
Dei kom til Nestuguhaugen under Mæhlum.
- Anne Bersveinsdtr., født
1792, død 1875, gift i 1819 med Johannes Olsen Mælumsløkken.
Dei var plassfolk i Fiskelykkjun under Mæhlum
- Marit
Bersveinsdtr., født 1796 død 1837, gift i 1835 med Peder Olsen
nørdre Kringom. Plassfolk i Formofetten under Formo.
I 1801 bur desse på Hjellum:
- Bersend Olsen
- Randj Eriksdtr
- Ole Bersvendsen
- Erik Bersvendsen
- Anne Bersvendsdtr
- Marit Bersvendsdtr
|
- husbonde og gaardbruger
- hands kone
- deres børn
|
- 60 år
- 49 år
- 21 år
- 12 år
- 8 år
- 6 år
|
Ola Bersveinsen tok over garden etter faren alt i
1807. Han vart gift 12. juni 1808 med Kari Mikkelsdtr. Mostugu, født
1783. Dei fekk tre barn:
-
Ragnhild født 1808, død same året.
-
Ola født 1811, og
-
Berit født 1815.
Men Kari døde i 1817, og Ola gifta seg oppatt
eit halvt år seinare med Mari Syversdtr Geitsida. Dei fekk desse
barna:
-
Kari født 1818, død 1864. Ho gifta
seg i 1839 med Fredrik Hansen
nørdre
Endrestad.
-
Bersvein født 1821, død året etter.
- Men Ola døde alt i 1822, og Kari vart sitjande att med
den gamle svigermora og fire mindreårige barn. Det gjekk
galt, og garden vart seld på tvangsauksjon til
- Ola P. Håkåstad frå Vågå for 310 spd. Dei to enkjene
fekk i tillegg ei lita føråd, og broren til Ola, Erik
Bersveinsen, fekk rett til å slå stein i eit skiferbrot som
låg til garden.
Ola Håkåstad selde Hjellum vidare til Iver
Sjugurdsen Garden frå Skårvangen i Vågå. Skjøte er dagsett 3.
september 1834, og salsummen er 400 spd.
Iver Hjellum, som han no vart kalla, var gift med
Marit Eriksdtr Andvordstrædet frå Lom. Dette to sette garden i god
stand, og fekk fire søner, alle store og kraftige karar som nådde
høg alder:
-
Sjur født 1828, død 1907.
Tok over garden etter faren.
-
Eirk født 1831, gift med ei dotter
frå Hanslien på Lalm. Han dreiv med gruve- og
vegarbeid i unge år. Sidan dreiv han Hanslie i 45
år. Han var framifrå til å fortelja soger, og Ivar
Kleiven skreiv ned mykje etter han. Erik fall frå i
1925.
-
Jo født i 1837, vart gift
med Marit Hansdtr ner-To. Dei kjøpte
søre
Einangen i 1873, og vart husbondfolk der. Jo
døde i 1919.
-
Ola født 1842. Han vart gift med
Ragnhild Johannesdtr Ottbragden. Dei kjøpte nørdre
Sørlie på Lalm. Ola var mykje med i kommunalt styre
og stell, og var god til å skrive for seg. Han døde
i 1927.
Etter folketeljinga i 1865 er desse busett på
Hjellum dette året:
- Iver Syversen
- Marit Eriksdtr
- John Iversen
- Ole Iversen
-
- Syver Iversen
- Imbjør Olsdtr
- Iver Syversen
- Ole Syversen
- Marit Syversdtr
- Ole Olsen
- Sigri Hansdtr
|
- Husfar, gaardbruger og selveier
- Hans kone
- Deres Søn, Hjælper Far
- Deres Søn, Hjælper Far
-
- Deres Søn, Bruger Halvten af Gaarden
- Hans
Kone
- Deres Søn
- Deres Søn
- Deres Datter
- Tjenestekarl
- Tjenestepige
|
- 63 år
- 59 år, Lom Præstegjeld
- 28 år
- 23 år
-
- 37 år
- 34 år, Frons Præstegjeld
- 9 år
- 4 år
- 6 år
- 18 år
- 20 år
|
Garden før no 2 hestar, 10 kyr, 26 sauar , 25 geiter
og 2 grisar.
Syver Iversen tok etter faren. Han var gift med
Ymbjør Olsdtr Storrusten, født i 1831. Dei fekk barna:
-
Ola født 1861. Vart neste brukar på
Hjellum.
-
Iver født 1857.
-
Marit født 1859,
-
Kari født 1866. Gift til Lauvrusten
på Lalm.
-
Syver født 1869, og
-
Anne født 1872.
Ola tok så over etter faren, og i 1900 bur desse på
garden:
- I øvre stugu: Gardbruker Ola Syversen, kona
Mari Syversdtr født 1869, og barna
-
-
- Ingeborg Anna født 1891,
-
- Marit født 1895,
-
- Iver født 1897 og
-
- Signe født 1899.
- I nedre stugu bur foreldra til Ola, Syver
Iversen og Ymbjør Olsdtr saman med sonen Iver.
- Syver er "Opsynsmand i Sells
skifferstensbrud, bag Pilargurikampen", Iver er
Skifferstensarbeider.
Men så vart garden
seld, no til Iver C. Sletten på Mæhlum. Han
skjøta garden over på yngste sonen sin,
Iver født 1887.
- Iver I. Sletten eller
Hjellum, var gift med Mari Christensdtr. Fjerdingren frå Heidal,
født i 1894. Dei fekk to barn. Mari døde i spanskesjuka i 1918.
- Iver selde til sist Hjellum til John
Turmo frå Otta. Då var garden på 50 mål dyrka jord og 100 mål skog.
All jordvegen på Hjellum er idag
utparselert til bustadtomter.
|