|

Ottbragden i 1935
OTTBRAGDEN
HOHM
Framsida
Hjellum
Ottbragden var truleg fyrst eit england under ein
annan gard. Garden er fyrst nemnt i 1665, er skyldsett med 3 skinn
og eigd av Fredrik Selsjord.
Seinare har garden vorten delt i øvre og nedre Ottbragden, der nedre
delen ligg nede ved Otta-elva, og øvre delen oppe på "hjellom",
noko høgare i lendet.
Som andre av gardane ikring, ser det ut til at
Ottbragden kom på sal mellom militære offiserar kring 1700.
I 1713 kjøpte Bervein Olsen Kring øvre og nedre
Ottbragden av ein kaptein Bendeke (?). Kjøpebrevet er dagsett på
Wien den 21. januar dette året.
Kjøparen er identisk med Bersvein Olsen Kringen, son
til Ola Bersveinsen Kringen og kona Ragnhild.
Ola Bersvensen er nemnt som gift husmann
i Kringen i 1711. Han døyr i 1720, og arvingar er kona
Ragnhild og barna
-
Bersvein Olsen, død. Barn Ole 7
år og Inger 5 år.
-
Beret Olsdtr, gift med Peder
Eide,
-
Marit Olsdtr, gift med Knud
Engelsen,
-
Imbjør Olsdtr, gift med Jacob
Hansen,
-
Hans Olsen, 24 år.
Bersvein var med i den store nordiske krigen, der
han etterkvart fekk graden "Capitain des Armes". På tidstypisk
militær manèr tok han etternamnet Kring.
Det er seinare blitt sagt at Bersvein var
kaptein, men det stemmer ikkje. Capitain des Armes var ein
underoffiser, med ansvar for våpen og ammunisjon, ein
våpensmed/våpenmester, og det var ein slik i kvart
kompani.
På vegen heimat frå krigen, gifta Bervein seg 6.
desember 1712 i Eidsvoll kyrkje med Berthe Nilsdtr Grue. Paret fekk
to barn:
-
Ola født 1713, og
-
Inger født 1715, død 1782. Vart gift
med enkemann Peder Endresen (eller Imberten) i 1747. Tre barn.
Men Bersvein vart ikkje gamal, han fell frå alt i
1717. Skiftet er dagsett 20. oktober dette året.
Enkja Berthe Nilsdtr gifta seg oppat tre år seinare
med Anders Helgesen på Nyhus
Loftsgård. Dei fekk barna
- Nils født pålag
1720 og levde enno i 1745.
- Bersvend født pålag
1727 og døde truleg kring 1740.
Berthe Nilsdotter døyr i 1744. Ved skiftet etter
henne på Hjellum 3. april 1745, sto ho som eigar av Hjellum og
Ottbragden, skyldsette med 6 skinn og verdsett til 150 rd.
Sonen til Bersvein og Berthe, Ola Bersveinsen Kring,
hadde alt sidan 1732 vore klokkar på Lesja. I 1750 kom han heimat
for å ta over farsgarden. Han fekk skjøte, dagsett 11. mars 1751, av
stefaren Anders Helgesen og sonen Nils, av Per Imbertsen som var
gift med systra Inger, og av Jørgen Ottarsen Grue. Han løyste ut
garden med 150 rd.
Ola Bersveinsen var gift med Rønnaug Johannesdtr.
Kor ho var ifrå, veit ein ikkje. Kanhende var ho frå Lesja? Dei fekk
sønene
-
Bersvein født i 1741, døde som barn,
-
Johannes født i 1745, og
-
Bersvein født i 1750
Ola fall frå i 1771, skifte dagsett 3. november
dette året. Garden vart no delt mellom sønene, slik at Bersvein fekk
øvre bruket, Hjellum, og Johannes fekk nedre garden. Etter dette har
Ottbragden og Hjellum vore to gardar.
Johannes Olsen vart altså
gardbrukar på Ottbragden. Han gifta seg i 1775 med Ragnhild
Fredriksdtr øver-To født 1745. Dei fekk barna
-
Mari født 1776. Ho vart i 1803 gift
med Pål Mikkelsen Mostugu.
-
Ola født 1779. Gift med Mari
Pedersdtr søre Kringen. Han fekk skjøte på garden i
1801 for 280 rd. Men så vart han utkommandert i
1807, og døde same året i Christiania. Ola og Mari
hadde desse barna:
-
Fredrik født 1782. Han gifta seg i
1810 med Mari Pedersdtr, enka etter broren Ola. Dei
fekk barna
-
Ola født 1810. Reiste til
Nordland.
-
Peder født 1812, død 1813.
-
Peder født 1814. Reiste til
Kvæfjord i 1834.
-
Anne født 1816. Ragnhild
født 1819, død 1859. Gift med Fredrik Dissen
frå Sel.
-
Mari født 1821. Reiste til
Kvæfjord i 1853.
-
Johannes født 1823, død i
Christiania i 1865.
-
Kari født 1826.
-
Fredrik født 1829. Reiste
til Amerika i 1855.
-
Johannes født 1782. Han vart som
broren Ola utkommandert i 1807. Døde i Kongsvinger i
1808.
-
Syver født 1786, død same året.
- I juli 1789 vart Ottbragden, som så mange
andre gardar i dalen, råka av den store
flomkatastrofen som i ettertid vart kalla Storofsen.
- Taksten på skaden fortel at 4 mål åker var
heilt øydelagt, 6 mål kunne setjast istand at på 16
år og ville koste 18 rd pr mål. 4 mælingar (ein
mæling var 4 mål) er "i Bund og Grund" øydelagde,
men tre mælingar kan setjast istand at på 18 år. Det
vil koste 24 rd pr mæling.
- Ein låve er ført bort av flaumen. Stugu,
kornlåve, fehus, sauefjøs, loftet med bu, tørrstugu,
eldhuset og ei lyu er nedøyrd med sand og grus i ei
høgde på 2 - 3 alen! Å setja istand at husa vil
koste 92 rd. Før kunne det såast 3 tønner bygg og
avle 12 - 15 tønner, "Herefter neppe en Tønde,
Avling 3 - 4 Tønder".
- Før kunne Ottbragden fore ein hest, 6 kyr og
10 - 12 småfe. Etter flomen berre 2 - 3 kyr og 6 - 7
sauer. Før var garden verd 300 rd, no 50 rd, seier
takstkommisjonen, som rår til at eigaren vert
skattefri i 24 år.
Johannes dreiv og ei tid som omgangsskulelærar, som
ein av dei fyrste i Sel. Da han fall frå, vart det sonesonen
Johannes Olsen født 1807, som vart ny brukar ipå Ottbragden.
Johannes Olsen vart gift med Ingrid Jakobsdtr
nordgard Loftsgård
i 1845. Ho var 17 år yngre enn han. Dei fekk ialt 8 barn:
-
Mari født 1846, død 1900. Gift med Johannes
Larsen Skotte. Dei fekk barna
-
Guri født 1848.
-
Ragnhild født 1851. Gift med Ola
Iversen Hjellum.
-
Ingrid født 1853. Reiste til Amerika
i 1876.
-
Ola født 1855. Vart neste brukar på
Ottbragden.
-
Jakop født 1857. Reiste til Amerika
i 1883.
-
Kari født 1859.
-
Ola født 1861. Reiste til Amerika i
1880.
Ola
Johannessen tok over Ottbragden i 1882, og same året gifta han seg med Olia Syversdtr
Bolongen født 1856.
Dei fekk barna:
-
Sigurd født 1885.
-
Iver født 1888, død 1899.
-
Anton født 1890.
-
Inga født 1893.
-
Olav født 1898, død 1899.
-
Ivar Olav født 1899.
Dei fire barna som levde opp, reiste alle til
Amerika frå 1904 og utover. Det
vart systersonen til Ola, Jakop Johannessen Skotte, som no vart ved
Ottbragden. Han selde garden til Ola Syversen Hølmo i 1938.
Idag er all jordvegen på Ottbragden utparselert til bustadtomter og
skiferindustri. |