
- I dag synest ikkje spor av tufter, men det gamle kartet gjev ei
viss aning om at tunet på Sørjordet
- kan ha liggje omlag der jernbana nå går, like sør for
Bjørndalsbekken.
Sørjordet
Aud Sandbu
Framsida
Plasser under Sandbu
Det er ikkje ført opp nokon busetnad på Sørjordet i
folketeljinga frå 1801, difor lyt ein tru at det ikkje var folk der før
den tid.
Første husmannen på Sørjordet må såleis vera ein som
heitte Rasmus Jacobsen. Han og kona med ei lita dotter var komne til
denne plassen før 1804, for det året døypte dei dotter nr. 2. Rasmus
Jacobsen var da heimfesta til "Sandburødningen", ei nemning som kan tyde
på at husmannsplassen ganske nyleg var rydda.
Det har ikkje vore råd å finne ut kvar Rasmus
Jacobsen hadde opphavet sitt. Ikkje finn ein ekteparet i 1801-tellinga i
det heile, og ikkje finst kyrkjebøkene for Fron frå den tida dei gifta
seg, pålag 1796.
Når det gjeld kona, Kari Andersdotter, er det heller
ikkje godt nok dokumentert kvar ho var frå. Men ein har haldepunkt for å
meine at ho var dotter til Anders Andersen og Dorthe Hansdotter som budde
i Kolstugu under Åmodt på Sjoa då dei fall frå, han alt i 1811 og ho i
1828. (Dei er heller ikkje tekne med i 1801-tellinga.)
Rasmus Jacobsen og Kari Andersdotter hadde tre
døtre:
- 1.Dorthe f. omlag 1797 - gift 1817 med Iver Hansen Buøien f.
ca. 1796 i Kvam.
- Iver og Dorthe budde først i Buøyen,
men i 1865 finn vi dei som plassfolk i Moen under Brende i Kvam.
Dorthe fall frå alt i 1868, medan Iver levde som legdelem i 1875 og
vart forsørgja heilt av Fattigvæsenet får vi veta. Dei fekk 8 ungar,
men fleire døydde som små.
2.Anne f. 1804 - gift 1824 med Knut Pedersen
Teigøien f. ca. 1798 i Kvam.
Vi finn Knut og Anne
som plassfolk i Teigøyen i 1865, men 10 år seinare var dei komne til
søre Jensplassen der familien budde som inderstar. Knut var da legdlem,
og vart forsørgja av Fattigvesenet, medan Anne livnæra seg og ein
soneson ved å spinne for folk. Ekteparet fekk eit langt liv; Knut
døydde i 1884 og Anne i 1893. Ein kjenner til seks ungar etter dei.
3. Marthe f. 1807 - gift 1826 med Anders Larsen
Kringrusten f. 1796 i Sel.
Dei budde fleire
stader, både i Kvikne og i Kvam, før dei vart plassfolk i Åtangen under
Veikle, seinare kalla Tangen, der ein finn ekteparet i 1865. I 1875 var
Marthe enke og legdelem, men budde framleis i Tangen der ho hadde
dottera Berthe med sin familie buande hjå seg. Anders fall frå alt i
1856 medan Marthe levde til 1876. Dei fekk 9 barn.
Omtrent samstundes som Kari fødte den yngste dottera,
mista ho mannen sin. Både dåpen til Marthe og gravferda til Rasmus
Jacobsen er dagsett den 22. februar i 1807. Rasmus vart berre 38 år gamal
fortel kyrkjeboka.
Kari levde åleine med døtrene i Sørjordet nokre år,
men fekk nok god karhjelp på både den eine og den andre måten. Med naboen
Ole Pedersen som budde på plassen Brekka under Sandbu, fekk Kari enda ei
dotter:
4. Ragnhild f. 1809 - gift 1830 med Ole
Ellevsen Moen f. 1801 i Kvikne.
Vi finn Ole og Ragnhild
på nordre Sæteren i Kvikne både i 1865 og 1875. Ole var sjøleigar.
Garden var også kjent under namna Sætermoen og Lillemoen. Ole drukna i
Vinstraelva i 1877. Ragnhild levde til 1882. Dei hadde minst 4 barn.
Det vart nok for stridt å vera einsleg plasskone med
fire småjenter, så før 1811 hadde Kari Andersdotter teke med døtrene sine
og fløtt til Resset litt lenger sør i bygda. Truleg var ein av
plassbrukarane der, Anders Andersen, bror til Kari.
Sjølv gifta Kari seg på nytt i 1818 med ein Hans
Hansen Resset som var 24 år yngre. Det vart ikkje barn i dette
ekteskapet. Hans og Kari budde på Resset til ho fall frå tredje juledag i
1844.
- o -
På sommartinget i Vågå den 24. juni 1811 vart det
tinglese at eigaren på Sandbu i Bræbygda, Hans Gotfred Hansen, hadde teke
ein Ole Hansen til husmann i Sørjordet. Husmannsseddelen datert 10. april
1811.
Vi veit at han var gift med ei Marit
Bersveinsdotter. Dette går fram av eit skifte på Sørjordet som vart halde
alt i desember 1811, etter Marit som da var død. Forutan enkemannen står
sonen Amund 10 år, oppført i skiftet.
Marit Bersveinsdotter er utan tvil eldste dotter til
Bersvein Olsen og kona Randi Eriksdotter frå Stanviken, gardfolk på
Hjellum (øvre Ottbragd) i Sel i 1801. Marit vart døypt 28. april 1776.
Marit fekk først sonen Amund f. 1802 med Hans Olsen
Furulykkja (f. 1778) frå nordpå Sel. Deretter gifta desse to seg i 1805.
Men Hans Olsen døydde frå kona og sonen alt i 1810.
Som enkje gifta Marit Bersveinsdotter seg på nytt i
mars 1811 i Selskyrkja, men her står brudgommen oppført som ungkar og
soldat Hans Olsen, ikkje Ole Hansen slik det er skrive på
husmannsseddelen og i skiftet på Sørjordet.
Enda ein gong er namnet Ole Hansen Sørjordet nemnd,
da som formyndar for Amund som i 1821 fekk utbetalt arven etter mor si.
Ved tre ulike høve er altså Ole Hansen protokollført
som den andre ektemannen til Marit Bersveinsdotter. Det er derfor
nærliggjande å tru at presten har bytt om namnet på brudgommen ved
giftarmålet i 1811. Men det finst ingen Ole Hansen i passande alder i
Bræbygda i 1801. Med to ulike kjelder som namngjev plassbrukaren på
Sørjordet med to ulike namn, vert opphavet til denne karen vanskeleg å
prova.
Ole Hansen, eller Hans Olsen, fløtte frå Sørjordet
ikring 1821 utan å leggja att spor etter seg.
- o -
Dei neste og siste plassfolka som budde i Sørjordet,
var Peder Mikkelsen f. 1787 på Ottekren og kona Ragnhild Jacobsdotter f.
1798 på Brævangen, båe i Sel.
Desse to gifta seg alt i 1816, og budde første tida hjå foreldra hennar.
Så fekk dei utflyttingsattest til Fron, og presten
har i samband med dette skrive ein triveleg merknad: "Med godt Skudsmaal
og tilønske med deres Fremtids Held".
Sjølv om utflyttingsattesten er datert 27/5-1823, var
Peder og Ragnhild komne til Sørjordet alt i 1821. Ein kjenner til tre
barn:
1. Mikkel f. 1817 - vart konfirmert i
Kvamskyrkja i 1832. Vidare livsløp ukjent.
2. Kari f. 1821 - gift
1845 i Kvam med Johannes Olsen f. 1817 i Bondestad under Breden, Sel.
Johannes og Kari budde i
Sørjordet hjå foreldra hennar da Johannes fekk høyre av skyldfolk i
Steigen at ein gard på Hamarøy var til salgs. Han tok turen nordover
åleine for å sjå på tilhøva, bestemte seg for å kjøpe garden, og reiste
deretter sørover att for å hente kona og sonen Peder f. 1847.
Den lille familien kom
til garden Kråkmo utpå sommaren i 1850. I løpet av dei neste ti åra auka
familien med fem barn til, og i 1865 hadde Johannes og Kari fem storfe og
20 sauer i tillegg til ein hest.
3. Synne f. 1837 - til
Hamarøy saman med foreldra.
Gift 1855 i Hamarøy med
Knut Tostensen f. 1829 i søre Knipa på Lesja. Knut tok seg nordover som
skreppehandlar, og kom til Kråkmo der han slo seg ned for godt. Etter at
Knut og Synne hadde gifta seg, rudde dei seg ein liten plass på vestsida
av Femtevasselva. Plassen vart kalla Knutsplassen, og der budde dei 6-7
år. Seinere fløtte dei til Hopvatn der dei fekk kjøpt ein gard som dei
kunne livnæra seg av, i tillegg til at Knut også selde famnved til
handelsmannen i Nordfold. Knut og Synne fekk 10 barn.
Peder og Ragnhild hadde kanskje rekna med å bli
buande i Sørjordet levetida ut. Men tradisjonen seier at den sommaren
dottera Kari og familien hennar budde seg på reisa nordover, hadde ein
stor stein losna oppe i fjellsida, rulla nedover mot plassbruket, og knust
anten våningshuset eller fjoset. Difor vart det til at Peder og Ragnhild
og yngstedotter Synne også ga seg med nordover.
Vi finn att Peder og Ragnhild i 1865 hjå dottera Kari
og familien hennar på Kråkmo, Hamarøy. Ti år seinare er dei båe avlidne.
Om denne familien har Kari Bakke Storvik skrive ein
lengre artikkel i boka si "Draumen om eit betre liv". Der kan ein lesa
meir om livet på Kråkmo og spesielt om etterslekta til Kari og Johannes.
- o -
Sørjordet vart aldri sett i stand att etter
raseringa. Jordvegen gjekk attende til hovedbølet, og husa som var
intakt, vart truleg fløtt derifrå. I dag synest ikkje spor av tufter, men
det gamle kartet gjev ei viss aning om at tunet kan ha liggje omlag der
jernbana nå går, like sør for Bjørndalsbekken.
|