
Han Anton Stanvick frå Sjoa.
Av Adolf Gundersen.
(Artikkelen er henta frå
Årbok for Gudbrandsdalen 1965, og er lagt ut med løyve frå utgjevar.)
Framsida
-
Han Anton Stanviken frå
Sjoa va født den 24. juli i 1874. Det
-
va nok meininga at han skulle
vorte
gardbrukar, for han va
einaste
-
sonen på garden. Men han
Anton hadde
ikkje hug te det. Og
så
-
vart det te di at 'n tok te i
smedlære. Kem han hadde te læremester,
-
hugsar
eg ikkje lenger. Men eg har hørt fortalt at han va med og
-
smidde da den førre Kollobrua
vart bygd. Det va ei trebru med någå
-
vederstyggelege grove
jønnskruver. Om eg ikkje hugser i miss, så
-
va døm over to tummer i
tverrmål og sikkert tri meter lange, så det
-
va rett någå å ampast med.
-
Å snitte slike skruver med
håndmakt skulle det sanneleg krefter
-
te. Men krefter var ein ting
som ikkje vanta hos 'om Anton. Eg
-
har hørt fortalt at i
ungdomsåra hans fòr det rundt ein kar med
-
ein tam bjøynn.
Han hadde framsyningar
omkring i bygdom og
-
sette opp store pengesummar
åt døm som ville freiste seg og vinne
-
over bjøynn i ryggtak. Det
va sjølsagt ikkje mange som våga seg
-
i ryggtak med sjølve bamsen,
men han Anton tok nå den kula au,
-
han.
-
Det va framsyning på Otta
den gongen, og han Anton va der.
-
Da det vart lyst ut at det va
høve te å freiste ryggtak med han
-
bamsefar, og at det va pengar
å vinne, meldte han Anton seg straks.
-
Dermed baska det i hop med
han og bjøynn, og det vart rett någå
-
te basketak au, har døm som
va der fortalt. Te slutt gjekk det så
-
vidt at bjøynn heldt på å
tåpå for kjempekreftom hans Anton. Men
-
da vart bjøynn så sint at døm
måtte slutte før kula va avgjort,
-
for bjøynn tolde nok ikkje å
tåpå han. Han hadde full ikkje tapt
-
før, va von. Men om han
Anton hadde fått halde på, hadde han nok
-
lagt bjøynn i bakken. Så han
måtte eige krefter som ein ikkje ser
-
nå te dags.
-
Som så mange andre i di
tidom, fòr au han Anton over te Ame-
-
rika. Det va der han gjorde
om att namnet sitt te Stanvick, og det
-
namnet brukte han sea. Om
han dreiv som vanleg smed i Amerika
-
i fystninga, veit eg ikkje.
Men siste åran han va der, va han i alle
-
fall med og arbeidde på ein
vognfabrikk. Den store hobbyen hans va
-
musikk. Han kunne spela på
mest kåslag instrument han ville. Men
-
sjøl likte han seg visst best
på gitaren, for det va den han brukte
-
mest. Og slik gitarmusikk er
det sjeldan å få høre nå te dags. Det
-
va ikkje denne seige
klonkinga med eit grep i dag og eit i mårgå.
-
Nei, det va eit liv over både
musikken og sangen, som du ikkje
-
skulle hørt maken te. De va
helst religiøse sanger han brukte. Men
-
døm va friske og kveke og
ikkje slike tunge og seige, som ein ofte
-
hører her nå.
-
Etter at han slutta
arbeidet ved vognfabrikken, dreiv han te og
-
med som musikklærer ei stund
der borti "Juneiten". Og han fekk
-
jamvel diplom for musikken
sin. Men så vart det te at han sa
-
Amerika farvel og reiste
heimatt åt fedrelandet og heimgrenda på
-
Sjoa og vart der resten tå
livet sitt. Sterk og arbeidsfør som han
-
ennå va, kunne han ikkje
trivast med å gå arbeidslaus. Og så starta
-
amerikanaren oppatt som
bygdesmed i den gamle gardssmiua i
-
Standviken. Denne smiua va
eit gamalt tømrahus, og ei natt brann
-
ho ned. Da støypte han Anton
seg ei ny og større smiu.
-
Der dreiv han i mange, mange
år. Og mangt og mykjy vart gjort
-
i smiua hans Anton. Og pent
og velgjort va alt som kom i frå
-
hendom hans. Det va ikkje
någå fusk der, skulle eg tru. For han
-
Anton va tå di gamle, gode
håndverkarom som sette si ære i støtt
-
å gjera fullgodt arbeid. Han
kunne ikkje levere frå seg någå, der-
-
som det ikkje va gjort på
beste måte. Og så hadde han ei arbeids-
-
lyst, ei arbeidsglede og eit
pågangsmot som ein sjeldan ser makan
-
te. Det va nok ingen
åttetimars dag i smiua hans Anton. Når han
-
heldt på med någå som
interesserte han eller som det hasta med,
-
kunne han nok arbeide ti og
tolv timar i eitt.
-
Men alderdomen kom med tida
au te å setja sine merke på ei
-
kjempe som han Anton. Synet
tok te å svikta, og føtene like eins.
-
Te slutt måtte han leggje
vekk smiu-håmmår'n sin for godt. - Det
-
vart stor saknad etter 'om
Anton her i grenda. Han va så beinksam
-
og god å finne, når någå
skulle vølast eller någå nytt skulle gjerast.
-
Der fekk du støtt hjelp og
godt arbeid av ein gamal og god hand-
-
verkar med både røynsle og
innsikt.
|