Nordre  Næpløkken

Aud Sandbu

 

Framsida

Vangslien | Søre Næpløkken

Rydningsmannen i Nordre Næpløkken heitte Ole Iversen.  Det kan ikkje ha vore andre enn Iver Stordalens drengebarn Ole som vart døypt i Sel i 1797.  Lagnaden til Ole, dei to eldre systrene hans og mor deira, mørkna til da far og ektemann døydde frå dei i 1798.  Vi finn enke Imbjør Olsdotter med døtrene Elen og Imbjør og sonen Ole på ein plass under Loftsgård i 1801.  Imbjør var husmannskone utan jord.

I 1820 fekk Ole Iversen som da var heimfesta til eit Dahle-eige, ein son med Anne Johnsdtr. Thoeige.  Her trur eg presten har skrive feil patronym på Anne, ho må vera den Anne Knutsdtr. Thoeige som året etter gifta seg med barnefaren.

Dette er utan tvil den Anne som vart døypt i Sel som ”uægte” pikebarn i 1794.  Faren står oppført som Knut Nilsen, og mora var ei Kari Hansdotter.  Vi finn Kari Hansdtr. på Kongsparten i 1801 som inderstar, ”besovet” og dagarbeidar saman med dottera Anne.

Anne Knutsdtr. fekk først ein son utanfor ekteskap med Anders Hansen Stordalen f. 1794, son til Hans Rasmusen og kona Anne Andersdotter, plassfolk i Stordalen under Bekken (Kolebekken) i Sel i 1801.

Sonen til Anne og Anders vart født i 1817 og fekk namnet Erik.  Han var heimfesta til eit Thoeige da han gifta seg i 1845 med Mari Johnsdtr. f. 1825, dotter til John Niklasen Bekkerusten og kona Marit Østensdtr. Kleivrudlien, plassfolk i Jonskal under Selsjord i 1865.

Erik Andersen og Mari Johnsdt. kom til Fenaøyen under Solhjem

Første tida etter at Ole Iversen og Anne Knutsdtr. gifta seg, budde dei i Thoeige, og fekk to søner til medan dei budde der.  Dei tre gutane deira vart vaksinerte samtidig i 1828, og var da heimfesta til Vangeneige.  Dermed veit vi at det var busetnad på nordre Næpløkken i hvert fall frå den tid.

Ein kjenner til 4 søner og ei dotter etter Ole og Anne:

1.      Iver f. 1820 – til Nordland i 1843.

 

2.      Hans f. 1823 – gift 1858 med Anne Johnsdtr. f. 1829, dotter til John Niklasen Bekkerusten og kona Marit Østensdtr. Kleivrudlien, plassfolk i Jonskal under Selsjord i 1865.  Anne var altså syster til Mari som vart gift med Erik Andersen, halvbror til Hans.

Hans og Anne budde som inderstar fleire stader i Bræbygda før dei til slutt slo seg til på ein plass i almenninga ved Høgkringen, kalla Svinglykkja eller Svingen.  

Fire barn: John f. 1857, Ole f. 1860, Anne f. 1863 og Marit f. 1867.

Det må vera denne Hans som budde i Brånå då han fall frå i 1893.  Kona Anne var enke og legdelem i Brustad då ho døydde i 1910. 

 

3.      Ole f. 1826 – overtok som husmann i nordre Næpløkken.

 

4.      Paul f. 1829 – konfirmert 1846 i Kvam.  Vidare ukjent.

 

5.      Kari f. 1834 – utflytta til Fåberg i 1861 for ”at tage tjeneste” på Randgård. 

       Saman med Kari reiste også ein heidøl i same ærend, og fekk arbeid på Ersgård.  Han heitte Ole Knutsen, og var født utanfor ekteskap i 1830 av foreldra Anne Olsdtr. Bilbenseige og Knut Olsen Faukstadeige. 

Kari og Ole gifta seg i Fåberg i 1862, etter at dei hadde fått dottera Anne same året.  I 1865 fekk dei sonen Ole som truleg døydde som spebarn.  Under folketeljinga dette året finn vi Kari med dei to barna losjerande på Øvre Skrefsrud i Fåberg, medan ektemannen var tenestekar på Lysgård.  I 1867 fekk dei ein son til som òg vart kalla Ole.  Deretter flytta Kari og Ole nordover att og busette seg i Heidal, der dottera Oline og sonen Tor kom til, hhv i 1870 og 1873.  I 1875 var Kari plassbrukar på Ødegaarden med dei fire barna heime.  Ole var tydelegvis borte på arbeid.  Dei budde i Heidal resten av levetida.  Kari fall frå i 1915, og hadde da vore enke sidan 1892.

 

Ole Iversen fall frå i 1864.  Av ein eller annen grunn vart det korkje den eldste eller den nest eldste sonen som overtok, men Ole Olsen f. 1826.  Under folketeljinga i 1865 står han oppført med kone og to barn, og mor hans som var legdelem til ho fall frå i 1875, budde også heime.  Dei hadde tre kyr og 8 sauer, sådde ½ tynne med bygg og sette 1/8 tynne med poteter.

Ole Olsen gifta seg alt i 1858 med Mari Mikkelsdtr. f. 1829, dotter til Mikkel Paulsen Mostuen og kona Anne Knutsdtr. frå Nyhusom, plassfolk i Mostugu under Loftsgård.

Berre tre barn etter Ole og Mari er funne.

1.      Ole f. 1859 – utvandra til Amerika i 1880.

 

2.      Paul f. 1863 – død 1867.

 

3.      Anne f. 1867 – gift 1887 med Mikkel Mikkelsen f. 1860, son til Mikkel Pedersen Harestein og kona Marit Andersdtr. frå Resset på Sjoa, plassfolk i Harestein under Solhjem.

Anne og Mikkel budde hjå foreldra hans i Harestein i mange år.  Deretter kjøpte dei bruket Bergum frådelt Solhjem, av Iver Solhjem i 1912, og budde der resten av levetida.  Anne fall frå i 1952, og Mikkel året etter.  Dei fekk 11 barn.

 

I 1900 sat Ole Olsen og Mari Mikkelsdtr. åleine att i nordre Næplykkja, men hadde teke inn Erik Andersen Fenaøyen, halvbror til Ole, som losjerande.  Erik Andersen som var enkemann og fattigunderstøtta, fekk bu i Næplykkja til han fall frå i 1902.

For Ole Olsen Næplykkjun var livet slutt i 1905.  Kona Mari skulle koma til å overleva mannen sin med mange år enda, men kunne ikkje greie seg åleine på bruket høgt oppe i lia.  Ho laut difor ut på legd.  Mari Mikkelsdtr. Næplykkjun var i Endrestad da ho som enke og fattiglem døydde av ”slag” i 1913.

 

Nordre Næpløkken fekk etter 1905 same lagnad som nabobruket.  Etter at huset som folket budde i, vart teke ned og sett opp att på Otta, tok forfallet over.  I dag ser ein berre ei lita, åpen slette av det som ein gong var jordvegen, og nokre restar etter steinmurar.  Dette området vart lagt til nordre Vangen under jordskiftet i 1913.