Albert Andersen døde 16. mai 1974 på Selsro
Bygdeheim på Otta. Lensmann Jørgen Madslien i Sel skrev disse
minneordene i Gudbrandsdølen:
Vaktmester Albert Andersen og gåva hans.
Da mange i bygda vår veit lite eller intet om
vaktmester Albert Andersen, vil eg skrive litt i lokalpressa om han.
Albert Marius Andersen var fødd den 28. april
1887 i Sel. Faren var vaktmester Ole Andersen frå Skotte i Sel, og
mora hette Ragnhild. Han voks opp i Sel hjelpefengsel, der faren var
vaktmester, og han hadde 6 sysken, som alle er gått bort før han.
Mange i bygda vil nok minnest dei framleis. Det var Thor Andersen
som åtte Fevolden, Hans Andersen som ei tid budde i Lillehammer, Olø
Andersen som åtte Uppigard Bu, Simen Wolrath som var skogforvalter i
Nord Gudbrandsdal, Marit som var gift til Solhjem, og Ragnhild.
Vaktmesteren var poståpner og, inntil jernbana kom til Otta, då
posten vart flytta til Otta st. Da krigen kom i 1940 var Albert i
fengslet og passa jobben sin så lenge han kunne. Så sette han dørene
oppe så fangane kunne kome unna, og sjølv gjekk han bekkefaret
oppover til fjellet for å berge seg. Han kom visst ikkje der som
vaktmester meir. Han flytta til Odden, eit hus som han åtte nord for
Otta. Han budde der så lenge han kunne greie seg sjølv. Så budde han
ei tid hos slektninger, og kom så til Sellsro Bygdaheim.
Om Albert Andersen har eg mange gode minner.
Han var svært bestemt når vi kom med fanger til han. Men etter nokre
dagar trefte eg gjerne vaktmesteren og fangen i arbeidsrommet. Han
var sjølv ein flink handverkar. Han tok ein lett og munter tone i
samvære med fangane sine, og han var sikkert ein god
arbeidsterapeut, sjølv om han vel helst ikkje kjende det ordet. Han
hadde aldri mange fanger i den tid eg kjende tilhøva der. Det var
berre 4 av dei over tjuge fengselscellene der som var i bruk. Derfor
hadde han høve til å ta seg av kvar enkelt, og det gjorde han og.
Albert Andersen var i heile sitt liv ein mann
som hadde små krav for sin eigen del. Han høyrde til ein generasjon
som var nøydd til å spare i unge år, og så vart det vel ei vane. Han
hadde alltid god orden i sakene sine, - ”det lærde eg tå om far” –
sa han. Og han høyrde til ei slekt som har stor evne til å greie seg
i livet, - vi kan segje at folk som høyrer til slekta hans har stor
økonomisk evne, ved dugleik og sparsemd.
Da Albert Andersen kom til bygdaheimen, treffte
han ein ny type fangar. Her var det ikkje fengselsmurane som sette
stengje, men alderdomen. Han kom saman med eldre folk frå Sel, og
mange frå Heidal, som er ein del av Sel nå. Sikkert høyrde han ofte
at heidølene hadde tankane sine i det bygdelaget som dei var flytta
vekk frå, og han tok nok ikkje fel i at dei ynskte seg til Heidal
att. – ”Titt eg minnest ein gamal gard, med store tre og runnar.” –
Så ein dag stod Albert Andersen framfor pulten min, og bad meg
skrive testamente. Slik som testamentet vart skrive, vart det slik
at alt han åtte skulle gå til Sel kommune til å gjera istand ein
heim for eldre i Heidal, og berre dersom det ikkje lot seg gjere
skulde det gå til utviding av Selsro. Albert Andersen gjekk bort den
16. mai i år. Han hadde meire att etter seg enn nokon skulde tru.