Otta Dampsag

Artikkelen er skrevet av Adolf Gundersen, og ble publisert i Årbok for Gudbrandsdalen for 1974. Den er gjengitt med tillatelse av forlaget.

Ikring siste hundreårsskifte var det mykje gildt tømmer i norddalen som vart sendt med elva nedover til Lillehammer og foredla der. Det var nok truleg enda att brukbare uppgangsager ved ymse bekker, men dei var seine og så kunne dei berre brukast i stutte tider på året, når det var nok vatn i bekkane. Og noko høvleri fanst ikkje, så skulle nokon ha høvellast – som det vart meire og meire bruk for – laut dei ta det frå Lillehammer. Men fløytinga av tømmer utover til Lillehammer og fraktinga av trelasten attende derifrå fordyra sjølvsagt materialane ein god del.

Nokre gard- og skogeigarar i norddalen meinte det måtte la seg gjera og foredle ein del av tømmeret uppe i dalen, så ein slapp kostnaden med fraktene fram og attende den lange vegen, og dei vart samde um å skipa eit lag, som skulle prøve å få i gang eit etter tida moderne sagbruk og høvleri i norddalen. Dei som stod i brodden for dette var Hans Breden, Iver Blekastad, Trond Loftsgård og Tor Rosten. Den siste skulle stå for innkjøpet av tømmer, og han skulle au vera fløytarbas. Tomt til verksemda fekk dei leigt synst på Mæhlumsjordet, på grensa mot gamle Sandbu, og det var ei svært lagleg tomt. Elva nordover frå der er brei og still, men i skiljet millom dei to gardane smalna ho av, så det vart ikkje lange stubben å setja på lense over der. Og landbakken her er ikkje bratt, men skrår jamt så det var lett å få køyrt tømmeret upp frå elva. Dei mest moderne maskiner for sagbruk og høvleri som var å få, vart kjøpt inn, og til å trekke sag- og høvlerimaskine vart kjøpt inn ein stor lokomobil, ei dampmaskine, bygd etter same prinsipp som eit damplokomotiv, som det au likna noko på. Denne var billig i drift, for dei fyra den med kapp og avfall frå sagbruket.

Syver Hauga stod for fyringa. Til sag- og høvelmester vart tilsett Hans Linløkken frå Sel, Nils Sandbuvangen (Nyheim) var bakmann og Per Veggum skulle føre rekneskapen. I alt var det åtte mann i fast arbeid der året rundt, men eg veit ikkje namnet på dei andre. Utanum dei faste var det ein del ekstrahjelp, til dels med hestar, når tømmeret kom og skulle køyrast på land. Jernbana la au eit lite sidespor inn til bruket, for upplasting av materialer og sviller på jernbanevogner.

Det var arbeid og liv på Mæhlumsjordet, så lenge det vara, men diverre vart det ikkje lenger enn i umlag ti år. Ein sommar var Laugen så liten at dei fekk ikkje fram tømmeret, det meste av det vart liggande att uppi Rosten. Sommaren etter vart Laugen stor og stri og tok med seg alt tømmeret frå året før og det som var kjøpt siste året. Attåt dette kom alt tømmeret som skulle lenger nedover dalen, til Lillehammer. Da alt dette tømmeret kom ned på lensa så greidde dei ikkje å få det unda fort nok, slik at lensa rauk og tømmeret reiste vidare nedover, og det var ikkje stort dei fekk att av det. Det er fortalt at det ei tid før lensa rauk, låg så åltekt med tømmer etter elva langt nordover, at ein kunne gått turrskodd over elva på tømmeret.

Etter dette uhellet vart verksemda nedlagt, maskinene vart selde, og arbeidarane mista ein bra arbeidsplass. Det vart slutten på truleg fyrste industriverksemda her i norddalen.