Nordre Eide

Av Aud Sandbu

Engebreth Johannesen Eide tok att den nordre gardparten da han laut selja halve garden sin i 1766. Han var truleg avliden stutt tid før 15. juni 1782, da det vart halde skifte etter han på Eide.

Kona til Engebreth heitte Rønnaug Olsdotter, og var født omlag 1713. Ho budde dei siste leveåra sine i Storrusten, der ho fall frå i 1802.

Engebreth og Rønnaug hadde ein son og seks døtre. Fødselsåra er basert på alder ved ft-1801, eller dødsfall:

1. Marit f. 1738 – gm Hans Hansen Klomstadhaugen, båe levde enda i 1801 og var plassfolk under Klomstad i Kvam. Hans var dessutan skinnfellmakar. Ukjent antal barn.

2. Anne f. 1741 – gm Isak Isaksen Havn frå Sel, også kalla «Isak spillemann». Dei budde i Rustom på Sjoa og fekk minst fire barn. Anne fall frå i 1799.

3. Gunhild f. 1743 – gm Erik Olsen Heggerusten. Ho var enke i 1801, og hadde føderåd hjå sonen Ole Eriksen i Heggerusta sør for Sjoa. Ein kjenner til seks barn.

4. Johannes f. 1746 – overtok nordre Eide etter at faren var avliden, ved skjøte tinglese 16/9-1782. Gift med ei Beret Olsdotter. Berre fire barn er kjent, men truleg hadde Johannes og Beret fleire. Johannes selde garden til Ole Olsen Mæhlum for 599 rd ved skjøte datert 17. februar 1791, og familien flytta deretter til Storrusten omtrent tvers over elva.

5. Kari – gm Peder Johannesen Moen.

6. Ingeborg f. 1755 – gift 1794 med Peder Syversen Vangen. Gardfolk på søre Vangen. Seks barn.

7. Guri f. 1761- gift 1794 med Ole Syversen Vangen, ein yngre bror av Peder ovanfor. Gardfolk på nordre Vangen. Ekteskapet ser ut til å ha vore barnlaust.

 

Ole Olsen Mæhlum som hadde kjøpt nordre Eide av Johannes Engebrethsen i 1791, kunne neppe ha busett seg på garden. Ved skjøte dagsett 14. april same året selde han nordre Eide vidare til Ole Pedersen Brende i Kvam for 699 rd, og tente såleis 100 rd på handelen. Elles ser det ut til at Ole O. Mæhlum var både gard- og kjerringlaus da han døydde hjå bror sin Christen på Mæhlumsvangen i 1811.

Fem år seinare gjekk nordre Eide på handel att, da Ole Pedersen Brende selde garden til broren Hans Pedersen Brende for same kjøpesummen som han sjølv hadde gjeve. Skjøte tinglese 26/6-1796.

Også Hans Pedersen sat med garden berre ei stutt tid. Ved skjøte datert 22. september 1800 selde han nordre Eide til Ole Johnsen Holen i Kvam for 699 rd. Med i handelen var også eit engeland kalla Feten som hadde høyrt til Brende, og som han skulle ha 400 rd for. Kjøpesummen vart altså 1099 rd tilsaman.

Ole Johnsen Holen selde ved skjøte dagsett nøyaktig same dato, gardparten sin nedre Holen, 7 skinn, for 1199 rd til Hans Pedersen Brende. På sett og vis eit slags makeskifte mellom desse to karane.

Det er altså Ole Johnsen Holen vi finn som gardbrukar på nordre Eide i 1801, feilaktig oppført med Nilsen som patronym. Han var ein yngre son etter John Nilsen Holen og kona Tora Olsdotter frå Krok, gardfolk på Holen i Kvam før garden vart delt. Den eldste broren Nils hadde overteke garden i 1789, det året Storofsen gjekk, og fekk slite med dei skadene garden vart påført. I 1798 selde Nils eine gardparten, seinare kalla øvre Holen, til Iver Iversen Ulmo frå Sel, som var gift med farsyster hans. Den andre gardparten, seinare kalla nedre Holen, vart samstundes selt til broren Ole som altså selde gardparten sin vidare til Hans Pedersen Brende som før nemnt.

Ole Johnsen Holen var født ca. 1770, og gifta seg ca. 1791 med Anne Iversdotter. I 1801 hadde dei borna John f.ca. 1792, Anne f.ca. 1795, Iver f.ca. 1797 og Ole som vart døypt den 21. september 1800, like etter at familien var komen på nordre Eide.

Det gjekk nok ikkje så bra med Ole Johnsen som gardbrukar på nordre Eide. Alt eit par år seinare selde han garden til Jacob Jacobsen Øybrekken, skjøte datert 13. desember 1802. Truleg fekk han da overta husmannskontrakta på Øybrekka etter Jacob. Dette går fram av kyrkjeboka som fortel at da Ole Johnsen og Anne Iversdotter hadde dottera Tora til dåp i 1804, var dei heimfesta til denne plassen.

Den «nye» huslyden på nordre Eide var altså Jacob Jacobsen og familien hans som i 1801 var plassfolk i Øybrekka under øvre Klomstad. Om Jacob var født og oppvaksen på denne plassen, er ikkje klårlagt. Men kona Kari var frå Heidalen. Ho var dotter til gardfolk Christen Jacobsen og Mari Olsdotter på Steinsfinsbø.

Jacob og Kari hadde berre to søner:

1. Christen f.ca. 1788 – gift 1809 med Mari Eriksdotter Stenseng frå Kvam. Ho var født ca. 1786, dotter til det andre gardbrukarparet under Engjom i FT 1801, Erik Olsen og kona Anne Svendsdotter Stenseng.

Christen og Mari budde på nordre Eide til ca. 1825, og fløtte deretter til Varphaugen lenger nord i bygda. Mari fall frå i 1858, sagt å vera 73 år gamal. Som enkemann kom Christen på legd, og vi finn han i nedre Slåen i Bræebygda i 1865. Christen døydde i 1869, 83 år gamal. Ein kjenner til fire barn etter dei.

2. Jacob f.ca. 1796 – gift 1818 med Rønnaug Johannesdotter Storrusten f.ca. 1797, dotter til den tidlegare omtala Johannes Engebrethsen og kona Beret Pedersdotter som busette seg i Storrusten.

Jacob overtok garden etter faren i 1822, men fekk seinare høve til å overta Steinfinsbø, heimgarden til mor si. Han selde derfor nordre Eide i 1826 for 700 rd og føderåd, og familien fløtte til Heidal.

Jacob døydde som gardmann på Steinfinsbø alt i 1835, og Rønnaug fall frå i 1843. Ho budde da hjå sonen Jacob f. 1820, som i 1865 var sjøleigar på Granrud, også i Heidal.

Jacob og Rønnaug hadde etter det ein veit, seks ungar. Sonen Johannes f. 1822 gifta seg til Slåstuen på Sjoa, og etterslekta hans sit framleis på garden.

Mor til desse to gutane, Kari Christensdotter frå Steinfinsbø, døydde på nordre Eide i 1818, 55 år gamal ifølge kyrkjeboka.

Som enkemann og føderådsmann gifta Jacob Jacobsen d.e. seg på nytt i 1822 med Ingrid Amundsdotter Slåen f. 1801. Foreldra hennar var Amund Fredriksen og kona Ingrid Olsdotter som var komne til Slåen i Bræebygda etter at dottera Ingrid var født.

Med Ingrid fekk Jacob Jacobsen d.e. fire barn til. Det budde såleis to småbarnsfamilar utan skyldskap til kvarandre på nordre Eide fram til Jacob d.e. fall frå i 1847, 82 år gamal ifølge kyrkjeboka.

Ingrid som var omlag 35 år yngre enn ektemannen, fløtte truleg til sonen Ole på Rustbakkom da ho vart enke. Om ho hadde føderåd frå nordre Eide, går ikkje fram av dei dokumenta eg sit med. Kanskje fekk ho gratis kost og losji hjå sonen mot å sørgje for reinhaldet og matstellet. Seinare, da Ole hadde fått eigen familie, måtte Ingrid syta for seg sjølv ved å spinne og strikke. Ho hadde framleis husvære på Rustbakkom i 1875, men var legdelem da ho døydde fire år seinare.

Barna til Jacob og Ingrid:

3. Mari f. 1823 – gift 1846 med Ole Syversen Kringrusten f. 1823. Dei vart plassfolk i søre Kringsrusten i Sel etter foreldra hans som var Syver Olsen Geitsida og kona Jøda Syversdotter, truleg frå Haugen i Skårvangen, Vågå.

Ole og Mari budde i Kringrusten heile levetida si. Ho fall frå i 1883, han i 1905. Dei fekk i alt seks ungar.

4. Amund f. 1827 – gift 1854 med Karen Johnsdotter Åmodt f. 1822 i nordre Åmodt ved Sjoa. Ho var dotter til John Olsen Galstad frå Vågå og kona Marthe Christiane Larsdotter Jarmann. Ekteparet kom til nordre Åmodt ikring 1806.

I 1865 finn vi Amund og Karen i Milbakken som «menes at ligge i Nordre Koloens Stadsalminding». Dei hadde litt jord, og Amund dreiv som snikkar i tillegg. Dei fekk fire ungar, men berre to vaks opp.

Amund vart sjøleigar i Milbakka før han fall frå i 1882. Sonen Jacob overtok, og budde der med eigen familie i 1900. Karen levde enda, og hadde føderåd hjå sonen.

5. Ole f. 1831 – fløtte til Rustbakkom på andre sida av elva. I den digitaliserte folketeljinga frå 1865 er plassen som høyrde under Storrusten, feiltolka med det fornøyelege namnet «Bakro». Vi finn altså Ole som ugift husmann og skomakar med mor Ingrid Amundsdotter som bestyrar av hushaldninga i Bakro under denne tellinga.

Ole gifta seg i 1869 med Tora Olsdotter Haugen f. 1839, dotter til Ole Olsen og kona Dorthe Olsdotter, plassfolk i Brunnhaugen under Bragelien på Sjoa.

I 1875 er Rustbakkom kalla «Bakom», og huslyden var auka til sju personar inklusive Ingrid Amundsdotter som da berre leigde husrom hjå sonen. Ole og Tora fekk i alt seks barn.

Ole var enkemann i 1900, og sonen Jacob var gift og budde også i Rustbakkom med eigen familien. Stor etterslekt.

6. Kari f. 1836 – gift i 1868 med Ole Nilsen Runningen f. 1835. Han var son til Nils Olsen Kolstuen og kona Marit Hansdotter Olstad frå Sel. Dei var plassfolk i Åmodtsrunningen på Sjoa.

Ole og Kari med borna Mathias f. 1869 og Ingeborg f. 1872 budde i 1875 på nordre Espe i Heidal. Før 1900 var dei komne til plassen Tofteflaten i Sør-Fron. Da hadde dei også sonen Jacob f. 1880. Familien budde i Flaten til Kari fall frå i 1909. Deretter måtte Ole ut på legd, men kom seinare inn på aldersheimen i Sør-Fron, der han døydde i 1917.

 

Jacob Hansen Kolloen f. ca. 1791 fekk skjøte på nordre Eide datert 3. april 1826. Han var son til Hans Eriksen Kolloen og kona Ragnhild Jacobsdotter frå Volden på Sel.

To år tidlegare hadde Jacob gifta seg med Anne Christensdtr. Vangen f. 1799, dotter til Christen Olsen Mæhlum og kona Marit Iversdotter frå Bu. Dei var sjøleigande gardfolk i Mæhlumsvangen som Christen hadde kjøpt i 1784.

Jacob og Anne leigde husrom hjå bror hans på Kolloen da dei bar første barnet til dåpen på vårparten i 1825. Deretter kom det seks barn til på nordre Eide:

1. Ragnhild f. 1825 – død på nordre Eide i 1851, 26 år gamal.

2. Marit f. 1826 – død på nordre Eide i 1848, 22 år gamal.

3. Rønnaug f. 1829 – overtok heimgarden.

4. Hans f. 1831 – død i 1832, ½ år gamal.

5. Hans f. 1833 – var krøpling som dei sa den gongen. Han kunne korkje gå eller stå på føtene, men skaffa seg utkome ved å byrja smi tolleknivar. Så lærte han seg bokbinderfaget, og til slutt treskjering. Han laga både større og mindre ting med vakker treskurd som det etter kvart vart stor spurdnad etter. Hans fløtte til syster Kari på Mæhlumsvangen da foreldra var avlidne, og budde der til han fall frå i 1880.

Pastor Ole Amundsen Bu skreiv i si tid ein artikkel til minne om Hans Eide i det norsk-amerikanske juleheftet «Jul i Vesterheimen»

6. Kari f. 1834 – ugift. Vart buande heime på nordre Eide i mange år. Men så vart Mæhlumsvangen, heimgarden til mora, lagt ut for salg ikring 1870, og Kari fekk økonomisk hjelp av broren Hans til å kjøpe halve garden. I 1875 står ho oppført som gardbrukar og sjøleigar på Mæhlumsvangen (g.nr. 239a) med 2 kyr og seks sauer. Ho sådde både rug, bygg, blandkorn og erter, i tillegg til å setja 2 tynner poteter. Kari fall frå i 1897. Ei systerdotter og mannen hennar overtok garden etter henne.

7. Olia f. 1837 – gift 1857 med Ole Iversen Bergum f. 1830, son til Iver Olsen Bergum og kona Tora Syversdotter frå Kleivrud, gardfolk på nedre Bergum i Sel.

 

Ole tok over garden etter foreldra i 1866, og Olia fekk ein travel kvardag med gardsdrift og ikkje mindre enn 10 ungar ho sette til verda. Ikkje alle vaks opp, men likevel er det ei stor etterslekt etter dei.

Både Olia og Ole fall frå i 1906, han i slutten av februar og ho i april.

Pastor O. A. Bu skreiv også litt om gamle Jacob Hansen i artikkelen sin. Han gjekk under namnet «Oske-Jacob», eigde ikkje praktisk sans, men hadde derimot eit skarpt hovud, og var elles «en kristen af det gode, gamle slaget, som var rædd for at gjøre synd».

Jacob var enkemann og føderådsmann på nordre Eide da han fall frå i 1875. Kona Anne var avliden to år tidlegare.

Det vart altså dottera Rønnaug som saman med ektemannen overtok garden etter foreldra i 1865. Ho vart gift 1857 med Iver Olsen Ruststuen f. 1835, son til Ole Olsen frå søre Bakka og kona Mari Olsdotter som var født i Ruststugu, Kvam.

Ungeflokken til Rønnaug og Iver vart stor, dei fekk ni barn:

1. Anne f. 1858 – gift 1899 med Iver Johnsen søre Haugen i Bræebygda, son til John Fredriksen Harlauglien frå Heidal og kona Rønnaug Knutsdotter som var født i søre Haugen. Anne og Iver overtok Mæhlumsvangen etter Kari, morsyster hennar. Dei fekk to søner.

2. Jacob f. 1859 – budde heime i 1875. Det blir sagt at han reiste til Amerika for å leggja seg opp pengar, og deretter koma heim og overta garden. Men ingen høyrde meir frå han. Ryktet om at han var blitt rana og drepen, er ikkje dokumentert.

3. Ole f. 1862 – budde heime på nordre Eide i 1900, og er oppført som handelskar. Truleg var det skinn han handla med. Ole døydde ugift på nordre Eide.

4. Mathias f. 1863 – gjekk underoffisersskulen, men døydde berre 21 år gamal.

5. Marit f. 1865 – fekk ei dotter, Ragna Marie, i 1896. Båe utvandra til Amerika i 1910, med Montana som destinasjonen. Ragna Marie vart gift i USA, men døydde i barsel saman med den førstefødte.

6. Ragnhild f. 1867 – utvandra til Benson, Minnesota i 1891.

7. Anton f. 1870 – reiste også til Amerika, der han vart gift og fekk ei dotter. Han kom seinare attende til Norge, antageleg for å besøke slekta, men vart verande i heimbygda resten av levetida sjølv om kona og dottera var att i Amerika.

8. Johan f. 1872 – overtok heimgarden. Fekk ei dotter utanfor ekteskap. Han var nær på å skulle gifte seg med mor til jenta, men det vart skipla, og Johan vart verande ungkar livet ut.

9. Mathea f. 1874 – gift 1896 med Jacob Andersen Storrusten f. 1864, son til Anders Olsen Storrusten og kona Rønnaug Jacobsdotter frå Kjørum, gardfolk i Storrusten i 1900. 

Gravferda ti Iver Olsen nordre Eide
3. oktober 1908
Frå venstre: Haakon Engen, Kirsti Engen, Mari søre Resset, Hans Resløkken, Rønnaug og Theodor Skjedalsbakken, to ukjende, Jakob Milbakken, ein ukjend, Fredrik Kolomoen, Jakob Slaastuen, ukjend gut, Per Slaastuen, ukjend mann, Gunnar Reistad, fire ukjende kvinner og to ukjende barn, Ane Stanvigen, to ukjende kvinner, Mathea Eide Storrusten m/ Ragnhild på armen, Ola nordre Eide, Kari, Inga, Ragna og Ola Storrusten, Ragna Resset, Ragna og Marit Eide.
I svalgluggen: Petter og Kari Ny-Sandbu, ei ukjend kvinne.
Ved gluggen, bak Mathea Storrusten: Marit Eide, Jakob søre Eide, Iver Eide, Anton Stanwick, i svalåpningen mange ukjende.
Ved enden av båra: Ola Gundersen, Johan Eide, Anne Vangen, Johan Vangen, Anders Sandbu, Rønnaug Bilben (på hushjørnet utan skaut), Alf Vangen, mange ukjende.
Ved glaset: Iver og Rønnaug Aamodt, fremst, framom desse: Syver Varphaugen (liten m/ bok i handa), Mathias Koloen (tjukk), Fredrik Storrusten, Mathias Brekken, Hans Ny-Sandbu, ein ukjend bak ved veggen, Lars Resløkken og Erik Bilben.

 Jacob og Mathea overtok som gardfolk i Storrusten etter foreldra hans. Dei fekk ni barn.

Nordre Eide i 2005

 Etter Johan vart det gardguten i Storrusten, eldste son til Mathea og Anders, som valde å ta over nordre Eide i staden for heimgarden. Han gifta seg i 1944, og fekk først fire døtre før det endeleg vart ein son.

Sonen overtok etter faren i 1978, men omkom i 1993. Han var gift, og enka står i dag som eigar av nordre Eide.