Ekra

Av H.O. Hansen Møller

Den delen av Bræe som i dag er skild ut som Ekra, høyrde lenge til bispestolen på Hamar.
I «Akershus lens jordebok 1577-78», er den nemnt under «Ødegaarde och smaa paarter» som «Biscops kierr Hammersgods» og skyldsett med 1 hud.
I «Akershus lens jordebok 1607-08», står den ført som «Bischops Eckre Hammersgods», og er skyldsett til ½ hud og 18 mark fisk.
I 1668 vart Ekra kalla Bispe-lykkja («Breden med Biscopsløchen og Nepperud»). Seinare vart namnet Bispe-Ekra, eller berre Ekra, brukt.

Namnet var frå delinga på 1850-talet Ekren, Ekra i daglegtale. Men fleirtals  dativ-forma Ekrom har og vore brukt der det høvde, og denne forma ser no ut til å ha festa seg i dageleg bruk.

Ingenting tyder på at det før 1850 var nokon busetnad på garden. Jordvegen vart brukt saman med den andre jorda på Bræe.

I nyare tid vart Ekra busett midt på 1850-talet, då Fredrik Hansson Bræe delte Bræe mellom sønene Fredrik, Ola og Knut.

Knut Fredrikson, gift med Anne Eriksdotter søre Kolloen frå Sjoa, slo seg ned på Ekra, og bygde nytt gardstun der. Det vart flytta ei tvihøgda stugu frå søre Kollo til Ekra og sett opp som våningshus. Truleg vart dei andre husa på garden sett opp frå nyo. I 1856 vart det sett opp seterhus sør for Bræestulen på Bukjølen, og seterkvea vart delt, slik at søre delen vart lagt til Ekra. Låven vart brukt saman av både gardane, med eit golv kvar. Men Knut og huslyden vart mindre enn ti år på Ekra. Broren Fredrik heldt på å gå frå garden, og for å hindra det, tok Knut over som brukar på søre Bræe, medan Fredrik flytta med huslyd til Ekra, og vart buande der si levetid. Då Fredrik Fredrikson døde, gjekk Ekra attende til hovudbølet, og Knut overlet garden til tredje sonen sin, Edvard Knutson.

Edvard Fredrikson var gift med Bina Iversdotter uppigard Bu. Dei fekk fire born, og brukte Ekra til 1919, då eldste sonen Kristian tok over som brukar. Edvard fall frå  i 1918.

Kristian Ekren  hadde garden berre fire år. I 1923 selde han Ekra til  Marit syster si og mannen hennar, Einar Syverson Ryen. Kristian heldt att den fråflytta husmannsplassen Bondestad, og flytta dit med mor si.

Det er i dag dottersonen til Marit og Einar Ryen som eig og driv Ekra.