Øvre Heradalen og Heradalsmoen

Av Hans-Olav Hansen Møller

ØVRE HERADALEN

Jon Olson Heradalen vart gift med Ragnhild Jonsdtr Nyhusom Loftsgård på vårparten i 1851, og fekk året etter feste på øvre delen av plassen Heradalen etter foreldra. Dei dreiv dette bruket i 25 år, til Jon døydde i 1876. Eldstesonen Ola reiste til Meråker på anlegg i 1880, og frå då var Heradalen eitt bruk att.

 

HERADALSMOEN

Den 7. mai 1864 fekk Peder (Per) Pedersen Tullut arvefestebrev med “Rettigheter i Skog og Havn” for seg og arvingane sine på plassen Moen. Per var gift med Mari Bersvendsdtr Bondestad, og dei hadde tre små barn då dei flytta hit. I 1900 er plassen fråflytta. Per og Mari bur no einsame i Kleivrudlien.