Næprud

 

Nedre Næprud
foto frå «Gåmålt og nytt frå Sel» bind I

Av Hans-Olav Hansen Møller

Næprud var frå gamalt av sjølstendig gard, skyldsett til 3 skinn og eigd av krona. Frå 1617 og utover er leilendingen «Guldbrand Nepperud» nevnd i skattelistene, og han svarer dei skattane han er pålagt. Men i uåra fyrst på 1630-talet maktar han ikkje skattar og landskyld, og i 1635 vært garden «grunnet armods nød» lagt inn under Bræe.

I 1666 har Bræe ein husmann, Iver Lodenson, som då er 41 år. Det er uvisst om han sit i Næprud eller på Brævangen, som også vart lagt under Bræe i 1635. Men eldste sonen til Iver heitte Jakop, og fyrst på 1700-talet finn vi Jakop Jakopsen som husmann i Næprud.

Jakop Jakopsen Næprud er født pålag 1716, men vi veit ikkje kven han var gift med. Han og kona fekk ialt 12 barn, dei fleste døde nok unge:

  1. Guri født 1740 , død 1744.
  2. Syver født 1741.
  3. Marit født 1744.
  4. Guri født 1746.
  5. Sigrid født 1748.
  6. Jacob født 1750.
  7. Sigrid født 1752.
  8. Rønnaug født 1754.
  9. Ole født 1756.
  10. Hans født 1758. Husmann med jord i øvre Næprud i 1801. Han gifta seg med Synne Gulbrandsdtr., født pålag 1757.
  11. Ragnhild født 1761, død 23.04.1849. Ho gifta seg med Anders Torsen, født ca. 1757, død i 1836.
  12. Sigrid født 1765.

Det vart Ragnhild og Anders som tok over Næprud etter foreldra til Ragnhild. Anders på Næprud var av husmennene som  i 1793 fekk kontrakt på plassen sin av Fredrik Bræe.

Anders Torsen var sonen til Tor Knutsen søre Ro og kona Ingeborg Olsdtr frå Heidal. Foreldre til Tor Knutsen var Knut Torsen nørdre Faukstad og Ingeleiv Syversdtr.Broren til Anders, Paul Torsen, vart husmann i Gråvå under øvre To kring 1790.

Då Hans Jakopsen, bror til Ragnhild, gifta seg i 1794, ser det ut til at han tok over halve bruket. Han og kona Synne slo seg ned på øvre delen og bygde sin eigen heim der. Dette vart øvre Næprud.

Ragnhild og Anders budde vidare i nedre Næprud, men fekk ingen barn. Anders døde i 1836, medan Ragnhild levde til 1849.