Søre Bræe

Av H.O. Hansen Møller

Jakop Fredrikson var født kring 1605, og var som nemnt gift med Marte (Mari) Syversdtr. (Det er sagt at ho var frå Kleppe, men dette kan ikkje vera rett.) Mari døde før 1664, og Jakop før 1665. Skiftet er dagsett 18. november 1665.

Dei hadde barna:

  1. Hans f. 1626.
  2. Jakop f. 1632. Han gifta seg med Anne Nilsdotter Mæhlum, (dotter til Nils Olson,) og vart brukar der, men kom sidan til Stanviken..
  3. Anne.
  4. Mari. Vart gift med Pål Olson Romundgard frå Sel.

Jakop var truleg frå nord-Hole på Lesja, der han etter «Gudbrandsdalens Odelsmenns Jordebog» åtte fire skinn i 1624. Samstundes åtte han 4 skinn i Kårbø og 4 skinn i Børke i Øyer. Men truleg var han i slekt med førre brukaren på Bræe, Ola Olson. Han hadde eige i dei same gardane.

 

Hans Jakopson, neste brukar, var gift med Ymbjør Olsdtr øvre Dahle. Mor hennar var frå nedre Bjørnstad på Lalm.

Krona selde på denne tida garden til assessor Nils Toller, borgar i Kristiania. Han selde den vidare til kaptein Ole Bruun på Ner-Øy i Vågå, som i 1684 selde garden (3 huder) til Hans Jakopson for 300 riksdaler.

Ivar Kleiven skriv at Hans Jakopson Bræe fekk bygsel på fiskevatnet Øyangen i Frons-fjellet i 1637. Hans var då berre 12 år gamal. Ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort frå at «papira» vart ført på guten, men truleg var det faren, Jakop Fredrikson, som fekk dette bygslet. Bygslet var godkjent av futen, Jakob Eggerssøn Stokfleth, vart sidan stadfesta av stathaldar Kristoffer Urne, og sidan av Ulrich Frederich Gyldenløve, som elles budde på Bræe ved flere høve, og kom vel overeins med brukaren der. Det er jamvel sagt at det var kona Ymbjør han kom best ut av det med, og at Øyangen var ei gave til henne. I Lyngs befaring (1800) er det nemnt at det ser ut til at Bræe har fått Øyangen som gave.
Korleis det no var, så skapte eigedomsretten til vatnet mykje uvenskap og ugreie i lange tider framover. Imellom 1722 og 1728 førde Hans Fredrikson Bræe ei langvarig sak med Fron om vatnet. Skrivaren i sørdalen og lagmann dømde på åstaden Øyangen å høyre Fron til, men Oberhofretten gjorde domen omatt, og sidan låg Øyangen o-anka til Bræe som full eigedom.
I 1914 vart Øyangen seld til grosserar Johannes Olstad frå Kristiania.

Hans og Ymbjør hadde sju born:

  1. Fredrik f. 1660.
  2. Ola f. i Sel. Han vart gift med Kari Olsdotter Slette frå Heidal.
  3. Ragnhild f. i Sel. Ho vart gift med Jakop Teige frå Kvam.
  4. Jakop død 1697.
  5. Pål.
  6. Marit.
  7. Kjersti død 1697.

Hans Jakopson døde på haustparten1690, skiftet er datert 7. januar 1691.

 

Fredrik Hansson vart neste brukaren på Bræe. Han vart gift med Kari Justdtr Berg, dotter til fenrik Just Mogensson Berg og kona Gierchen på Olstad. (Just Berg eigde fleire gardar på Sel, m.a. Ulsvolden og Skotte.) Dei fekk fire barn:

  1. Hans Fredrikson Breden f. 1690.
  2. Just Fredrikson Breden.
  3. Jakop Fredrikson Breden. Han arva Olstad etter syster til mor si, Jannichen Justdtr.Jannichen var gift med Amund Olson frå øvre Dahle, men dei hadde ingen barn. I testamentet deira, dagsett 22. april 1721, vart Jakop Fredrikson Bræe sett inn som arving, saman med brordotter til Amund, Ymbjør Jakopsdtr øvre Dahle. Det er samstundes teke med eit ønske om at dei to skal gifta seg. Dette vart det ikkje noko av, og 5. juli 1738 vart Ymbjør løyst ut med 340 Rd.
  4. Anne Fredriksdotter Breden. Ho vart gift med Jakop Steinfinnsbø frå Heidal.

Fredrik gjekk bort våren 1717, skifte 5. april same året. Garden var da sett til 700 Rd, og heile buet var på 1345 Rd.

 

Neste brukar, Hans Fredrikson, født 1690, vart 1716 gift  med Anne Simensdtr Tofte frå Dovre. Anne var dotter til Simen Hansson Taulstad (Tofte) og Ragnhild Pålsdtr Romundgard.

Born:

  1. Fredrik, født 1716.
  2. Simen, født 1718, gift med Rønnaug Pålsdtr Bjørnstad frå Lalm. Tok over Olstad etter farbroren, Jakop Fredrikson. Dottera deira, Kari Simensdtr, vart gift med Jakop Olson Brekken frå Sel. Dei kjøpte Selsjord i Bræbygden i 1791.
  3. Kari, født 1724, gift med Ole Amundson Røssum.
  4. Pål, født 1727, gift med Ragnhild Pålsdtr Bjørnstad, syster til Rønnaug Pålsdtr. Han kjøpte Hålå og Harildstad i Heidal i 1763.
  5. Hans, født 1728/29, gift med Kari Hansdtr Formo, født 1725/26. Tok Ulsvolden på odel.
  6. Jakop, født 1731, gift med Anne Estinsdtr Forbrigd, Kvam. Dei kjøpte og dreiv Solgjem i Bræbygden.
  7. Ola, født 1735, gift 1764 med Anne Olsdtr Slette frå Heidal. Året før han gifta seg hadde Ole Hansen Bræe kjøpt sygard Loftsgård. Det gjekk berre eit par år, så laut han selja garden att. Så kjøpte han Kongsparten i Bræbygden i 1777, men laut selgja at denne garden og. Kom så til Kaggro i Heidal, der familien budde i fire år. Etter det flytte dei til Gamleplassen i Bræbygden, der Ola endte sine dager i 1804, 71 år gamal. Kona Anne fall frå i 1815, 74 år gamal. Anne og Hans hadde 6 barn saman, og var mellom anna besteforeldre til den kjende skulehaldaren Hans Hansen Pillarviken.

Det var halde skifte etter Hans og Anne i 1751. Garden vart nå sett til 1200 Rd, og blant innbuet finn ein både sølvtøy, 10 «overtrukne» stoler og senger med omheng, i tillegg til et gammelt urverk med kasse.

 

Fredrik Hansson, født 1716, var gift med Mari Iversdtr nistugu Tofte frå Sør-Fron. Mari var dotter til Iver Erlandson Tofte og Mari Amundsdtr Forbrigd.

Dei fekk borna

  1. Hans, født 1745, og
  2. Iver, født 1748. Han vart gift med Ymbjør Olsdotter Sygard Kleppe, gift 1776 i Vågå, f. 1746 i Vågå, (datter av Ola Pålson Taulstad og Ragnhild Tjøstolvsdtr sygard Kleppe) d. 1811 i Vågå. Iver drukna saman med sonen Fredrik i 1784.

Fredrik Hansson hadde ei karriere som militær før han tok over farsgarden. I eit dimiteringsbrev datert Ager Gaard 19. juli 1749, får sjersant Fr. Hansen Breden, 31 år, avskjed i nåde etter 10 år ved 1ste Oplandske Nationale Infanterie Regiment.
I 1769 sel og skjøter Fredrik Hansson garden med Neprud, Vangen, Biskopsløkken og fiskevatnet Øyangen og to sætre til sonen Hans Fredrikson for 1600 Rd. Fredrik dør i 1784.

 

Neste brukar, Hans Fredrikson, var gift med Pernille Knutsdtr Bay frå Forr i Sør-Fron, dotter til løytnant Knut Erikson Bay og Eli Jonsdtr Waalen frå Gausdal.

Hans var ikkje innstilt på same militære karriere som faren. I 1772 vart det oppretta fast eksersisplass på Bræe. Men alt i 1765 søkjer han om å få avtjene militærplikt som ferjemann ved sundstaden Breden i 10 år. Søknaden vart innvilga, og han tjente tida ut, til han i 1775 søkjer om at Ole Olson Røssum blir sundmann i hans stad. Hans vart sletta av rullande etter endt tjenestetid ved sesjon på Bræe 30. juni 1779.

Hans og Pernille fekk desse borna:

  1. Mari, født 1770. Gift med Christen Guttormson nedre Åsåren. Dei fekk elleve born.
  2. Fredrik, født 1771.
  3. Knut Bay, født 1774. Gift med Anne Gudbrandsdtr Brandstad, født 1773 i Ringebu. Dei dreiv fyrst ein del av Brandstad (nørdre), men kjøpte sidan Lille-Sandbu («Fautgarden») i Kvam, og flytta dit. Dei fekk borna 1) Hans født 1800, gift med Guro Hansdtr Teigen 1805 – 1840. Giftet seg at med Kari Monsdtr Kjæstad, født 1817. 2) Peder født 1802. 3) Pernille født 1807, gift med Engebret Kristensen Berget. 4)Fredrik født 1810,død 1811. 5) Iver født 1818. Knut døde i 1831, Anne i 1837.
  4. Eli, født 1781.

Hans Fredrikson fall frå alt i 1789, og Pernille dreiv garden åleine i mange år. Ho var ein drivande gardbrukar og ei myndig dame, og sette mellom anna opp fleire gilde hus på garden.

Pernille ga frå seg garden kring 1792.

 

Fredrik Hansson, født 1771, gift med Marit Andersdtr Formo, dotter til  Anders Hansson Formo og Mari Olsdtr Arnkleiv. Ivar Kleiven skriv at dei hadde 29 born ialt, 24 vart døype. Ein kjenner til 22.

  1. Hans, 1794 – 1798.
  2. Pernille, 1795 – 1870. Gift med (1) Ola Olson Veikle frå Kvam, død 1836, og (2) Knut Torson Gammelsletten.
  3. Mari, født 1796, gift med Ola Hage frå Dovre.
  4. Eli, født 1797. Gift med Hans Erikson ner-To frå Sel.
  5. Marit, 1798 – 1799.
  6. Marit, 1799 – 1799.
  7. Marit, født 1800. Gift med Hans Åsåren frå Sel. Dei hadde Holmen på Tretten ei tid. Etter at mannen døde, flytta ho til syster si på Brævangen.
  8. Hans, født 1801. Døde ugift i 1860.
  9. Kari, 1802 – 1844. Tvilling.
  10. Kirsti, 1802 – 1803. Tvilling.
  11. Anne, født 1803.
  12. Anders, 1805 – 1805.
  13. Anders, født 1805. Gjekk gjennom isen og drukna 10. april 1826.
  14. Anne, 1807 – 1825.
  15. Ola, 1810 – 1810. Tvilling.
  16. Ragnhild, 1810 – 1812. Tvilling.
  17. Fredrik, født 1813. Gift med Torø Olsdtr Blekastad frå Sel. Han brukte fyrst søre Bræe, så gardsluten Ekra (Bispe-Ekra, også kalla øvre Breden) si levetid.
  18. Ragnhild, født 1814. Gift med Jakop Olson Olstad, son til Ola Jakopson Brekken (Jøråndstad.) Reiste truleg til Amerika.
  19. Ola, født 1815. Gift med Rønnaug Hansdtr Solgjem. Han brukte nørdre delen av Bræe si levetid, og budde med familien i søre stugu på garden.
  20. Knut, født 1817. Gift med Anne Eriksdtr søre Kollo frå Kvam. Dreiv fyrst Ekra, så søre Bræe.
  21. Marit, født 1819. Gift med Syver Olson nørdre Einangen frå Bræbygden.
  22. Marte Fredrikke, født 1823. Ugift. Budde på, og dreiv bruket søre Brævangen. Ei dotter, Anne Fredrikke, vart gift med Amund Olson Selsjord og tok over søre Brævangen.

Fredrik var truleg den første i bygden som skreiv kontrakt med husmennene sine, etter forordninga av 29. juni 1792. I 1793 vart det tinglyst husmannskontrakt med «Jacop Knudsen på Bredevangen, Jon Paulsen på Hæradalen, Anders på Neprud, Ole på Qvernhuussletten og Rasmus på Bondestad». Ivar Kleiven skriv at «Frik va ein magtug Kar og ein Døl ‘taa di go’e gamle Slagje, men baade han og Far’n va saa døm drakk; de va no eit Lyte, som vilde hengje ve Ti’e døm livde i.»

Fredrik Hanson delte Bræe mellom tre av sønene sine då han vart gamal, slik at Fredrik fekk søre Bræe, Ola fekk nørdre Bræe, og Knut fekk Ekra.

Knut samla garden at då brørne Fredrik og Ola døde, og sto som eigar av heile garden i 1888. Han delte den påny mellom dei tre (gifte) sønene sine. Fredrik tok over søre Bræe, Edvard tok over Ekra, og Hans tok over nørdre Bræe.