Plasser under Bræe

Av H.O. Hansen Møller

I 1666 har Bræe èin husmann, Iver Lodenson, som da er 41 år. Han er gift med Torø Syversdtr Mæhlum. Truleg sit han på Brævangen.

Det vart fleire husmenn etterkvart. I “Beskrivelse over Gulbrandsdalen Provstie” skriv H.F. Hiorthøy i 1781 at Bræe har sju husmenn, i 1793 tinglyste Frik Bræe husmannskontrakt med “Jacob Knudsen på Bredevangen, Jon Poulsen på Haredalen, Anders på Næprud, Ole på Qvernhussletten og Rasmus på Bondestad”.

I manntalet frå 1801 er talet åtte. Næprud er delt, Brenna og Brånålykkja er komne i tillegg.

Utover på 1800-talet auka talet på plassar i takt med auken i folketalet. Ialt hadde Bræe, eller Bræe-gardane) 17 husmenn, men ikkje alle desse fantes samstundes. Rusten, som var delt frå øvre Næprud, hadde stuttast eksistens. Her budde husmannsfolket berre eitpar år.

I 1865 hadde søre Bræe 8 husmenn, i 1875 hadde dei 11 og i 1900 5. Same åra hadde nørdre Bræe ein , ingen og 5, medan Ekra hadde 4, 3 og 2.