Plasser under uppigard Bu, Buflåten

Av H.O. Hansen Møller

Buflåten, slik vi kjenner den idag, har frå gamalt vore tre husmannsplassar under uppigard Bu; søre, midtre og nørdre Buflåten.

Midtre bruket er eldst, rydda noko før Ofsen. «Jacob Flaatenn» er nemnt i ein auksjonsprotokoll frå 1789.

Søre bruket vart busett 1803, då Lars Syverson nørdre Loftsgård fekk feste på jord der. Han var gift med Marit Iversdotter uppigard Bu.

Nørdre Flåten vart busett kring 1830, av Johannes Olson midtre Slåen.

Anton O. Letrud kjøpte søre, midtre og ein del av nørdre Buflåten av Olø Andersen Bu i 1923. Han og kona Petra budde på søre bruket med stor huslyd til 1945. Ei dotter og mannen hennar tok over. Søre stugu frå søre bruket er flytta til tuftene etter nørdre Buflåten, og vert brukt som hytte. Husa på søre Flåten er seld som feriestad, medan jorda vart seld tilbake til uppigard Bu.