Flekken

Av Hans-Olav Hansen Møller

Flekken var ein liten heim nede ved Lågen i Høgkringom. Dei fyrste som slo seg ned der, var Ola Jonsen Brånåløkken og kona Imbjør Pedersdtr Solhjemseie, truleg etter at dei gifta seg på haustparten 1846. Plassen låg i sameiga, og svara såleis ikkje noka avgift.

I FT-1865 hadde Imbjør og Ola fem barn:

  1. Kari f. 1850,
  2. Imbjør f. 1852,
  3. Rønnaug f. 1855,
  4. Jon f. 1858 og
  5. Iver f. 1862.

Dei hadde ei ku og tre sauer, og sådde 5/8 tønne bygg og 1/2 tønne poteter.

I 1867 tok broren til Ola, Fredrik Jonsen i øvre Brånåløkken, over som husmann på granneplassen Solhjemsbergom, og flytta dit med huslyden. Dermed flytta Ola og Ymbjør opp bakkane til Brånåløkken att, med kontrakt på heile plassen. Flekken vart liggjande folkelaust, jamvel om Ola brukte jordvegen saman med sin eigen plass. I 1875 sådde han 1/8 tønne rug, 1/4 tønne bygg og ei tønne poteter der.

I 1886 flytta Ola og Ymbjør påny attende til Flekken saman med sønene Jon og Iver. Iver budde i Flekken til i 1887, då han meldte utreise til Ringebu.

I 1891 vart sameigeskogen i Kringlien delt, og Flekken vart liggjande i teigen til Bræe. Dermed vart heimen på papiret husmannsplass. Det vart ikkje tinglyst kontrakt, og dei betalte heller ikkje noka leige.

Ymbjør Pedersdtr døde i Flekken i 1900. Ola Jonsen døde samme stad i 1902, båe som fattiglemar.