Søre Eide

Av Aud Sandbu

Det var altså Johannes Hansen Vik gift med Anne Fredriksdotter Sønstebø el. Stormorken, som ved skjøte datert 3/6-1766 vart eigarar av 3 skinn i Eide, den gardparten som seinare er kalla søre Eide.

Både Johannes og Anne var avlidne før 1798. Ein kjenner til tre søner etter dei:

  1. Hans f.ca. 1745 – overtok garden.
  2. Ole f.ca. 1747 – ugift, budde på søre Eide til han fall frå i 1816.
  3. Fredrik f.ca. 1750 – også han ugift, død på søre Eide i 1829.

Som eldste bror fekk Hans skjøte på søre Eide 3 skinn for 299 rd frå Ole Johannesen m.fl. Skjøte dagsett 28/6-1798. Hans står oppført som «Gaardbruger og medhielper» på garden i 1801, og var forlengst gift med ei Kari Pedersdotter f.ca. 1763. Saman hadde dei barna:

  1. Peder f.ca. 1787 – overtok garden.
  2. Johannes f.ca. 1790 – døydde som ungkar på søre Eide i 1832, sagt å vera 42 år gamal.
  3. Jacob f.ca. 1793 – konfirmert 17 år gamal i 1811. Vidare livsløp ukjent.
  4. Anne f.ca. 1796 – gift 1823 med Hans Eriksen Bakkemoen f.ca. 1794, son til Erik Jacobsen og kona Mari Halvorsdotter som kjøpte Bakkemoen mellom Sjoa og Kvam i 1792. Både Anne og Hans levde enda i 1865, og var da føderådsfolk hjå sonen Hans som hadde overteke garden. Anne og Hans fall frå same året, ho i mars og han i oktober 1872. Dei hadde i hvert fall fire barn.
  5. Ole f. 1802 – hadde utanfor ekteskap med Marit Bersvendsdotter Hjellum, Sel, ein son Ole f. 1830. Ole Hansen døydde som ungkar på søre Eide i 1848.
  6. Hans f. 1805 – kan vera den Hans Hansen Eide som er oppført i kyrkjeboka som død i 1837, utan dødsdato og alder. «1809, den 9de Julii blev et dødfødt Barn bragt til Verden, henhørende til Hans Johannesen Ejde og Hustruen Kari Pedersdatter. Barnet var fuldbaaret, men døde i Fødselen, der varede 1 ½ Time. Fosteret kom forkeret, og da Jordemoderen var uoplæret, kunde hun intet foretage med Vænding. Efter Forløsningen forsøgte Jordemoderen ved Blæsning i Næse og Mund, samt ved Trykning paa Brystet, at bringe Barnet til live igjen, men forgjeves. Moderen havde tilforn ikke havt noget dødfødt Barn. Saaledes er det Vidnesbyrd som herom er aflagt af den tilstædeværende Jordemoder Anne Olsdatter Moen.» (Sitat frå kyrkjeboka.)

Mor Kari overlevde den siste, harde fødselen, men døydde berre fem år seinare, 50 år gamal ifølge kyrkjeboka. Hans var etter det ft-1801 seier, bortimot 20 år eldre enn kona si, og var 75 år da han fall frå i 1819.

I eit skiftebrev slutta den 22/9-1814, der gamle Hans truleg skifta i live med barna like etter at han vart enkemann, går det fram at søre Eide med Varphaugen vart overdrege til sonen Peder Hansen for 300 rbd.

Peder gifta seg i 1816 med Anne Olsdotter Graupe f.ca. 1785. Ho var dotter til Ole Fredriksen uppigard Graupe og kona Mari Guttormsdotter nigard Graupe, gardfolk på heimgarden hennar i Kvikne, Nord-Fron.

Peder og Anne fekk fire barn, men berre tre vaks opp:

Hans f. 1817 – gift 1841 med Ragnhild Amundsdotter Stanviken f. 1813, dotter til Amund Mortensen og kona Guri Andersdotter, gardfolk i Stanviken. Hans og Ragnhild budde mykje av tida på øvre Graupe, der Hans var tjenestekar i mange år. Vi finn berre Hans der i 1865, Ragnhild losjerte heime i Stanviken med dei to yngste barna. I 1875 finn vi att ekteparet på ein plass i statsalmenninga, kalla Flatmoen. Sonen Amund som var jernbanearbeider, var heime akkurat da. Hans fall frå i 1891, Ragnhild i 1896. Dei var da heimfesta til Jostugu, som truleg var det same som Flatmoen. Fire barn:

  1. Kari f. 1819 – d. 1819
  2. Ole f. 1821 – gift 1844 med Marit Syversdotter nordre Einangen f. 1801, dotter til Syver Olsen Blekastad og kona Berit Syversdotter som kjøpte Einangen i 1791. Ole og Marit brukte søre Eide nokre år, før dei utvandre til Amerika i 1853. Ingen barn.
  3. Kari f. 1824 – gift 1855 med Hans Torsen Skurengslien f. 1825, son til Tor Syversen Åmodt og kona Kari Hansdotter frå Buøien i Kvam, plassfolk i Skurengslia under Røssum i Kvam.
  4. Hans var skomakar, og leigde husrom til seg og familien i Skurengslia i nokre år før dei fløtte til Kvikne. Budde først i Vaterland under uppigard Graupe, deretter fekk dei husmannskontrakt på Jægersletten, også under uppigard Graupe, og budde der til Kari fall frå i 1885. Fem barn. Som enkemann gifta Hans seg på nytt med enka etter brorsonen sin, og fløtte attende til Skurengslia i Kvam. I 1900 finn vi han der med den andre kona si, og ei dotter dei fekk saman.

Det ser ut til at Peder sleit tungt med økonomien. I 1838 vart det halde ein auksjonsforretning «hvorved Ole Olsen Ruststuen er givet Udlæg og Indførsel i Debitor Peder Hansens Gaard Eide for 294 spd.»

Den 3. september 1844 vart det tinglese eit auksjonsskjøte på søre Eide til Torger Johannesen Graupe.

Brørne Ole og Hans Pedersøner kjøpte attende farsgarden i 1847 for 344 spd og føderåd til Torger Johannesen Graupe, men det gjekk ikkje så bra for dei heller.

Etter seks år gjekk garden ut av slekta. Den same Torger Johannesen Graupe fekk på nytt auksjonsskjøte på garden, denne gongen som panthavar. Skjøte datert 8. mars og tinglese den 5. august 1853.

Berre nokre månader seinare selde Torger Johannesen Graupe søre Eide til ein Iver Jacobsen for 542 ½ spd. Skjøte datert 16. juli og tinglese same dato som ovanfor.

Kjøparen var Iver Jacobsen Lostad f. 1819 i Sør-Fron, son til Jacob Christiansen Lostad og kona Marit Iversdotter frå uppigard systugu Forr.

Farfar til Iver var ein tyskar som kalla seg Christian Wigand. Han var født ca. 1745, og kom frå Wiesbaden. Som enkemann gifta han seg i 1780 i Sel med ei Ingeborg Johnsdotter f. ca. 1755.

Christian og Ingeborg fløtte til Sør-Fron. Vi finn Christian Wigand Lostad i kyrkjeboka for Fron i 1799, da han var kausjonist for Hans Hansen Svelle som gifta seg. I folketellinga frå 1801 finn vi ekteparet med sonen Jacob f. ca. 1783 oppført som plassfolk under Svelle.

Ingeborg døydde på Lostad alt i 1803, sagt å vera 48 år gamal. Christian levde til han vart 75 år. I kyrkjeboka står han oppført som gardmann og fellberedar Christian Faltinsen Wiigant, død 16/1-1820 på Lostad.

Christian Wigand hadde borgarbrev som garvar. Dette brevet finst enno, og er i forvaring på søre Eide.

Iver gifta seg i 1849 med Ingeborg Gulleiksdotter Nordlien f. 1823 i Ringebu, dotter til Gulleik Olsen Nordlien og Ingeborg Iversdotter uppigard systugu Forr. Iver og Ingeborg var syskjenbarn ettersom mødrene deira var systrer.

Iver og Ingeborg leigde husrom på Hegge i Sør-Fron før dei kom til søre Eide i 1853.

Så døydde Iver frå kona og tre mindreårige ungar i 1859, berre 40 år gamal.

I 1865 finn vi Ingeborg som gardbrukar og sjølveigar på søre Eide, åleine med dei tre barna. Ti år seinare syner folketeljinga at ho leigde ut husrom ved sida av gardsdrifta. I 1900 budde Ingeborg hjå dottera Gina i Veggumsflåten.

Barna til Iver og Ingeborg:

  1. Marit f. 1849 – gift 1874 med Syver Syversen Kolloen f. 1828, son til Syver Syversen nordre Einangen frå Sel og kona Anne Jacobsdotter som var født på nordre Kolloen, Sjoa. Syver og Marit vart gardfolk i nordre Kolloen etter foreldra hennar. 2 barn.
  2. Jacob f. 1853 – overtok garden
  3. Gina f. 1856 – gift 1886 med Paul Hansen Kleivrud f. 1856, son til Hans Hansen Ulsvold og kona Rønnaug Olsdotter frå øvre Åsåren, gardfolk i Kleivrud nørdre m/Øien i Sel. Paul og Gina kjøpte Flåten under søre Veggum i Sel, og budde der da dei fekk einaste sonen Johan Hjalmar f. 1892. Så døydde Paul frå dei i 1893. Gina og sonen budde framleis på Veggumsflåten i 1900, men Gina selde garden i 1908. Sonen Johan Øien kjøpte søre Kleivmellom i 1927.

Jacob overtok på søre Eide etter mor si først i 1882. To år seinare gifta han seg med Marit Hansdotter Haugen f. 1858, dotter til Hans Knutsen søre Haugen og kona Mari Einarsdotter Holen frå Heidalen, gardfolk i nordre Haugen i Bræebygda i 1865.

Jacob og Marit fekk 8 barn, men to søner døydde i spebarnsalderen:

  1. Inga f. 1884 – gift med Fredrik Jacobsen Selsjord, Sel. Gardfolk på Selsjord. Fire barn.
  2. Hans f. 1886 – d. 1886
  3. Mathea f. 1888 – gift med Tollef Gjermundsen Trønnes. Budde i Sel. Fire barn.
  4. Iver f. 1892 – d. 1893
  5. Iver f. 1894 – overtok heimgarden.
  6. Helene f. 1896 – gift med Iver Hansen Bragelien. Dreiv butikk på Lalm.
  7. Johan f. 1900 – gift med Marie Moen. Dreiv butikk på Sjoa. To barn.
  8. Anton Vigant f. 1903 – gift med Karen Bragelien. Kjøpte nordre Olstad på Sel i 1933. To barn.

Iver overtok på søre Eide etter foreldra i 1920. Han gifta seg i 1921 med Laura Iversdotter Åmodt f. 1897. Ekteparet fekk 11 barn, deriblant eit tvillingpar.

Så vart garden overdregen til eldste son i 1961. Neste generasjon overtok i 1988, slik at det nå er soneson til Iver som står som eigar og brukar på søre Eide.