Nedre Heradalen

Av Hans-Olav Hansen Møller

Paul (Pål) Olson Heradalen gifta seg i 1847 med Ingrid Amundsdtr Stanviken, og fekk året etter festebrev på plassen. Attåt arbeidet på plassen dreiv han noko som skreddar, men mest var han nok kjent for engasjementet sitt i Thrane-rørsla. Han vart formann i “Kolloens Arbeiderforening”, og i 1851 var han med på arbeidarmøtet i Kristiania. Han vart òg kalla inn til forhøyr i samband med at Marcus Thrane vart arrestert for arbeidarorganisering. Eit par år etter var arbeidet til foreninga lagt ned, og Pål var attende som husmann i nedre Heradalen. Han hadde fått festekontrakt på plassen i 1852; arbeidsplikta skulle gjerast som skreddar på Bræe.

Men i 1870 døydde Ingrid Amundsdtr, og Pål overlét plassen til den yngre broren Jakop, som òg er skreddar. I 1875 bur han med kone og fem born, systera Ragnhild og mora i nedre Heradalen.

Pål gifta seg opp att og er i 1875 “brukfullmægtig” på Megarden i Kvam.

I 1900 er han tilbake i Heradalen, som no er eitt bruk att. På ny er han enkjemann og med to mindreårige barn. Pål døydde i 1902. Ingen av barna tok over festet på Heradalen.

I 1910 er det nye plassfolk i Heradalen. Edevard O. Breden og kona Amanda Iversdtr bur der med fire døtrer.

Edevard Olsen var sonen til Mari Olsdtr Bræe og Ola Erikson Stormorken frå Kvam. Mari var dotter til Ola og Rønnog Bræe som brukte nørdre Bræe si tid. (Ho hadde eit glasauge etter at ho i ungdomen vart stanga av ei ku slik at ho mista synet på eine sida.) I 1921 fekk Edevard O. Breden tinglyst skøyte på Heradalen. Ein låve vart halde unna salet, og gjekk inn som ein del av arven etter Fredrik Bræe då han skifta i live i 1920. Låven står i dag på nørdre Bræe.