Bræe/Breden

Av H.O. Hansen Møller

Den eldste busetnaden, opphavsgarden, i Bræbygden, låg der Bræe-gardane og Ekra ligg idag. Her finn ein fleire gravrøyser frå yngre jernalder, og truleg var garden lenge eit høvding-sæte og religiøst senter for denne delen av Nord-Gudbrandsdalen. Garden er fyrste gongen nemnt av Snorre Sturlason i Olav Haraldssons saga. Der fortel han om Olavs møte med bondehæren ved «Hov à Breida» i 1021.

I Håkon Håkonsons saga heiter det om kongen at «hann let giora bu à hofi i breidin»., og at han lot bygje ein veitslehall (overnattingsstad for reisande) der. Dette skulle indikera at garden då var kongsgard. Håkon Håkonson hadde det med at han bygde kyrkjer på kongsgardane, og kanhende var det han som fekk bygd kyrkje på garden

I eit diplom frå Ekre i Heidal, dagsett 7. oktober 1333, er nemt «Torde preste à Breidini». På 1600-talet vart Sel og Bræbygde kalla «Sells og Bredens Annexer».

Kyrkja kom i forfall etter svartedauden i 1349. Fyrst på 1500-talet sto ho til nedfalls, og det kom forordning om at kyrkjelyden annakvart år skulle gå til kyrkje i Kvam og på Nord-Sel. Dette held fram heilt til Bræbygda kyrkjeleg vart delt mellom Vågå og Fron i 1737.

I 1480 er garden «widh bræidhene» nemnd, og sist på 1500-talet er nemninga «kongsgaarden Brede».

Garden fekk skattefritak avdi den var skyss-stasjon, og er på 1600-talet nemnd som «Kongelig Majestets Frigard», medan «Oluf Olufsen Bredenfrigaard» er med i Krigsskattelista 1612.

Hov er siste gongen nemnt i eit diplom frå Sandbu i Vågå, dagsett 2. april 1449. Pål Ivarson Gjesling budde då på Bræe.

Sidan garden var kongsgard, har truleg Pål Ivarson hatt eit offenleg ombod. Ivar Kleiven meiner han var sysselmann. 2. april («midwiku dagen nest ffore palm sunnedag») dette året varte det halde takst på buskap og lausøyre på Hov, kan hende i samband med at garden vart lagt under Bræe. Garden var heller stor, 22 kyrlag, 12 såld korn utsæd, og med kvern. Husa sto truleg til nedfalls; Innbuet var berre ei dyne, ei pute, eit teppe, eit bord og to stampar.

Ola Olson, født kring 1560, var gift med Ragnhild Jonsdotter Glømmen frå Øyer. Dette er truleg den «Olaf Olafsen» som fekk kongebrev i 1610, og som er nemnt i Krigsskattelista 1612. Det kan sjå ut til at sonen Nils Olson tok over grannegarden Mæhlum då han gifta seg med Marit Dagsdtr. Ho er venteleg dotter til Dag, brukar på Mæhlum i 1594.

I «Register och Mandtall paa alle Odelsbönderne, (..) wdj (..) Guldbrandzdalls fougderie» frå 17. februar 1615, er også «Olluff Breedenn» nemnt som leilending. No er det ført til at «Cronens Rettighed aff denne gaard, Er bonden fri beuilgett. Bondens Odell er 11 schind i Helden, 8 schind i Karbö, 4 schind i Holle, 4 schind i Birke.» Dermed kan det sjå ut til at neste brukaren på garden, Jakop Fredrikson, er verson til Ola, avdi dei eig gods i dei same gardane.