Øvre Næprud og (Bræe-)Rusten

Øvre Næprud i dag

Av Hans-Olav Hanssen Møller

Hans Jacobsen Næprud var født i 1758. Han gifta seg med Synne Gulbrandsdtr, født pålag 1757.
Ein finne ikkje dåpen til Synne i kyrkjeboka for Sel, heller ikkje giftemålet mellom Hans og Synne. Truleg er ho frå Fron, der kyrkjebøkene frå før 1799 er gått tapt. Kanskje er ho dotter til Gudbrand Stanviken?
I øvre Næprud fekk Synne og Hans tre barn:

  1. Ragnhild født 1795. Gift i 1816 med Ole Mikkelsen Ottekren, født 1791, sonen til Mikkel Engebrethsen Bu og Synnev Pedersdtr. Desse vart dei nye plassfolka i nedre Næprud.
  2. Kari født 1797. Gift i 1821 Tor Paulsen Gråvå, født 1798, son av Paul Thorsen Gråvå og Kari Knutsdtr Teigen frå Sel. Tor og Kari vart plassfolk i øvre Næprud etter foreldra.
  3. Sigrid født 1798. Sigrid finn ein som enkje og føderådskone på søre Bergum i Kvam (Nord-Fron) både i 1865 og 1875. Ho var gift med Lars Olsen Bergum, født 1801 i Bergum under Lillejevne, Kvam, son av Ole Larsen Bergum og Ingelev Iversdtr.

Hans døde i 1833, 76 år gamal. Gravferda til Synne finn ein ikkje.

Sidan eldstesystra Ragnhild og mannen hennar tok over nedre Næprud, vart det Kari Hansdtr og mannen hennar, Tor Paulsen som vart neste husmannsfolka i øvre Næprud. Dei fekk fem born:

  1. Anders født 1823. Gift med Guri Olsdtr. Vangen, født i 1822 på nørdre Vangen, dotter til Ole Syversen Vangen og Ingeborg Jacobsdtr. Selsjord.
  2. Ragnhild født 1826. Gift 1871 med Hans Erlandsen Stanviksranden, sonen til Erland Olsen Åmodtsrønningen og Marit Olsdtr. Mæhlumsløkken.
  3. Kari født 1829, gift med Hans Johannesen Mæhlumsløkken, sonen til Johannes Olsen Mæhlumsløkken og Anne Bersvendsdtr. Hjellum. Ein finn Hans og Kari i øvre Tullut både i 1865 og 1875. Kari døde i 1905 i øvre Tullut.
  4. Synnev født 1833. Gift i 1858 med Paul Johnsen Lillesæter, født 1830 i Lillesæter under Steinfinsbø i Heidal. Synnev finn ein i 1865 saman med mann og barn hjå svigerforeldra på Lillesæteren i Heidalen. Den 20.05.1873 utvandra ekteparet med fire døtre til Amerika.
  5. Paul født 1836. Reiste til Romsdalen i 1868.

I 1865 er det Anders og Guri som er plassfolk i øvre Næprud. Dei før fem kyr og åtte sauer, sår to tønner bygg og ei tønne poteter, og Anders er husmann på søre Bræe. På bruket bur også førådsfolket Tor og Kari, og «forpagter» Paul Hansen («Minste-Pål») med kona Anne Andersdtr Garden og tre barn.
I 1875 er buskapen ei ku og ein okse, fire kalvar, åtte sauer og 20 geiter. Utsæden er pålag som ti år før.

Førådsmannen Tor Paulsen døde i 1872, kona Kari fall frå i 1876.

Kring 1880, då Bræe vart delt, fekk Anders ny husbond og vart husmann under Ekrom.

Anders og Guri fekk barna

  1. Kari født 1855. Tjenestjente i Solgjemslien i 1875. Utvandra til Amerika i 1882.
  2. Ole 1858.
  3. Hans født 18. august1862, død 22. september same året. Hans var tvilling. Det andre barnet var dødfødt.
  4. Thor født 1863.

Guri Olsdtr døde i 1891, og i 1900 er plassen fråflytta.

I 1904 kjem det nytt folk i øvre Næprud. Amund Olsen Rustbakkom og kona Mathilde Pedersdtr Morken blir nye plassfolk.

Amund sette opp ny og større stugu, og rydda òg eindel ny jord. Attåt dreiv han med tømring og skiferarbeid. Ei tid var han og på jernvegsanlegg.
I 1913 kjøpte Amund øvre Næprud, kalla den jamvel om til Solberg. Men det vart etterkvart for tungvindt på det bratte og veglause  bruket, og då Åstelykkja nede ved elva kom på salg i 1917, selde han øvre Næprud og flytta med familien ned i dalen. Berre etternamnet Næprud tok dei med seg.

 

(Bræe-)Rusten

Den 7. mai 1864 fekk Paul Hansen (Minste-Pål) Åsteløkken arvefestebrev med “Rettigheter i Skog og Havn” for seg og arvingane sine på plassen Rusten. Pål var gift med Anne Andersdtr Gården frå Selsverket, og dei hadde tre små barn då dei flytta hit. I folketeljinga i 1865 er ikkje Rusten noka eiga eining, men Pål Hansen er registrert som “Forpagter” av ein del av øvre Næprud. Familien vart heller ikkje lenge på Rusten. Alt i 1868 fekk dei feste på Åsteløkken og flytta dit.