Bergum og Bollongen (Bollongstugu)

Bergum i 1901

Av Aud Sandbu og H.O. Hansen Møller

Historia om Bergum og Bollongen byrjer med Jacob Hansen Romundgard, født omlag 1738. Det er sagt at Jacob var einebarn, og at han ville gifta seg med ei jente frå ein husmanns-plass oppe i Leine-bakkane sy Kvam. Dette sette foreldra seg sjølvsagt imot, og sa at dersom han gjorde alvor av dette giftarmålet, fekk han fløtte på Bergum, som den gongen var eit underbruk av Romundgard.

Jacob ville ikkje gje avkall på ho som han hadde funne seg til kone-emne. Han gifta seg og fløtte på Bergum, og med det gjekk manns-lekken ut på Romundgard.

Det seiest at då stor-ofsen gjekk i 1789, fekk Jacob «ettersenda» til Bergum den jord- vegen han skulle ha arva på Romundgard.

Sidan slekta til Jakop Hansen kom både til Bergum og Bollongen, skulle ein tru at båe var plassar under same gard. «Belgøyen» (forvanskning av Bollongen) er nemnt som rydningsplass under Romundgard i 1666. Alt i «Akershus lens jordebok 1577-78» er «Bolingenn Hammersgods», skyldsett til 1 hud, med.

I Årb. f. G. 1952. Engebret Hougen: Opphavet til Hougen-ætta frå Sel, finn ein omtala eit skifte etter «Sigrie Ulsboe» i 1778-83. Her vert nemnd «een forlængst afdød Mand Ole Ødegaarden paa Zell denne Ole havde i lovligt Ægteskab avlet 4re Børn nemlig: 1. Friderich 2. Ole 3. Kirsten og 4. Anne. (…)

Anden Søn Ole havde avlet i Ægteskab en Datter ved navn Kari som og har avlet en Datter Anna Bergum.» Vitner på at dette var rett, var Ingebret Loftsgard og Rasmus Bollongen. Èn Lisbet Bollongen, 70 år, er vitne seinare (truleg mor til Rasmus). «Anden Søn Ole» var f. 1638, gardbruker på Haugen på Sel, og gift med èi Anne. Ola døde før 1684, og enkja selde garden mellom 1698 og 1711, men tok att plassen Reiten til fødråd.. Dotter deira, Kari, var altså mor til Anna Bergum.

Kvinna som Jacob var så trufast mot, heitte Borhild. Saman fekk dei ein gut dei kalla Ole. Den muntlege historia seier at Ole vart farlaus som smågut, og at mora sleit åleine med gardsdrifta på Bergum for å livberga seg og guten. Fordi Ole berre hadde mora i framvekst-åra, vart han kalla Borhild-Ola.

Historia fortel vidare at Borhild-Ola vaks opp til ein røsleg kar som i sin beste alder var 1,85 m høg og 130 kg. Han vart fenga av taterfolket som det alltid var eit følgje av på reise gjennom dalen, og tok til å gå dei etter i næringa. Han reiste land og strand rundt og handla med bl.a. skinn og edle metall. Då kom han i slagsmål med karane i ymse tater-følgje, men dei skjøna fort at det var best å halde seg unna denne slåsskjempen. Det utvikla seg etter kvart til gjensidig respekt mellom Borhild-Ola og taterane, endåtil vennskap med somme av dei.

Då Ola fann seg kjerring og slo seg ned for godt på farsgarden Bergum, var han ein halden mann. Etter han og kona Kari, er det vorte ei stor etterslekt.

Men det ser ikkje ut til at alt stemmer i den muntlege overleveringa:

Ola Jakopsen er husmann under Øverbø i 1801, og både Jakop og Borhild lever enda, som fødrådsfolk. Altså tilhører Bergum Øverbø på det tidspunktet . (Det at Ola vart far-laus i ung alder, stemmer ikkje heller, da. Ola alt er gift med Kari Iversdtr). Bergum kan ha vorte seld / skifta e.l. til Romundgard på ett eller anna tidspunkt.

Borhild-Ola og Kari Iversdtr. fekk i alle fall 8 born som voks opp. Alle er funne i kyrkjeboka, og foreldrene budde på Bergum eller Romundgardseie.

1. Jacob Olsen Bergum f. 1797, drukna i Atnasjøen. Ein har ikkje funne ut kva tid det var, og om han vart gravlagt ved Selskyrkja.

2. Ragnhild Olsdtr. Bergum f. 1799 gifta seg i 1824 med Peder Olsen Pladsen, Han var sonen til Ola Iversen uppigard Bu, f. 1777, (son av Iver Pederson Horgje og Torø Espe) og Kari Pedersdtr Plassen (søre Kringen) (dotter til Peder Jonson Plassen og Anne Jonsdtr).

Under FT-1865 er dei å finne som føderådsfolk på Kringlen søndre, der ein av sønene, Ole Pedersen 38 år er gardbrukar. Han er gift med Kari Imbertsdtr., 26 år, og har borna Ragnhild 5 år og Pernille 2 år.

Ragnhild og Peder hadde også borna:

  1.  Ole Pedersen d.y. f.1843 ?
  2. Anne Pedersdtr. f…….død 1857
  3. Kari Pedersdtr. f………død 1853

3. Iver Olsen Bergum f. 1802 gifta seg i 1829 med Torø Syversdtr. Kleivrud, f. 1811. Ho var dotter til Syver Amundsen nigard Bu og Torø Iverdtr. uppigard Bu som kjøpte Kleivro i si tid.

Iver og Torø overtok på Bergum etter Borhild-Ola og Kari, og dei fekk i alle fall 14 barn:

1. Ole Iversen f. 25/5-1830, gift med Olia Jakopsdtr nørdre Eide fra Sjoa. Han vart med tida brukar på Bergum, og var den som skilde frå Bollongen som eige bruk, og let broren Syver ta over den delen.

Ola Iversen Bergums gravferd i 1906

Barn:

  1. Anne, f. 1859
  2. Tora, f. 1861
  3. Ingrid, f. 1866
  4. Ragnhild, f. 1868
  5. Iver, f. 1870
  6. Jakop, f. 1873, seinare brukar på Bergum.

2. Syver Iversen f. 18/1-1832, gift med Anne Olsdtr fra Nord-Fron. Han tok over som brukar på Bollongen etter farbroren Peder Olsen. Han reiste sidan til Amerika. Det er fortalt at han på vegen dit selde garden til Ingebrigt Rudihagen frå Venabygd medan toget hadde opphald på Ringebu stasjon! Barn:

  1. Olia, f. 1856, gift med Ola Johannessen Ottbragden i 1882.
  2. Kari, f. 1858
  3. Tora, f. 1860
  4. Iver, f. 1862
  5. Ola, f. 1864
  6. Amund, f. 1866
  7. Syver, f. 1869
  8. Anne, f. 1873

3. Iver Iversen f. 8/8-1833, gift med Anne Larsdtr frå Svashølen under Bragelien i Nord-Fron. Dei brukte plassen øvre Bergum i si tid. Dei hadde barna:

  1. Iver, f. 1864
  2. Tora, f. 1862
  3. Kari, f. 1866
  4. Ola, f. 1869
  5. Amund, f. 1871

4. Jacob Iversen f. 31/1-1835, gift med Marit Olsdtr fra Nord-Fron, f. 1840. Bodde også på Bollongen, i «øvre Stuen» i 1875. Barn:

  1. Tora, f. 1869
  2. Iver, f. 1871
  3. Anne, f. 1873
  4. Ola, f. 1875
  5. Sikkert fleire?

5. Kari Iversdtr. f.16/10-1836
6. Anne Iversdtr. f. 4/2-1839
7. Jacob Iversen f. 13/8-1841
8. Amund Iversen f. 21/1-1843 død 4/2-1852
9. Hans Iversen f. 19/8-1844
10. Tora Iversdtr. f. 19/6-1846
11. Paul Iversen f. 26/1-1850
12. Iver Iversen f. 15/10-1851
13. Amund Iversen f. 1/9-1855, kom til Vetlsætern.
14. Marit Iversdtr. f. 27/1-1858, vart gift til Plassen.

4. Ole Olsen Bergum f. 1805,  gift 1833 med Anne Olsdtr. Leinehagen f. 1809, dotter til Ole Johannesen Leinehagen og kona Marit Mortensdtr. frå Stanviken, gardfolk i Leinehågån i Kvam.

Ole Olsen kalla seg seinare Vollastuen, og i FT-1865 finn ein han som gardbrukar og sjølveiger på dette bruket i Nordre Kvam, Nord-Fron. Der ser det ut til at han bur som enkjemann saman med ein son, Paul Olsen, 16 år.

Om Vollastuen står det i boka til Einar Hovdhaugen «Garder og slekter i Fron»:

«Koloplass, fråskilt gardar i Kvam, unntatt Røssum, i 1863. Selt av Iver Teige m.fl. til Ole Olsen for 70 spd. Har seter på Haugseter, og ein liten utslått på vestsida av Laugen. Vollastugu har i 1865: 1 hest, 1 naut, 3 sauer, 2 geiter, og sår 1/16 t. rug, 3/8 t. bygg og ¼ t. poteter.

Den gamle Vollastugu på austsida av Laugen er nå tillagt Ruststugun og ein del Kjørumslykkjen. Den gamle utslåtten eller heimsetra på vestsida er sjølstendig småbruk.»

Vidare i same boka finn ein i lista over utflytta personer frå Kvam og Bræebygda:

1864: Ole Olsen Vollastugun f. 1845 til Tromsø
1867: Paul Olsen Vollastugun f. 1850 til Nordland
1870: Kari Olsdtr. Vollastugun 20 år til Rennebu

Vollastugun er eit såpass uvanleg namn at det er nærliggjande å tru at desse personane også var born av Ole Olsen Bergum Vollastuen.

5. Peder Olsen Bergum f. 1808 gifta seg i 1841 med Imbjør Jonsdtr. Haugen, 30 år.

Peder og Imbjør slo seg ned på Bolongstuen, der dei var husmannsfolk under Bergum/Romundgard. Dei fekk borna:

  1. Kari Pedersdtr. f. 1842 ? død 24/6-1853
  2. 1845 ?
  3. 1848 ?
  4. Marit Pedersdtr. f. 12/7-1850
  5. Ole Pedersen død 11/6-1853

I 1853, den 5. Mai, skjedde det tragiske at Imbjør døydde i barsel. Guten ho fekk, overlevde heller ikkje, han døydde 11. juni. Kanhende gjekk det ein eller annan sott, men i alle høve var det enda eit dødsfall i Bolongstuen det året: Kari Pedersdtr. døydde 24/6-1853, berre 11 år gammal.

Peder Olsen Bergum Bolongstuen gifta seg opp att med Ragnhild Isaksdtr.

Med Ragnhild får Peder fleire barn:

  1. Ole Pedersen f. 28/10-1855
  2. Kari Pedersdtr. f. 16/2-1857
  3. Isak Pedersen f. 19/1-1859

Då Isak Pedersen vart boren til dåpen, har presten skrive om foreldra hans i kyrkjeboka: Peder Olsen og avdøde kone Ragnhild Isaksdtr. Bolongstuen. Nok ein gong mista altså Peder kona si i barsel, men sonen Isak levde heldigvis opp.

I Ft-1865 budde Peder Olsen som enkemann på Bolongstuen saman med borna Marit, Ole d.y., Kari d.y. og minsteguten Isak. 

Bolongen i 1901

Bolongen på 1960-talet

6. Hans Olsen Bergum f. 1811 gifta seg i 1841 med Ymbjør Eriksdtr. Taug, f. 1819. Hun var dotter til Erik Friksen ner-To, f. 1774, og Ymbjør Hansdtr. f. 1781.

I FT-1865 finn vi Hans og Ymbjør (Ingeborg) som gardbrukarar på Vangen søndre med barna:

  1. Ole Hansen 20 år
  2. Erik Hansen 15 år
  3. Iver Hansen 8 år
  4. Marit Hansdtr. 6 år
  5. Mathea Hansdtr. 1 år

7. Marit Olsdtr. Bergum f. 1814 gifta seg i 1841 med Peder Olsen Øibreckbacken.

Peder og Marit finn ein i FT-1865 på garden Bakken søndre, Kvam nordre, Nordre Fron. Dei hadde borna:

  1. Anne Pedersdtr. f. 16/5-1842
  2. Ole Pedersen f. 3/5-1846
  3. Ole Pedersen d.y. f. 4/4-1849
  4. Iver Pedersen f. 13/4-1853 død 22/4-1854
  5. Kari Pedersdtr. f. 18/8-1855
  6. Iver Pedersen d.y. f. 30/1-1859

8. Paul Olsen Bergum f. 1817 gifta seg i 1844 med Anne Eriksdtr. Taug f. 1824, og syster til Ymbjør.

I FT-1865 budde Paul og Anne på ein plass under Bergum kalla Paulsløkken.

(-eller Bergeløkken eller Bollongløkken, alt ettersom.) Dei hadde da ei pleiedotter Imjer Olsdtr. 19 år gamal i 1865. Ho er venteleg ei dotter til inderstar Ole Eriksen og hustru Imbjør Johannesdtr. Botten. Denne Imbjør Olsdtr. er født 10/1-1847.

Paul Olsen og kona Anne finn ein att på Taug øvre i FT-1875, og da har dei truleg til oppfostring to «fattiggutar med fattigunderstøttelse»:

Ole Andersen født 1860 og
Ole Johnsen født 1861.

Etter at Paul Olsen Bergum fløtte til Taug øvre, gjekk han under namnet Stor-Pål Tho. Kari Pedersdtr. Bakken, systerdotter til Stor-Pål, som vart gift til Ny-Sandbu, røpa i si tid ein «familieløyndom» om han.

Det vart sagt at Stor-Pål Tho var far til Anne Fredrikke Bredevangen f. 1850, men fekk «innsett» ein annan som far; i kyrkjeboka står det at ho var «uægte» dotter til Marthe Fredriksdtr. Bredevangen f. 1823, og Ole Hansen Formo f. 1818. (Desse var søskenbarn!)

Stor-Pål hadde truleg mykje å tape på å vedkjenne seg farskapen, han var tross alt gift, medan det for Ola Formo ikkje spela nokon rolle. Han sto på spranget til å reise frå bygdasladderen – til Amerika.

I 1900 var Stor-Pål og Anne komne på fø’råa. Men i folketellingslista står det Taug og Bergeløkken, føderaadshus eller søndre stue. Bergeløkken er i 1875 avfolka, så dette må vera på Øvre Tho.

Brorsonen til Stor-Pål, Hans Iversen Bergum med huslyd budde saman med dei.

Bergum i dag.