Gamleplassen

Av Aud Sandbu

At Ole Olsen Slette hadde handla til seg Gamleplassen, går fram av eit skjøte tinglese 1. juli 1795. Der står han som seljar, og kjøparen er prokurator Hans Gotfred Hansen, eigaren og brukaren på Sandbu. Gamleplassen er da nemnt Nedre Moen, og prisen var 70 riksdalar.

Av dette kan ein slutte at Gamleplassen truleg var ein rydningsplass i Nordre Kolloen statsalmenning, men det har ikkje vore råd å finne fram til kven som rydda jorda der, heller ikkje kva tid Ole Olsen Slette kjøpte rydningsbruket.

Så seint som i 1795 vart altså Gamleplassen eit husmannsbruk under Sandbu. Plassfolket som nå måtte svara husmannsplikt til prokuratoren, var den tilårskomne Ole Hansen og kona hans, Anne Olsdtr.

Ole Hansen vart født omlag 1735, og var den yngste av dei 7 borna til Hans Fredriksen Bræe og kona Anne Simensdtr.

Han gifta seg i 1764 med Anne født ca. 1740, ei av døtrene til Ole Olsen og kona Kari Paulsdtr. på Slette i Heidal.

Året før han gifta seg hadde Ole Hansen Bræe kjøpt søre Loftsgård for 1213 riksdalar, skjøte datert 12. september 1763. Det gjekk berre eit par år, så laut han selja garden til Peder Engebrethsen Bu som hevda å ha odelsrett til søre Loftsgård.

For salget av søre Loftsgård fekk Ole Hansen 1230 riksdalar. Kvar han hadde fått pengane frå til å kjøpe garden to år tidlegare, er uvisst, men i alle høve sat han så godt i det økonomisk etter gardssalget at han kunne låne ut 600 riksdaler til Knut Paulsen Kaggerud. Far til Knut etterlet seg stor gjeld med pant i garden då han fall frå rundt årsskiftet 1766-67, og sjølv var Knut berre 13 år gamal.

Panteobligasjonen frå Ole Hansen Bræe til Hans Helle som var formyndar for Knut Paulsen Kaggerud, er datert 17. september 1767. Saman med pant i garden vart det avtalt at Ole Hansen skulle få bruke Kaggerud gratis i 4 år, frå påska 1767 til påska 1771 mot at lånet i denne tida skulle vera rentefritt for Knut Paulsen.

Fyrste påskedag fall på datoen 31. mars i 1771. Åtte dagar seinare sat Ole Hansen Bræe med skjøte på Kongsparten som han hadde handla til seg for 800 riksdalar.

Meir om dette kan ein lesa om under Kongsparten. Det byrja å gå heller dårlig med Ole Hansen på denne garden; han hadde lånt pengar som han ikkje klarte å betale attende i rett tid, og garden vart lagt ut på auksjon.

Det er nærliggjande å tru at det var etter dette at Ole Hansen Bræe og familien hans kom til Gamleplassen. Kanskje kjøpte Ole Olsen Slette dette rydningsbruket for å hjelpe syster si og svogeren med å skaffe dei eit utkome etter at dei laut gå fra Kongsparten?

I 1801 hadde Ole Hansen og Anne Olsdtr. framleis to av borna buande heime på Gamleplassen. Dei hadde i hvert fall seks som voks opp:

  1. Hans f. 1764 – g. 1787 m. Marit Østensdtr. f. 1763, truleg dotter til Østen Syversen og kona Mari Pedersdtr. Ryen (Ro) i Heidal.

Vi finn Hans som gardbrukar i Pillarviken, Lalm, saman med kona Marit og seks ungar i 1801. Enda eit barn kom til tre år seinare. Ein av sønene vart seinare kjent som skulehalder Hans Hansen Pillarviken.

  1. Kari f. ca. 1767 – gm Fredrik Pedersen Lillejevnevolden, f. ca. 1766. Dei var plassfolk under Lillejevne i Kvam i 1801, og hadde døtrene Barbro og Anne. Fredrik var dessutan «national soldat» og sadelmakar.
  2. Ole f. ca. 1769 – livsløpet førebels ukjent.
  3. Ragnhild f. ca. 1772 – var tjenestejente på Sandbu i 1801. Fekk sonen Ole f. 1805 med Rasmus Johnsen Bjørnstad, ei dotter Ingrid f. 1811 med ein Syver Johnsen frå Sel, og endeleg ein son Hans f. 1817 med Amund Olsen Gaustom frå Svatsum i Gausdal.
  4. Anne f. ca. 1774 – budde heime i 1801, overtok seinare etter foreldra.
  5. Jacob f. ca. 1779 – budde heime i 1801 og var sadelmakar av yrke. Gift 1807 med Ingeborg Eriksdtr. Dalen. Dei budde i Gamleplassen da dei fekk sonen Ole f. 1808. Etter det ser det ut til at familien reiste frå bygda.

Gamle Ole Hansen fall frå i 1804, 71 år gamal ifølge kyrkjeboka. Som enke stod kona Anne Olsdtr. formelt ansvarleg for plassbruket enda i 7 år til. Ho døydde i 1815, 74 år gamal.

Dottera Anne gifta seg i 1806 med ein Engebreth Pedersen. Han var da heimfesta til Sandbu, men må vera han som står oppført som tjenestekar i Storrusten i 1801. Ekteparet fekk i 1811 husmannskontrakt på Gamleplassen av Hans Gotfred Hansen. Anne fall frå alt i 1839, 65 år gamal, medan Engebreth levde til han vart omlag 83 år.

Ungeflokken deira vart ikkje stor; sonen Peder kom til i 1812, og dottera Anne vart født i 1817.

Anne Engebrethsdtr. Gamleplassen vart konfirmert i Kvam i 1832. Deretter ser det ut til at ho reiste frå heimstaden utan å etterlate seg spor om kvar ho tok vegen.

Peder Engebrethsen finn vi som husmann på Gamleplassen i 1865. Han vart gift i 1835 med Berit Jacobsdtr. Plassen f. 1810, dotter til Jacob Hansen og kona Gunhild Østensdtr. som da var plassfolk under Sylte i Kvikne, Nord-Fron.

Gamleplassen fødde i 1865 ein hest, to kyr, fem sauer og fem geiter, og hadde avling av 1/16 tynne rug, 1 1/8 tynne bygg, samt 1 ½ tynne poteter. Dette var på den delen som Peder og Berit brukte. Dei fekk med tida sju ungar, og den eldste var sjølv gift og hadde eigne ungar i 1865. Ti år seinare hadde fleire av dei stifta familie:

  1. Engebreth f. 1835 – arbeidde som snikkar, men hadde «lidt af Pladsen» heime attåt, som i 1865 fødde to kyr og 7 geiter, forutan avling av 1/16 tynne rug, ¼ tynne bygg, 1/8 tynne blandkorn og ½ tynne poteter.

Han gifta seg i 1862 med Anne Iversdtr. Kjørumsbakken f. 1836, dotter til Iver Olsen og kona Anne Andersdtr. som var plassfolk i Bakken under Kjørum i Kvam.

Engebreth og Anne fekk sønene Iver f. 1863 og Peder f. 1865. To år seinare står dei oppført i utflyttingslista som utvandra til Amerika.

  1. Jacob f. 1841 – det må vera denne Jacob som slo seg opp og fram som skreddar og handelsborgar i Kristiania. I 1875 budde han i Carl Johansgt. 4 og kalla seg Jacob Pedersen Sandbo, var gift med ei Syverine f. 1843 i Fredriksvern, og hadde borna Marie f. 1869, Ragnvald f. 1871, Ragnhild f. 1873 og Sigurd f. 1875.
  2. Gunhild f. 1844 – g. 1871 m. Lars Johannesen f. 1841 i Øyer. Dei budde som inderstar på Gamleplassen i 1875, og hadde så langt fått tre ungar; Peder, Kristine og Bina. Lars var jernbanearbeidar.
  3. Ole f. 1847 – g. 1875 m. Kari Iversdtr. f. 1852, dotter til Iver Olsen og kona Anne Olsdtr. i Bekkedalen.

Ole og Kari budde også på Gamleplassen i 1875, og sonen Peder var komen til berre nokre månader før tellinga. Ole var også jernbanearbeidar.

  1. Hans f. 1850 – var fløtt heimanfrå før 1875. Truleg til Amerika.
  2. Hans f. 1853 – kan vera denne Hans som reiste frå Trondheim med dampskipet Tasso den 11. september 1879. Han står oppført som jernbanearbeidar, 26 år gamal, og oppgjeven destinasjon var Hamilton State, Ontario.
  3. Amund f. 1856 – budde heime i 1875, ugift jernbanearbeidar.

Under tellinga i 1900 var det folkelaust på Gamleplassen, der det på det meste hadde budd 10-12 menneske med smått og stort. Bygdafolk veit å fortelja at dei reiste til Amerika, alle som ein. Jamvel gamle Peder og kona Berit la ut på den lange reisa som starta frå Kristiania den 19. august 1881. Da var dei omlag 70 år gamle båe to. Reisemålet var Whitehall, men uvisst om dette var Whitehall i Wisconsin eller i ein annan stat.

I nyare tid har amerikanske etterkomarar etter Peder og Berit vore og besøkt Gamleplassen. Det var nok ikkje stort å finne att der etter den gamle busetnaden; jorda var gått attende til hovedbølet, og husa var anten rotna ned, eller dei var selt. Anton Selsjord (1879-1944) kjøpte i 1927 stabburet som vart sett opp att på Roe eller Lund, ein plass frådelt Selsjord nordafor garden.

Men i 1974 kom det folk på Gamleplassen att. Det var gardsfolket på Ny-Sandbu, som etter å ha overdrege garden til neste generasjon, sette seg opp nytt husvere der. Ein kan vel nesten seia at Gamleplassen i dag er føderådsbustaden til Ny-Sandbu.