Solhjem skule

Solhjemskulen, Aatun, 2007.
I dag blir skulehuset brukt til møte og andre tilstellingar i krinsen

Av Marit Breden Romsås

Artikkelen er fyrste gong trykt i «Gåmålt og nytt frå Sel» bind III, 2005.

Da den nye skulelova kom i 1860, vart det meir fart i bygging av skulehus på landsbygda. Rett nok var det blitt fastskule med undervisning på faste stader, men neste steget stod att, nemleg å byggje skulehus i krinsane. Det var tronge tider, og bygdefolket kvidde seg for kostnaden som dei stort sett måtte bera åleine. Da var det godt å ha pådrivarar som såg kva verd ein god skule har, ein skule som kunne gjeva ungdomen nyttig lærdom.

Pål Drivnes fortel om eit brev som vart funne i Nigard Bu. Brevet var stila til selværane O. Weggum og A. Bu og var frå ordførar Lunde i Vågå. Det var svar på ein førespurnad om vedtak som var gjorde om skulehusbygging. Brevet var datert 16. mars 1865, og refererte mellom anna til det siste vedtaket i kommunestyret, nemleg at tømmer skulle utliknast på gardbrukarane, og krinsane skulle sjølve byggje sine eigne skulehus. Skulehuset på Solhjem i Bræbygden vart bygt fyrst etter 1870.

Det vart kjøpt eit jordstykke, eitt mål av Iver Solhjem for 15 dlr. nedanfor garden og like utanfor den gamle kongsvegen. Her skulle tomta til «Søndre Sels Skolehus» gjerast i stand. Det skulle gravast og planerast, og det var Anders Lykken som stod for dette arbeidet.

Det vart kjøpt to stuer av John Haugen for 210 dlr. medrekna tilkjøyring. Nå hadde det mykje å seia å ha flinke handverkarar som kunne ta eit tak. Knud Vangen og Peder Moen tok ned stuene, merka tømmeret og hadde alt arbeidet med oppatt-tømring og snekring. Syver Bolongen og Johannes Otbrat leverte skiferstein, og Ole Tollefstuen leverte glas til skulehuset. Vidare syner rekneskapen at det vart innkjøpt tømmer, plankar, golvåsar, og transportutgifter kom i tillegg.

Pål Drivnes fortel i «Årbok for Gudbrandsdalen» at sluttsummen for Solhjem skule vart 817 dlr. 9 skilling. I 1876 løyvde fylket 1200 kr til dette skulehuset, halvparten av kostnadsoverslaget på 600 dlr. Rekneskapen er datert 9. april 1878 og underskriven av Syver A. Bu. I eit brev til «Vaage Skolekommission» skreiv han fylgjande: «Det er nemlig det sørgelige Tilfælde med dette Skolehusarbeide som med de fleste tidligere at Udgifterne bliver meget større enn paaregnet.»

Nøyaktig kva år skulehuset stod foerdig og vart teke i bruk, veit ein ikkje, men det er truleg at Solhjemsskulen vart bygd ca. 1876.

Den fyrste læraren som starta lærargjerninga her, var Thore T. Kolstad frå Lesja. I 1860-åra vart han lærar i Sør-Sel og gjekk mellom Bræbygden og Ottadalen i over 40 år. Den fyrste tida budde han i Kringom. Seinare flytte han til Bræbygda og budde i skulehuset på Solhjem. Det er fortalt at han bar lesebøkene med seg mellom krinsane. Han hadde nemleg berre eitt sett lesebøker den gongen. Thore Kolstad var ein uvanleg snill lærar. Gamle elevar hugsar med glede da dei fekk to øre for å springe til Brævangen for å kjøpe ei snippe.

Elevar frå Solhjem og delvis Aasaaren krets 1895/96. Lærar Thore Kolstad.
1. rekke frå venstre: Fredrik Bekken, Syver Plassen, Mathias Wangen, Ivar Solhjem, Per Plassen, resten ukjent.
2. rekke frå venstre: Lærar T. Kolstad, Albert Andersen, Pål Haredalen, Olaf Eriksen, Ragnhild Breden, ukjent, Kari Skreden, Klara Breden, Anna Ekren, Kari Bredevangen, Marit Kolstad (utydeleg), ukjent.
3. rekke frå venstre: Ukjent, ukjent, Rønnaug Svingen, ukjent, Anna Dahle, Maria Bredevangen, ukjent, Marit Dahlelien, Bina Tullut, ukjent, ukjent.
4. rekke frå venstre: Ukjent, Ragnhild Solhjem, Kari Dahle, ? Svingen, Anne Svingen, ukjent.

 

Frå 1883 overtok Kari Ulmo småskulen i Sør-Sel. Ho heldt skule skiftevis på Solhjem, i Loftsgårdsgrenda og i Ottadalen.

Thore Kolstad hadde arbeisplassen sin på Solhjemsskulen i mange år til han slutta ved nyttår 1911.

Da overtok Reiel Dale frå Gloppen og var lærar det neste skuleåret. Det såg ikkje ut som han låg på latsida. I dagboka har han srivi fylgjande pensumoversikt for siste halvåret:

Gjennomgaaet

fra 25/9 til 22/12 – 1911:
I bibelhistorie fra Vandringen i Ørkenen
til Hjemkomsten fra Babylon.
Forklaring fra 1ste artikkel til 2den bøn.
Historie fra Olav den hellige til Harald Gille.
Geografi: Frankrike, Portugal og Spa-
nien, Italien, Østerike – Ungarn og Sveits.
Naturkundskap: til fuglene.
Rekning: Deling, brøk, flaterekning.

Solhjem skole 22/12 – 1911
R.J. Dale (sign.)

Det var nok fleire lærarar som var innom Solhjemsskulen framover for stuttare eller lengre periodar. Ein av dei var Oliver Otterdal. Eit gamalt bilete fortel at han var der i 1912, og Oliver Otterdal vart verande på skulen i fleire år. Det blir fortalt at han var ein ivrig skyttar. På Solhjem vr det skytebane. Fredagar etter skuletid lærte han interesserte elevar å skyte på blink, ein ynskjedraum for mange gutungar. Han slutta ved skulen 1. januar 1916.

Elevar frå Solhejm krets i 1912. Lærar er Oliver Otterdal.
Elevane er: Olga Svendsen, Julie Endrestad, Anna Moen, Anna Svendsen, Helmer Endrestad, Jonny Haugen, Amund Endrestad, Olaf Endrestad, Olav Ottbratt, Helene Solhjem, Paul Rudihagen, Karen Næprud, Anna Moen, Ola Einangen, Kristian Jordet, Petter Tullut, Hans Bakken, Anton Jordet, Fredrik Einangen, Kristian Næprud, Jon Endrestad, Iver Endrestad.

 

Seinare var Sigurd Bjørnstad lærar skuleåret 1917 og Johan Moen frå Gausdal skuleåret 1918.

Johan Nygaard hadde nettopp gått av for aldersgrensa, men aktiv som han var, heldt han fram med å vikariere i bygda, og dette fekk Solhjemsskulen dra nytte av. Han var å finne bak kateteret skuleåret 1919 og hausthalvåret 1920.

I 1921 kom Pål Drivenes frå Fitjar som eit friskt pust inn i skulestua på Solhjem. Han var nyutdanna frå lærarskulen, hadde nye tankar og friske idear som nå skulle setjast ut i praksis. Han vart verande berre 2 1/2 år. Hausten 1923 vart storskulen flytt til Otta og Drivenes fylgde med dit.

Det vart vedtatt i skulestyret å opprette ein sjudelt skule på Otta dit alle born i storskulen frå Solhjem og Aasaaren krins skulle gå. Vidare vart det vedtatt å opprette ein todelt småskule i Solhjem krins der ein nå skulle tilsetja ei lærarinne.

Marta Bredevangen vart tilsett i den ledige posten i 1923. Nå var det ho som skulle stå bak kateteret og svinge peikestokken i skulestua. Med lærarutdanning og skulepraksis kom ho heim att til Bræbygda for å virke ved den skulen der ho sjølv hadde gått. Marte, som ho vart kalla, var ei dugande lærarinne som vi hadde stor respekt for. I den todelte småskulen vrt det små klasser. Der hadde vi det trygt og godt både inne og ute, og Marte vart som ei mor for oss alle. Vi måtte arbeide jamt og trutt, for Marte sette si ære i å sende så flinke elevar som mogeleg til Ottaskulen. Men etter mange år ved Solhjemsskulen vart Marte sjuk og døydde 21. desember 1933.

Nora Kleiven frå Nord-Fron vikarierte skuleåret 1933 – 23. Frå hausten av byrja Else Frettheim frå Fåvang. Ho buddde på skulen og vrt verande i tre år. Da flytta ho attende åt lærarpost i heimbygda si.

Live Mohn overtok hausten 1937, men etter to år måtte ho setja nøkkelen i døra og låse att. Krinsen vart overført til Otta. Solhjemsskulen varnedlagt. Ein kjær grendeskule som hadde vore i drift i vel 60 år, vart borte.

Etter denne tid vart skulehuset berre brukt som opphaldsrom for skuleborna som venta på skulebussen. Fyrst i 1948 vedtok skulestyret og seinare kommunestyret å elja det gamle skulehuset til krinsen for kr. 1200,-. Krinsen hadde dermed fått sitt eige forsamlingshus. Huset er nå restaurert med mellom anna nye glas og toalett, og mykje dugnadsarbeid er lagt ned for å halde det ved like. Inne er det så forandra at ein knapt kjenner seg att, men dei gamle solbrende tømmerveggene utvendig er dei same. Innanfor desse veggene har bygdefolket fått opplæring i mange år. Her har dei òg vori samla i festlege lag.

I dag blir skulehuset brukt til møte og andre tilstellingar i krinsen.

I og med at krinsen overtok huset, fekk den gamle skulen nytt namn. Han vart døypt om til Aatun. Men for gamle elevar og andre i bygda er og blir han framleis Solhjemsskulen.