Drukningsulykka i 1826

Iver Blekastad, frå nigard Bu, skriv om denne henda i Årbok for Dølaringen 1931:

«Det var ein gong medan eg var heime i Bu, at han Mekkel Herasteine heldt på med noko utpå garda sine. Det var på vårsida, så at isen på elven tok te å veikne. Da fekk han Mekkel sjå det var slikt eit stim sørpå isa utanfor Bræevangen, mest som nokon skulde ha køyrt ned. Han tykte han såg kare som heldt på og skulde dra noko upp utur isa. Han tok tesprangs ned på nørdre Vangen og inn der etter hjelp, men da dei kom ut att så var det burte alt saman. Han Anders Bræe og ein te heldt da nettupp på og køyrde ved over isen åt Bræe frå andre sida. Eit par dagar etter dette hende, som dei nettupp var komne over med ei vending, så sa han Anders at da vilde ikkje han vera med meir, for isen var da så låk at det var hol i hol burtover; men dei skulde ivegen. Den andre kar’n tok da åt einsleg. Men da han var komen mest over så brast isen, og merra fór nedi. Så laut han Anders au ivegen att og nokre karar med honom. Dei fekk på reip på merra og tok te å dra upp, tri på kvar side. Men da brotna isen under dei tri, der han Anders var med; dei fór nedi og det siste dei andre såg av deim var at dei fór over ryggen på merra og under isen. – Det vart lengje før dei vart attfunne, men da var knuvann på den eine reint sundslege og naglan avkrafsa – han hadde nok arbeidt med å få hol på isen. Vatne hadde minka så det vart luftrom millom vatne og isen, og der hadde han nok livt ei tid og streva med å få redda seg.»

Dei to andre som drukna var Ola Johannesen Bondestad og Hans Knutsen Brævangen. Alle tre vart gravlagt ved Selskyrkja den 25. april 1826.