Jakop Stampen. Ein mann med uvanlege evner

Artikkel henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 1976, side 119, skrive av Adolf Gundersen:

Jakop var fødd i Stampen på Selsverket 01.12.1872.  Faren Jehans Stampen var kjent for å ha store evner i teknisk lei.  Han var og kjent som brubyggjar, og det skal vera han som m.a. har bygd den gamle brua over Finna i Vågåmo.  Sonen Jakop hadde nok ervt interessa for teknikk.  Alt i barne- og ungsdomsåra synte han gode evner i den lei, er det sagt.  Som vaksen var han mest umetteleg når det gjaldt å skaffe seg kunnskap.  Han fekk med tida ei utdanning som var uvanleg for folk her den gongen.  I fleire år var han i maskinlære på Ådal Bruk.  Da han slutta der, reiste han til Trondheim og lærte steinhogging ved domkyrkja.  Idèar og pågangsmot hadde han i fullt mon.  Da jernbana kom åt Otta i 1896, tok han til med kleberdrift i Sel.  Han bygde vegar i Åsårlia for å få tak i kleberen innpå åsen.  Det er fortalt at han hadde opptil 150 mann i arbeid ei tid, og det gjekk bra eit par år, men så vart det brått slutt.  Kva årsaka var til det, har eg ikkje høyrt, truleg var det vanskar med avsetnaden.  Men det han tok til med der, har seinare vorte ein bra industri i Sel og Vågå.

Jakop var nok heller ikkje blind for dei verdiane som låg i vasskrafta.  Saman med ein annan kjøpte han fallrettane i Eidefossen på Lalm i 1900.  Det var sakte meininga å byggje ut fossen, men det var ikkje så lett å få lån til slikt den gongen.

I 1901 reiste Jakop til Amerika og busette seg der.  Det var truleg rette staden for ein med hans utdanning og verketrong.  Fyrste arbeidet hans der borte var på forsøksavdelinga på International Harvester, der han var nokre år.  Etter å ha slutta der, tok han til som separatorfabrikant.  Han fann opp store forbetringar på mjølkemaskina og kom inn ved brørne Babsons mjølkemaskinfabrikk i Chicago, der han vart teknisk leiar, ei stilling han hadde til han var mest 80 år.

Jakop var gift med Kari Mæhlum frå Bræbygda.  Dei hadde fått seg ein triveleg heim i Hollywood, og da han slutta hjå brørne Babson, innreidde han ein verkstad i kjellaren under huset.  Der dreiv han framleis og eksperimenterte med mjølkemaskin for ku og geit.

Her i bygda har det vore sagt at det var Jakop som fann opp mjølkemaskina, men det er nok ikkje rett, for brørne Babson hadde alt fabrikk for mjølkemaskinor da Jakop kom dit.  Ein må vel gå ut ifrå at det var dei som hadde funne opp mjølkemaskina, men at Jakop forbetra ho.

Sjølv om Jakop grodde fast i det nye landet, gløymde han ikkje fødestaden sin på Sel.  Han var her fleire gonger, siste gongen i 1947, og han hadde planer om ein tur til.  Den turen vart ikkje noko av.  Han døydde den 15.03.1958.

Jakop var truleg den mest kunnskapsrike mannen som var fostra på Sel den tida.  Berre synd at ein slik som han ikkje hadde arbeidsvilkår her i landet, men måtte reise ut for å finne virkefelt for kunnskapane og idèane sine.