100-åring i Kvam

Artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1960, side 177-178, skrevet av O.A. Torgersrud:

Maria Resset på Veikle gamleheim fylte 100 år den 19. mars.  Det er ikkje mange som når den høge alderen.  Og av dei som gjer det, er det enda færre som rundar 100-årsdagen i såpass bra vigør som ho Maria.  Lita og lett er ho, og hardt har ho slite gjennom eit langt liv.  Heilt til for tre år sia stelte ho for seg sjølv i den vesle stua si ved Sandbu på Sjoa.  Etter den tid har ho vore på gamleheimen, og i det siste har ho halde seng mykje av tida.  Men bortsett frå at hørsla har svikta sterkt, er ho framleis i full åndeleg form.  Ho hugsar både godt og sikkert frå gamal tid, ho er frisk i replikken og har eit ungdommeleg glimt i augo og eit velsigna humør.

Men sjølv om hørsla har svikta, så har ho da synet så ho kan lesa.  Til og med handskrifta tek ho både snøgt og greitt.  Og når ein skriv spørsmåla til henne, let ikkje svaret bie svært lenge på seg.  Det var denne metoden vi måtte ta i bruk for å få høyre nokre drag frå det lange livet hennar.  Og når ho fyrst kom på gli med minnetrådane frå gamle dagar, vart det reint forunderleg å høyre kva som dukka framatt frå ei tid som er historie for oss som lever i dag.  Men eg hugse best frå langt atti tida sa ho, det nyare er mest som vorte meir borte for meg.

Eg kom te verda på Dalseggvollen i Sør-Fron, der far min var frå, fortalde ho.  Mor mi var frå Mæhlumsløkken ved Sjoa.  Som småjente var eg med foreldra mine i Østerdalen, der døm hadde hus og arbeid på ein gard.  Kona der va dotter åt’n prest, men ho hadde vorte glad i bondeguten og ville ha han og ingen annan.  Sjølv tykte bondeguten at han ikkje var god nok te å bli mannen hennar, om han likte henne aldri så mykje.  Men jenta gav seg ikkje før ho laut få viljen sin og bli bondekone.  Det var ei tapper ei, det.

Eg vaks elles opp på Sjoa, og vi gjekk på skule på Ny-Sandbu den gongen.  Læraren vår heitte Nils Hansen.  Nokon annan skule har eg alder gått på.  Fyrste gongen eg drog ut på langferd for å ta meg tenest, var eg 18 år.  Da gjekk eg til Romsdalen og var på ein gard der i to år.  Det var skysstasjon på garden, og garden låg under Romsdalshornet.  Det peikte ende te himils og va forset så høgt.  Har du sett Romsdalshornet?

I ungdomsåra tente eg mykje som budeie og fòr vidt omkring.  Ei tid var eg i Rønningslåa i Skåbu.  I to år va eg budeie hos Kristoffer Ihle på Haug i Stange.  Der hadde eg tjuge mjølkenaut og stort stell.  Og så var eg onnejente på Aulestad i Gausdal i fire somrar.  Eg hugsar eg gjekk te fots frå Sjoa og te Aulestad.  Der var det fint å vera.  Det va’n Erling som hadde garden, og Bjørnson sjølv va mest i utlandet.  Men av og te kom’n heimatt, og ’n hadde ofte mange fine gjester hos seg.

Jau, Bjørnson va ’n snill og god mann, og ’n gjorde så mykje godt for andre.  Eg hugser det var ein fattig familie nær Aulestad som hadde stugu fullt tå onge, og som hadde svært lite å leva tå.  Da tok Bjørnson og fekk te ein fest te inntekt for desse fattige folkom.  Det va pent gjort, tykte eg.

Etter eg vart eldre, dreiv eg mest på dagarbeid i grenda.  Men så fekk eg alderstrygd, og det var ei stor hjelp.  Da vart eg så glad.

Om eg har hatt god helse?  Å, det har nok hendt eg har vore låk au, men det har støtt retta seg att.  Men budeistell og utearbeid tykte eg vart for tungt etter eg vart gamal.  Så laut eg ta meg te någå som va lettare.

Slik sit hundreåringen og leitar minne fram att, seint, men sikkert.  Og så slår ho ut i ein frisk latter.  Smilande og glad og lykkeleg sit den vesle, arbeidsslitne kvinna i stolen sin, etter ein arbeidsdag som ingen av oss har evne til å forstå.  Styrarinna kan fortelja at slik er ho alltid, ein strålande representant for slitaradelen i Noreg.

Maria Reset på 100-årsdagen.
Hans Sandbu til venstre og prost Ingvald Skaare til høyre for jubilanten.

Fra venstre: Ragnhild Sandbu f. Veggum delvis skjult, Kari Brekken f. Storrusten, Anne Slette, jubilanten, og bestyrerinna på Veikle i rondstakk.