Buflåten-folket frå Sel

Av B.M. Ottesen

Årbok for Gudbrandsdalen 1957

Høgt oppi lia heilt opp under åskammen på vestre sida av Bræebygda, ligg Buflåten. Ein kan sjå denne vesle heimen så vel frå riksvegen nedi dalen: Ei grå, versliti stugu nørdst. Attmed ein bygning som står slik til at den og stugu og 2-3 små uthus laga reit lite firkanta tun. Og så synst den eldgamle låven, svartsteikt av sola. Ned for husa er det mange mål dyrka jord i bakkehellet. Sør for låven, berre nokre meter burte, kjem Mæhlums-åa ned gjennom det tronge skardet og dreg til dals. Nedunder Buflåt-jordet går grensa mellom Sel og Fron langs etter lia. Buflåten er den synste heimen i Sel.

Ved førre århundreskiftet var det ingen bustad der oppe, ikkje dyrka mark ein gong, berre utmark med lauvskog som høyrde Øvre Bu til. Men ikring 1803 vart Søre Buflåten rydda og bygd. Seinare vart det to bruk til, Midtre og Nordre Buflåten. Det var hus på alle tre bruka. No er det berre på Søre Buflåten husa står att. Men tuftene der dei andre husa sto, kan ein enno finne. Alle tre bruka høyrer no til ein og same eigaren. Ingen bur fast der opp i våre dagar.

Ivar Horgje heitta han som vart eigar av Øvre Bu for 150 år sia. Han var gift med Tora Espe. Båe to var komne frå Heidal. Dei hadde 11 born. To av døtrene heitte Marit. Den yngste av dei var født i 1775. Ho vart gift med den Lars som ikring 1803 rydda og bygde Søre Buflåten. Han var født i 1773, og kalla seg Lars Buflåten frå den tida han busette seg på rydningsplassen sin. Det er nok dei husa han bygde som enno er å sjå der oppe. I dei oppskrifter Ivar Blekastad i Gausdal har vore mann for, ser ein at Lars hadde etternamnet N.Loftsgård. Dette tyder på at han var av Nordigards-folket. Sume meiner at han var bror til Jakop Loftsgård f. 1785. Er det noko i det, så var dei berre halvbrør. Far hans Jakob heitte Ola. Men Syver var namnet til far hans Lars.

I 1799 finn ein Lars og Marit på Ulvollen. Eldste barnet deira, Syver, var født der same året. I 1801 er Lars nemt som brukar av halve Ulvollen. Den andre helvten hadde Frik, syskjenbarnet hans. Om desse to var eigarar av garden eller berre brukarar, veit ein f.t. ikkje visst.

Når Lars var å finne som rydningsmann på Buflåten ikring 1803, må han anten godviljugt eller etter «press» ha gjeve parten sin frå seg. Ein kan vel gå ut frå at verfaren hans baud han Buflåten til odel og eige. I kyrkjeboka for Vågå-Sel ser ein at i 1807 er Buflåten kalla Bueie.

Lars og Marit hadde 6 born:

    1. Syver f. 1799 på Ulvollen. I 1825 kom han til Trysil, og vart tenestkar der hjå sokneprest Stenersen. Fire år etter gifta han seg med Kersti f. 30.9.1808, dotter åt gardbrukar Halvor Halvorsen og h. Kersti Olsdtr. Mehagen. Syver vart bygselmann i Bekkestugua, ein part av Hammersgård, 1 ½ km nord for Trysil kyrkje. Han kalla seg no Syver Bekkestugun. De 19. sesbr. 1840 kjøpte han heile garden av generalkrigskommissær Mathiesen for 1400 spd. Eldsete sonen, Halvor, tok over garden 1. aug. 1863 for 600 rdl. Garden hadde då 21 mål åker og eng, og fødde 3 hestar, 16 naut og 30 småkrøtter. Til garden hørte to setrer, Korsberget og Østerås, og nokre utslåttar. Halvor selde fyrst unna ein part av garden, i 1874 heile garden, og flutte til Korsberget, der han truleg budde til han døydde 26.11.1924. Han var gift med Oline Busk f. 21.11. 1837 d. 3.12. 1902. Dei hadde 1 son. Syver Larsen døydde 15.10. 1865. Han hadde 7 born.
    2. Tora, f. ca. 1803 g.m. Elland Lien fra Røssumlien i Kvam. Han var møllar. Dotter deira, Anne, vart g.m. Knut Moen frå Søre Einangen. Sonen, Ola E. Lien, gifte seg med Anne O. Bræe, dotter til Ola Bræe.
    3. Iver, f. 1807, g.m. Imbjørg Ottekren, syster til Knut Ottekren som vart gift med Synne Sjursdtr. Nedre Bu. Iver og Imbjørg hadde 2 born: Kari og Lars. Kari gifte seg med Jo i Skaret. Han var frå den plassen som no har namnet Slette, sør for Mæhlums-åa.
    4. Mari, f. 1810
    5. Kristen, f. 1812, g.m. Marit Gutormsdtr. F. 1818 frå Nordre Solgjems-Brennom. Kristen fekk rydde seg buplass oppe i lia ovanfor Ottekra, på Linlykkja. Der fekk han opp ei stugu og eit lite tilbygg, der han hadde rom til ei ku. Det vart trælsamt å skaffe foret. På fjellet ved Mysusætra sanka han måså. Den drog han heim på kjelke og bar måsån på ryggen opp den bratte bakken. Skikkeleg veg fanst det ikkje til Linlykkja. Noko betra var det å gå opp frå Vesl-Ottekra. No er det berre husmuren att på denne lykkja. Snart er den og borte, for skiferbrotet nedunder et seg lenger og lenger opp og innover berget.

Marit var ei tid budeie på Ås-setra ovanfor Kleivrudlia. Det var vel for folket i Ner-Dale ho stelte. Der oppe fekk ho andre dottera si, Rangnhild f. 3. aug. 1855.

Kor lenge Kristen og huslyden hans budde i Linlykkjun, veit eg ikkje. Truleg var dei der så lenge han var god for å gjera arbeidsplikta si på Ner-Dale. Men så kom den dagen då sonen hans, han Gunder, flutte stugu ned til elvekanten ved Lågen, og bygde ho oppatt på Sørmoen. Der budde Kristen og Marit til han døydde ca. 1886. Marit kom seinare til dottersonen sin, og døydde på Fevollen hausten 1903, 85 år gamal.

Kristen og Marit hadde 6 born:

1. Marit f. 1845, d. 1928 på Storrusten, Dovreskogen.

2. Lars f. 25.10.1848. Han reiste til Nordland, og vart gift med Frederikke Enoksen f. 1861. Dei busette seg i Buvik, synst på Senja, og der bur nokre av dei 8 borna deira enno.

3. Gunder f. 1850 var fyrst gift med Ragnhild Olsdtr. frå Sulheim i Lom. Dei hadde ei tid Ottekra, som dei kjøpte av Syver Hamn. Han reiste til Amerika, men kom heim og tok garden att på odel. Det var ikke nok for han Gunder. Men verre vart det då han i 1889 miste kona si, og sat att med 4 små born, den eldste ikkje meir enn 8 år gammal. Då var det han fekk koma til Viken, det vesle bruket som ligg oppved Otta, og høyrer til ein av Togardane. Syster hans, ho Marit, kom då åt han og vart ei god «mor» for borna.

Ei tid etter gifte Gunder seg med Kari Vetl-Ruste. Dei hadde 2 born som enno lever i Vetl-Ruste. Gunder døydde i 1919.

4. Ragnhild var som før nemd fødd i 1855. Ho tente i 4 år på Nordigard Loftsgård hjå Ola og Ingrid. Så kom ho som budeie til Gunder og Kari Moen på Selsverket. Men det bar nordetter med henne og. Det var visst i 1880. Ho feste seg på ein gard ½ mil frå Harstad, og der vart ho gift med Otto Olsen, som var fiskar. Dei fekk seg eigen heim i Ervik i nærleiken, og der budde dei til 1910, då Otto kjøpte eit par tomter i Harstad og flytte huset sitt dit. Han dreiv då som målar.

I 1921 fekk Ragnhild sjå heimbygda si att, og då laut ho opp til Linlykkja. Der sat ho den fine sumardagen og hadde atter det fagre utsynet over Ottadalen, Bræebygdé og nordetter til kyrkja, og endå lenger. Og tankane fòr attende til den tida ho var smågjente der oppe, og i lag med mor og far og syskjen. No var dei burte. Ho sat der åleine og hugsa så mangt. Men i Verkensbakkom fann ho Berte Stampelykkjun som ho tente saman med på Mo, og då vart det mykje dei to hadde å fortelja kvarandre.

Ragnhild vart mor åt 5 born. Berre to av dei lever enno. Ragnhold døydde i Harstad 1923, 68 år gamal. Otto døydde i 1935, 75 år gammal.

5. Anne f. 1860 tok og vegen til Nordland. Der råka ho på Ola Bakken frå Skjåk og gifte seg med han. Ola var forpaktar på Trondenes klokkargard. Denne forpaktinga hadde han til garden vart utparsellert og seld i 1910. Då kjøpte eldste sonen hans ein stor part av utmarka, og tok til å rydde og bygge eigen heim, som fekk namnet Heggen. Anne og Ola hadde 11 born. Den yngste er lækjar. Anne døydde i 1933, Ola i 1928.

Mari, den yngste av borna hans Kristen Linlykkjun, reiste i 1896 til Sollia og tok seg tenest på garden Brænd ved Atnasjøen. Der døydde ho året etter, ikring 21 år gammal.

  1. Ola Larsen f. 1817 vart gift til Midtre Slåen i Ottadalen. Han hadde 4 born:
  1. Lars O. Slåen, f. 1853, d. 1928 g.m. Ingrid Syversdtr. Gutormslykkjun.
  2. Syver Olsen f. 1856 var skreddar, g.m. Karen frå Oppdal. Dei reiste til Amerika, var eit år i Duluth, Minnesota, men kom att. Syver var skreddar på Otta til han reiste andre gongen til Amerika i 1905. Han døydde 7.9.1930, 74 år gammal.
  3. Marit, g.m. snikkar Ole Brun. Dei reiste til Nordlang saman med Ole Sørlie, Otta, og dreiv snikkarverkstad i nærleiken av Ervik, der Ragnhild og Otto budde. Brun var den fyrste der nord som lage sparkkjelke. Han mista ei lita gjente der opp ved ei ulykke, og då var det liksom ikkje noko ved å vera der lenger. Brun og Sørlie reiste attende til Otta. Nord for Loftsgårdbrua bygde Brun ein heim til seg og sine, og der dreiv han snikkarverkstad i mange år. Brun var ein ivrig losjemann.
  1. Tora vart gift til Brånålykkja i Bræbygda. Mannen hennar var visst frå Svingen.

Som ein ser er mange av etterkomarane hans Lars Buflåten spreidd vidt ikring i landet. Dei har funne seg nye heimar, der ætta framleis aukar.