Han Anton Stanvick frå Sjoa

Anton A. Stanwick, fotografert i Amerika i 1904

Av Adolf Gundersen

(Artikkelen er henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 1965, og er lagt ut med løyve frå utgjevar.)

Han Anton Stanviken frå Sjoa va født den 24. juli i 1874. Det va nok meininga at han skulle vorte gardbrukar, for han va einastesonen på garden. Men han Anton hadde ikkje hug te det.  Og så vart det te di at ‘n tok te i smedlære.  Kem han hadde te læremester, hugsar eg ikkje lenger. Men eg har hørt fortalt at han va med og smidde da den førre Kollobrua vart bygd.  Det va ei trebru med någå vederstyggelege grove jønnskruver.  Om eg ikkje hugser i miss, så va døm over to tummer i tverrmål og sikkert tri meter lange, så det va rett någå å ampast med.

Å snitte slike skruver med håndmakt skulle det sanneleg krefter te. Men krefter var ein ting som ikkje vanta hos ‘om Anton.  Eg har hørt fortalt at i ungdomsåra hans fòr det rundt ein kar med ein tam bjøynn.  Han hadde framsyningar omkring i bygdom og sette opp store pengesummar åt døm som ville freiste seg og vinne over bjøynn i ryggtak.  Det va sjølsagt ikkje mange som våga seg i ryggtak med sjølve bamsen, men han Anton tok nå den kula au, han.

Det va framsyning på Otta den gongen, og han Anton va der. Da det vart lyst ut at det va høve te å freiste ryggtak med han bamsefar, og at det va pengar å vinne, meldte han Anton seg straks. Dermed baska det i hop med han og bjøynn, og det vart rett någå te basketak au, har døm som va der fortalt.  Te slutt gjekk det så vidt at bjøynn heldt på å tåpå for kjempekreftom hans Anton.  Men da vart bjøynn så sint at døm måtte slutte før kula va avgjort, for bjøynn tolde nok ikkje å tåpå han.  Han hadde full ikkje tapt før, va von.  Men om han Anton hadde fått halde på, hadde han nok lagt bjøynn i bakken.  Så han måtte eige krefter som ein ikkje ser nå te dags.

Som så mange andre i di tidom, fòr au han Anton over te Amerika.  Det va der han gjorde om att namnet sitt te Stanvick, og det namnet brukte han sea.  Om han dreiv som vanleg smed i Amerika i fystninga, veit eg ikkje.  Men siste åran han va der, va han i alle fall med og arbeidde på ein vognfabrikk.  Den store hobbyen hans va musikk.  Han kunne spela på mest kåslag instrument han ville.  Men sjøl likte han seg visst best på gitaren, for det va den han brukte mest.  Og slik gitarmusikk er det sjeldan å få høre nå te dags.  Det va ikkje denne seige klonkinga med eit grep i dag og eit i mårgå. Nei, det va eit liv over både musikken og sangen, som du ikkje skulle hørt maken te.  De va helst religiøse sanger han brukte.  Men døm va friske og kveke og ikkje slike tunge og seige, som ein ofte hører her nå.

Etter at han slutta arbeidet ved vognfabrikken, dreiv han te og med som musikklærer ei stund der borti «Juneiten».  Og han fekk jamvel diplom for musikken sin.  Men så vart det te at han sa Amerika farvel og reiste heimatt åt fedrelandet og heimgrenda på Sjoa og vart der resten tå livet sitt.  Sterk og arbeidsfør som han ennå va, kunne han ikkje trivast med å gå arbeidslaus.  Og så starta amerikanaren oppatt som bygdesmed i den gamle gardssmiua i Standviken.  Denne smiua va eit gamalt tømrahus, og ei natt brann ho ned.  Da støypte han Anton seg ei ny og større smiu.

Der dreiv han i mange, mange år.  Og mangt og mykjy vart gjort i smiua hans Anton.  Og pent og velgjort va alt som kom i frå  hendom hans.  Det va ikkje någå fusk der, skulle eg tru.  For han Anton va tå di gamle, gode håndverkarom som sette si ære i støtt å gjera fullgodt arbeid.  Han kunne ikkje levere frå seg någå, dersom det ikkje va gjort på beste måte.  Og så hadde han ei arbeidslyst, ei arbeidsglede og eit pågangsmot som ein sjeldan ser makan te.  Det va nok ingen åttetimars dag i smiua hans Anton.  Når han heldt på med någå som interesserte han eller som det hasta med, kunne han nok arbeide ti og tolv timar i eitt.

Men alderdomen kom med tida au te å setja sine merke på ei kjempe som han Anton.  Synet tok te å svikta, og føtene like eins. Te slutt måtte han leggje vekk smiu-håmmår’n sin for godt. – Det vart stor saknad etter ‘om Anton her i grenda.  Han va så beinksam og god å finne, når någå skulle vølast eller någå nytt skulle gjerast. Der fekk du støtt hjelp og godt arbeid av ein gamal og god handverkar med både røynsle og innsikt.