Heradalen

Av Hans-Olav Hansen Møller

Fyrste husmannen i Heradalen var ein Jon Paulson, fødd på lag 1725. Han vart gift med Mari Paulsdtr den 24. april 1753, og ein av kausjonistane var Just Åsåren, så truleg var dei frå Ottadalen. Då sonen Paul vart døypt i oktober 1760, var faddarane frå Kongsparten og Bollongen.

Vi finn att Jon i eit forlik mellom han og Dorotea Dampe, enkja etter handelsmannen Ole Dampe, dagsett 13. april 1772. Der går det fram at “Joen Poulsen nu boende paa Pladsen Herradalen under gaarden Breden”, hadde lånt pengar og kjøpt inn handelsvarer frå Kristiania.  Låna hadde han ikkje betalt attende, og varene hadde vorte selde på tvangsauksjon våren 1765. Dorotea Dampe hadde teke over gjelda etter forliket, og elles hjelpt han med sakskostnadane. “I betragtning af hans Fattige omstændigheder” hadde ho også gjett han 20 Rdl!

Alt året etter, i 1773, låner Jon 30 rdl av Tor Stenerson Faugstad, mot pant i: 1 ku “Flechros”, 1 “Dito Quelros”, 10 sauer og lausøyre. Skulle noko av dette verta øydelagt, kan Tor Faugstad få bruke ein opprydda åker kalla “Nyageren”. Denne panteobligasjonen vart avlyst i 1783. I 1793 fekk Jon Paulson tinglyst husmannskontrakt på Heradalen samstundes med dei andre husmennene på Bræe.

I 1801 er Jon og Mari føderådsfolk i Heradalen. Sonen Paul og kona Barbro Pedersdtr er plassfolk. Barbro var visst frå nedre Heidalen. Dei hadde mange barn som vanleg var, men det vart den nesteldste sonen Ola som tok over plassen. Kona heitte Ragnhild Hansdtr og var frå Runningen (Solhjemseie).

Dei to sønene til Ola og Ragnhild delte plassen mellom seg. Den eldste, Paul, fekk festeseddel på Heradalen i 1852, og broren, Jon, fekk kontrakt på øvre Heradalen i 1853.